Drift og vedlikehald
Nasjonale planar4. Emnebeskrivingar
Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.
4.1 Reiskapsemne
Realfagleg reiskap
Emne | Tema |
---|---|
Realfagleg reiskap 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om realfag som reiskap innanfor fagområdet sitt
- har kunnskap om realfaglege omgrep, teoriar, analysar, strategiar, prosessar og verktøy som blir nytta
- kan utføre berekningar, overslag og problemløysing med relevans for dimensjonering og andre problemstillingar innanfor studieretninga
- kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med matematiske og fysiske lover
- kan utvide kunnskapen sin og har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor realfag
- kjenner til matematikkens og fysikkens eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av reknemetoden som blir brukt til å løyse faglege problem
- kan gjere greie for val av digitale verktøy som blir brukte til problemløysing innanfor realfaglege tema
- kan nytte digitale hjelpemiddel til å løyse likningar og andre matematiske oppgåver
- kan vurdere resultat av berekningar og reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til relevant informasjon og fagstoff i formelsamlingar, tabellar og fagbøker
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere realfaglege problemstillingar
- har kjennskap til og kan nytte grunnleggjande fysiske lover og fysikkens metodikk
- kan tolke og bruke modellar som blir nytta innanfor matematikk og fysikk
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe ved å nytte realfag i tråd med etiske krav, retningslinjer og målgruppa sine behova
- har innsikt i kva føresetnader og forenklingar hen har gjort i berekningane sine
- har innsikt i rekkjevidda og avgrensingane til metodane som blir brukte
- kan utveksle synspunkt og samarbeide med fagfellar om fagspesifikke problemstillingar med realfag som tverrfagleg fundament, og dermed bidra til organisasjonsutvikling
Kommunikasjon
Emne | Tema |
---|---|
Kommunikasjon 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande kommunikasjonsteori
- kjenner til kva kulturell identitet har å seie for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
- har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
- har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
- har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
- kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldetilvising, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
- har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og produksjon
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling, og korleis ein kan svare på henne
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
- kan bruke relevante omgrep for å analysere sin eigen og andres tekst
- kan reflektere over og revidere tekstar
- kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
- kan byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
- kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke han kritisk, formålstenleg og etterretteleg
- kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
- kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjonen, målet og mottakaren
- kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i ein profesjonell samanheng
- kan uttrykkje seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
- kan planleggje, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
- kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
- kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetjing
- meistrar relevante kommunikasjonsverktøy
- kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
- kan samarbeide om tekstproduksjon
Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)
Emne | Tema |
---|---|
LØM 10 studiepoeng | Økonomistyring Organisasjon og leiing Marknadsføringsleiing |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale omgrep innanfor økonomi, organisasjon og marknadsføring knytte til føretaksleiing
- har kunnskap om lønnskostnader
- har kunnskap om mål, tiltak og handlingsplanar
- kjenner til aktuelle lover og avtalar innanfor emnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan kartleggje eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalysar
- kan gjere greie for den økonomiske statusen i bedrifta ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke dei i analysar og kalkylar
- kan vurdere betalingsevna og kapitalbehovet til bedrifta
- kan planleggje økonomiske milepælar ved å utarbeide budsjett og gjere greie for økonomisk måloppnåing ved å vurdere eventuelle avvik
- kan gjennomføre ein investeringsanalyse og reflektere over lønnsemda i ei mogleg framtidig investering
- kan bruke rekneark i arbeidet med rekneskap, budsjett, analysar og kalkylar
- kan gjere ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
- kan vurdere organisasjonsstrukturen og kulturen og arbeidsmiljøet for å vidareutvikle verksemda
- kan kommunisere med, leie og motivere personalet på måtar som fremjar effektivitet og trivsel
- kan identifisere, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
- kan planleggje og gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, frå behovsanalyse til introduksjon
- kan gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kunden si kjøpsåtferd i desse
- kan vurdere val av marknadskommunikasjonstiltak i aktuelle medium og tilpasse bodskap til utvalde målgrupper i dei aktuelle media
- kan vurdere kva produkt bedrifta bør satse på, i kva marknader satsinga bør skje, og kva distribusjonskanalar ein bør nytte
- kan vurdere val av verksemds- og marknadsstrategi
Generell kompetanse
Studenten
- kan innanfor gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt
- kan etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremjar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
- har digital kompetanse til å søkje kunnskap og informasjon og kan tolke og bruke informasjonen i det vidare arbeidet
- kan kommunisere internt og eksternt og nytte digitale verktøy til dette
- kan utarbeide relevante faglege dokument som til dømes pristilbod, tiltaks-/handlingsplanar, arbeidsavtalar, møteinnkallingar med saksframlegg, forretningsplanar og marknadsplanar
- kan reflektere over samfunnsutviklinga og relatere utviklinga til bedrifta sin situasjon
4.2 Grunnlagsemne
HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
Emne | Studiepoeng |
---|---|
HMS,- prosjekt- og kvalitetsleiing | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
- har kunnskap om styringsverktøy for igangsetjing, planlegging og gjennomføring av prosjekt
- har kunnskap om kvalitetsomgrep
- har kunnskap om å utarbeide, bruke og halde ved like HMS-, IK- og KS-system i samsvar med lover, forskrifter og standardar
- kan vurdere sitt eige og andres HMS-, prosjekt- og kvalitetsarbeid opp mot gjeldande normer og krav
