Hopp til hovedinnhold

​​Arbeid med dei yngste barna​

Nasjonale planar

5. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

5.1 Emne 1: Etisk grunnemne i oppvekstfag

Det innleiande emnet er eit fellesemne for oppvekstfagutdanningane. Formålet med emnet er å gi studenten ei god innføring og grunnleggjande kunnskap knytt til oppvekstfag. Det skal leggjast vekt på studiemetodar og studieteknikk tilpassa nivå for høgare yrkesfagleg utdanning. Emnet tek òg for seg kva som kan påverke barnesynet, både i samfunnet og blant enkeltmenneske. Studenten får ei innføring i pedagogikk og didaktikk med tilhøyrande omgrep. Etikken blir framstilt som sentral og er gjennomgåande i heile emnet.

EmneStudiepoeng
Etisk grunnemne i oppvekstfag 10

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • kan gjennom ulike studiemetodar oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin
  • har innsikt i regelverk, lover, forskrifter og andre styringsdokument som er relevante for det etiske grunnemnet
  • har kunnskap om pedagogiske omgrep, didaktiske prosessar og andre verktøy som blir nytta i arbeid med dei yngste barna i barnehagen
  • forstår si eiga yrkesetiske betydning i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv knytt til barnesyn
Ferdigheiter

Studenten

  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for yrkesetiske problemstillingar
  • kan bidra med fagkunnskap i dialogen rundt ulike problemstillingar på eigen arbeidsplass
  • kan ta i bruk ulike pedagogiske og didaktiske verktøy
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for aktuelle yrkesetiske verdiar og haldningar
  • har forståing for kor viktig det er å skape relasjonar med enkeltindivid
  • kan utvikle og tilpasse si eiga yrkesutøving med omsyn til pedagogiske metodar og didaktiske verktøy

Sentrale tema

1a. Studiemetodar og studieteknikk

  • Aktiv læring
  • Progresjon
  • Kritisk tenking og refleksjon
  • Etisk grunnsyn

1b. Barnesyn i stadig endring

  • Haldningar og verdisyn
  • Ulike styringsdokument
  • Profesjonsetikk/yrkesetikkForsking og utvikling
  • Pedagogiske diskursar

1c. Pedagogikk og didaktikk

  • Pedagogisk verksemd
  • Observasjon og observasjonsmetodar
  • Pedagogisk dokumentasjon og ulike pedagogiske verktøy
  • Meistring
  • Danning
  • Relasjonar

5.2 Emne 2: Dei yngste barna: tilknyting og relasjonar

Emne 2 skal gi studenten kunnskap om kor viktig tilknyting og relasjonsarbeid er når tilsette skal møte små barn og familiane deira. Det er fokus på foreldresamarbeid og medverknad i eit kulturelt mangfald. Emnet legg vekt på vaksenrolla og korleis omsorg, gode relasjonar og anerkjennande samspel påverkar trivsel og meistring blant barna.

EmneStudiepoeng
Dei yngste barna: tilknyting og relasjonar 10 studiepoeng

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om tilknyting og relasjonsarbeid blant dei yngste barna og korleis dette verkar inn på utviklinga og trivselen til barna
  • har kunnskap om vaksenroller og betydninga av samhandling med og tilrettelegging for dei yngste barna
  • har kunnskap om det viktige foreldresamarbeidet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan vere proaktiv i relasjonsbygging og tilknytingsprosessar
  • kan setje i verk relevante tiltak for å gi barn og foreldre gode rammer for tryggleik og trivsel
  • kan bidra til å byggje gode relasjonar mellom barn og mellom barn og vaksne
  • kan innhente ny kunnskap og evaluere sitt eige arbeid
Generell kompetanse

Studenten

  • kan nytte relasjonskompetanse for å møte dei yngste barna og familiane deira med respekt og tillit
  • har evne til å sjå kor viktig gode og gjennomtenkte rutinar er for ein trygg barnehagekvardag

Sentrale tema

2a. Trygg tilknyting

  • Tilknytingsmodellar
  • Relasjonar
  • Stress og stressfaktorar

2b. Det viktige foreldresamarbeidet

  • Eit mangfaldig samfunn
  • Samtalar og foreldrekommunikasjon
  • Ansvaret i relasjonen
  • Medverknad

2c. Vaksenrolla

  • Samregulering
  • Anerkjennande samspel
  • Omsorg
  • Innramming – autoritative vaksne

5.3 Emne 3: Tidleg innsats

Emne 3 framhevar kor viktig tidleg innsats er for det enkelte barnet, og korleis det påverkar den livslange læringa. Livsmeistring og helse står sentralt, og det blir lagt vekt på korleis dei tilsette kan jobbe for å fremje suksessfaktorar i barna sitt liv og styrkje eit godt og trygt psykososialt barnehagemiljø. Studenten vil vidare få kunnskap om barn i risiko og barn i sorg og om førebyggjande arbeid knytt til krenkingar, vald og mobbing.

