Hopp til hovudinnhald

Rektormøtet 2024

Nasjonalt fagskoleråd inviterer alle rektorane ved fagskolane i Norge til eit «oppvarmingsmøte» dagen før Fagskolekonferansen brakar laus. Møtet skal vere ein arena for dialog, meiningsutveksling og nettverksbygging. Møtet blir arrangert på Scandic Hell i Stjørdal kommune 11. november.

Tidspunkt: 11. november 2024 kl. 10.00 -11. november 2024 kl. 15.30
Stad: Scandic Hell, Sandfærhus 22, 7502 Stjørdal • Fysisk

Dei siste åra har ein sett ei rykande utvikling med fleire studentar, mange forventningar til kva fagskolane skal levere og store ambisjonar frå sektoren sjølv. I 2024 heldt Nasjonalt fagskoleråd sitt første rektormøte, dagen før Fagskolekonferansen og i evalueringa av møtet blei det fastslått at jamlege møter på dette nivået ville vere positivt for sektoren.

Konferansen vert arrangert fysisk ved Scandic Hell, Sandfærhus 22, 7502 Stjørdal, same hotell som Fagskolekonferansen,

Det offisielle programmet startar måndag 11. november kl. 12.00, men vi opnar for registrering og kaffi frå kl. 11.00 utanfor salen.

Kostnad: Nasjonalt fagskoleråd dekker lunsj og middag den 11. november samt hotellovernatting til den 12. november. Dette arrangementet har ikkje noko forbindelse med Fagskolekonferansen 2024. Om du bestiller vidare hotellopphold i forbindelse med konferansen skal dette betalast privat eller av eigen institusjon. Opplys gjerne i resepsjonen om du skal delta på konferansen, så slepp du å skifte rom.

Frist for å melde seg av er fredag 18. oktober kl. 12.00.