Hopp til hovudinnhald

Studietur til Agder

Publisert: 25. juni 2024

Nasjonalt fagskoleråd har vore på studietur til Agder. Programmet inkluderte fagleg påfyll, sosialt samvær, bedriftsbesøk og besøk hos to fagskular.

Medlemmer i Nasjonalt fagskoleråd er avbildet, leder i forgrunnen

Nasjonalt fagskoleråd, medlemmar.

Foto: Rihal

Roger Finjord: Om verdiar

Roger Finjord opna studieturen med eit foredrag om arbeidsmiljø og trivsel. Kvifor vert nokon sjuke av å vere i bestemte grupper, medan andre er redde for å verte sjuke slik at deiikkje kan gå på jobb? Finjord peikar på at rammene er dei same, men opplevinga er ulik. Han reflekterer òg over kva som gjer at enkelte menneske er spesielt sakna når dei er borte, og kva som gjer at nokon ser talent i andre.

Finjord understrekar kor viktig det er å skape øyeblikk saman. Han meiner at sjølv i ein alder av 72 år er det viktig å verteanerkjend for det ein er flink til. Mor Theresa sin filosofi om å kjenne og elske sine medmenneske står sentralt i Finjord sine tankar. Rogeroppmodarådsmedlemmane til å sjå menneske ein møter innanfrå og seg sjølvutanfrå.

Fagskolen Noroff – Vekst og internasjonalt samarbeid

Fagskolen Noroff har opplevd stor vekst, frå 770 studentar i 2015 til 4020 studentar i 2023. Skulen tilbyr akkrediterte utdanningar spesielt retta mot ferdigheitsgapetinnan teknologi og digitale medium. Noroff har engelsk som arbeidsspråk og eit tett samarbeid med utanlandskeinstitusjonar. Dei har utvikla gode samarbeidsavtalar med utanlandskeaktørar og har fleire program der studentane kan gå to år på fagskule i Noreg og eitt år i utlandet for å oppnå ein bachelorgrad.

Noroff er kritiske til tilstandsrapporten der fleire av fagskulane er tekne ut av statistikken, blant anna på fullføring. Det er umogleg å vite nøyaktig status når ein fjerdedel av sektoren er teken ut av statistikken. Dei stiller også spørsmål ved kva gjennomføringsprosent faktisk er. Fagskulestudentar justerer ofte studiet undervegs, noko som fører til brot i målingane. Rektor ved fagskulenoppmodar HK-dir til å sjå på heile sektoren.

Glencore Nikkelverk – Kompetanseutvikling og bærekraft

Glencore Nikkelverk er ein hjørnesteinsbedrift i Kristiansand med fokus på teknologiutvikling, kompetanse og bærekraft. Dei har 550 tilsette og 35 lærlingar, og produserer 100 000 tonn nikkel årleg. Verksemda har eit høgt miljøfokus og har innført ein ny kobberelektrolyseprosess som reduserer energiforbruket og involverer høg teknologisk kompetanse.

Samspel mellom utdanning og arbeidsliv

Glencore samarbeider tett med utdanningsinstitusjonar for å sikre at utdanninga stemmer overeins med behova i industrien. Bedrifta legg vekt på gode onboardingsprosessar og etter- og vidareutdanning for å sikre den nødvendige kompetansen.

Fagskolen i Agder – Framtidas utdanning

Fagskolen i Agder tilbyr utdanning innan tekniske fag, maritime fag og helsefag. Skulen er sertifisert som miljøfyrtårn og har fokus på digitalisering og bærekraft. Dei fekk godkjent to fagområdeakkrediteringssøknader medan rådet var på besøk og har utvikla sin eigen pedagogiske modell, FiA-modellen, som setstudentane i sentrum. Fagskulen har eit særs godt samarbeid med Universitetet i Agder, både om utdanning og bruk av labutstyr.

Oppsummering

Nasjonalt fagskoleråd tar med seg mange gode innspel i arbeidet med å gje råd til Kunnskapsdepartementet. Blant anna oppmodinga om å sjå heile sektoren, ikkjeberredelar, anerkjenning av høgareyrkesfagleg utdanning i UH-sektoren, samt vidare arbeid med kva sektoren skal vere i framtida.