EmneStudiepoeng
Tidleg innsats 10 studiepoeng

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om tidleg og tilpassa innsats
  • har kunnskap om barn i risiko
  • forstår betydninga av dei yngste barna sitt behov for tryggleik, omsorg, utvikling og meistring i eit samfunnsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan identifisere behova til barnet både på individ- og gruppenivå
  • kan setje i gang tiltak slik at det enkelte barnet opplever livsmeistring
  • kan innhente ny kunnskap og evaluere sitt eige arbeid
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i og forståing for barnets medverknad i eit danningsperspektiv
  • har innsikt i kor viktig tidleg innsats er for livslang læring

Sentrale tema

3a. Betydninga av tidleg innsats

  • Identitet og identitetsutvikling
  • Motivasjonsteoriar
  • Risikofaktorar og beskyttelsesfaktorar

3b. Livsmeistring og helse

  • Fysisk og psykisk tilnærming til helse
  • Styrking av barns sjølvkjensle, trivsel og velvære
  • Medverknad

3c. Barn i risiko

  • Barn i sorg
  • Førebyggje krenking, vald og mobbing
  • Slik kan barnehagen jamne ut forskjellar

5.4 Emne 4: Utvikling, leik og vennskap blant dei yngste barna

Emne 4 tek for seg utvikling, leik og vennskap blant dei yngste barna. Studenten vil få djupare kunnskap om utviklingspsykologi og språk. Leiken står sentralt i emnet, og det er lagt vekt på barnets veremåte i toddlerleiken. Studenten får ei innføring i korleis vaksenrolla bidreg til å skape gode leikemiljø og til å utvikle leik og nære vennskap. Vennskap blir sett i samanheng med sosial kompetanse.

EmneStudiepoeng
Utvikling, leik og vennskap blant dei yngste barna 10 studiepoeng

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om ulike teoriar i leik og om kor viktig leiken er for utvikling og læring
  • har kunnskap om sansestimulerande og intellektuelt og emosjonelt stimulerande aktivitetar og kor viktige dei er for den heilskaplege utviklinga til dei yngste barna
  • forstår kor viktig vennskap er for trivsel og livsmeistring
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte teoriar om leik og leggje til rette for og delta i leike- og utviklingsaktivitetar
  • kan kartleggje leike- og utviklingsmiljø, identifisere utfordringar, sjå moglegheiter og setje i verk tiltak
  • kan innhente ny kunnskap og evaluere sitt eige arbeid
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for korleis barnet utviklar seg i eit heilskapleg perspektiv, og legg til rette for at det enkelte barnet får gode høve til å oppleve utvikling, leik, vennskap og læring

Sentrale tema

4a. Utvikling

  • Utviklingspsykologi
  • Den sensitive hjernen
  • Språk

4b. Leik

  • Den leikande veremåten til dei yngste barna
  • Vaksne i leik
  • Like moglegheiter i lek
  • Toddlerleiken

4c. Vennskap

  • Sosial kompetanse
  • Kva betydning har vaksne for barns vennskap?
  • Organisering av barnehagedagen

5.5 Emne 5: Praksis i arbeid med dei yngste barna

Praksis blir gjennomført som utplassering eller som utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass innanfor fagfeltet. Utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass består i å førebu, planleggje, gjennomføre og evaluere eit forbetringsarbeid knytt til sentrale tema i utdanninga. Alle studentar i praksis, både utplassering og utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass, skal ha rettleiing i praksisperioden.

EmneStudiepoeng
Praksis i arbeid med dei yngste barna 10 studiepoeng

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om profesjonell yrkesutøving, yrkesetikk og arbeidsplassen som pedagogisk verksemd
  • har kunnskap om iverksetjing av didaktiske prosessar og utprøving av tiltak
  • har kunnskap om tilknyting og relasjonsarbeid og korleis dette verkar inn på utviklinga og trivselen til barna
  • har kunnskap om utviklinga til dei yngste barna og kva ho har å seie for meistring og livslang læring
Ferdigheiter

Studenten

  • kan byggje relasjonar med barn og føresette på ein respektfull og anerkjennande måte
  • kan delta i dialog og diskusjonar om faglege problemstillingar
  • kan identifisere behova til det enkelte barnet både på individ- og gruppenivå
  • kan setje i verk relevante tiltak for å gi barn gode rammer for tryggleik, trivsel og meistring
  • kan bruke leik som metode for at barn skal utvikle seg og få gode venner
  • kan innhente ny kunnskap og evaluere sitt eige arbeid
Generell kompetanse

Studenten

  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som speglar verdigrunnlaget i lover og styringsdokument
  • har innsikt i kor viktig tidleg og tilpassa innsats er for livslang læring
  • kan reflektere over eigne og andres haldningar, idear og handlingar
  • kan argumentere for sitt eige syn basert på faglege vurderingar og oppdatert forskings- og utviklingsarbeid

5.6 Emne 6: Fordjuping i arbeid med dei yngste barna

Studenten skal skrive ei fordjupingsoppgåve om eit sjølvvalt tema og ei sjølvvald problemstilling og med utgangspunkt i det overordna læringsutbyttet for utdanninga. Studenten skal vise evne til å bruke relevant teori og erfaringar frå si eiga yrkesutøving til å drøfte den aktuelle problemstillinga. Studenten skal ha tilbod om rettleiing under arbeidet med fordjupingsoppgåva.

Emne Studiepoeng
Fordjuping i arbeid med dei yngste barna10 studiepoeng