- har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over eit sikkert arbeidsmiljø og ut frå dette planleggje og setje i verk systematiske tiltak for å forhindre skade på menneske, materiell og miljø
- kan gjere greie for aktivitetar som sikrar kvalitet
- kan gjere greie for korleis eit prosjekt blir styrt, med tanke på tid, kostnad og kvalitet
- kan gjere greie for dei faglege vala sine
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for aktuelle problemstillingar knytte til HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre eit prosjekt og utarbeide relevant dokumentasjon
- kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om korleis leiing kan utøvast
- kan bidra til eit godt og sikkert fysisk og psykisk arbeidsmiljø med fokus på aktivt vernearbeid
- kan bidra til organisasjonsutvikling innanfor HMS-, prosjekt- og kvalitetsarbeid
Tema
- HMS-leiing
- Prosjektleiing
- Kvalitetsleiing
Mekanikk
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Mekanikk | 5 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om mekanikk og fastleikslære
- kan vurdere konstruksjon og design av produkt med omsyn til gjeldande normer og krav
- kan identifisere og berekne krefter og moment i konstruksjonar
- kan identifisere og berekne spenningar og deformasjonar som opptrer i konstruksjonar
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor mekanikk og fastleikslære
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor mekanikk og fastleikslære
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for og analysere krefter og spenningar som verkar på ein konstruksjon
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff om mekanikk og fastleikslære
- kan identifisere og kartleggje faglege problemstillingar og setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor mekanikk og fastleikslære
- kan vurdere konstruksjonar og delta i faglege diskusjonar
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor mekanikk og fastleikslære og delta i faglege diskusjonar
- kan vise til informasjon og fagstoff ved kartlegging av problemstillingar
Tema
- Mekanikk
- Fastleikslære
Materialkunnskap
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Materialkunnskap | 5 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om materialteknologi, prosessar og verktøy som kan nyttast i mekanisk industri
- kan vurdere sine eigne val innanfor materialteknologi med omsyn til gjeldande normer og standardar
- har kunnskap om materialprøvemetodar
- har kunnskap om korleis industrien og arbeidsplassen påverkar miljøet
- kan sjå samanhengen mellom materiallære, kjemi og miljø
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor materialteknologi
Ferdigheiter
Studenten
- kan velje materiale ut frå styrke-, produksjons- og korrosjonsfaktorar og andre forhold som kan påverke materialvalet
- kan vurdere val av materiale og prosessar med omsyn til miljø
- kan vurdere konstruksjonsmateriale i samsvar med produktstandardar
- kan identifisere og kartleggje faglege problemstillingar og setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre materialtekniske val i tråd med etiske krav og retningslinjer åleine og som deltakar i ei gruppe
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor materialteknologi og delta i faglege diskusjonar
- kan lese og nytte standardar, retningslinjer og materialsertifikat
Grunnleggjande elektro og automatisering
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Grunnleggjande elektro og automatisering | 5 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om aktuelle elektriske og elektroniske komponentar med nødvendige koplingsskjema og dokumentasjon
- har kjennskap til prinsipp innanfor programmering i automasjonssystem
- har kunnskap om faremoment som kan oppstå under arbeid ved feil på elektriske anlegg, med og utan spenning
- har kunnskap om straumartar, effektar og lågspente styringssystem
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor elektro og automasjon
Ferdigheiter
Studenten
- kan berekne og måle spenning, straum, effekt og resistans i likestraum- og vekselstraumkretsar
- kan gjere greie for dimensjonering og val av komponentar som inngår i automasjonssystem og elektrotekniske anlegg
- kan gjere greie for korleis elektriske koplingsskjema er oppbygde
- kan lage eller endre enkle program for automasjonssystem
- kan identifisere og kartleggje faglege problemstillingar og setje i verk tiltak
- kan finne og vise til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing i tråd med regelverk og retningslinjer
- kan vurdere faremoment eller feil som kan oppstå under arbeid på elektriske anlegg
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor elektro og automatisering og delta i faglege diskusjonar
Teknisk dokumentasjon
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Teknisk dokumentasjon | 5 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om og kan nytte teikningsproduksjon og modellering
- har kunnskap om dataassistert konstruksjon (DAK) og aktuelle standardar som blir nytta i teikningsproduksjon
- kan knyte teknisk dokumentasjon opp mot digitale verktøy for distribusjon
- har kunnskap om lagring og arkivering av dokumentasjon
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor teknisk dokumentasjon
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte ulike dataverktøy for å utarbeide teknisk dokumentasjon
- kan gjere greie for teknisk dokumentasjon for bransjen med omsyn til aktuelle standardar
- kan utarbeide dokumentasjon og teikningar med omsyn til funksjonskrav og standardar
- kan identifisere og kartleggje faglege problemstillingar og setje i verk tiltak
- kan finne og vise til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor mekanikk og teknisk dokumentasjon
- kan vise til informasjon og fagstoff ved kartlegging av problemstillingar
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande normer og krav
- kan kvalitetssikre og evaluere dokumentasjon
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor teknisk dokumentasjon og delta i faglege diskusjonar
4.3 Fordjupingsemne
Drifts-, kvalitets- og vedlikehaldsleiing
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Drifts-, kvalitets- og vedlikehaldsleiing | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om omgrep, teoriar, modellar, prosessar og verktøy som blir nytta innanfor drifts-, kvalitets- og vedlikehaldsleiing
- har kunnskap om ulike strategiar for å planleggje drift og vedlikehald i ei produksjonsbedrift
- har kunnskap om alle fasane i ein livssyklus med fokus på effektiv drift og effektivt vedlikehald av utstyr, anlegg og system med høg driftssikkerheit og produktivitet
- har kunnskap om korleis ein bruker stikkprøvekontroll i ein produksjon
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
- har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor drifts-, kvalitets- og vedlikehaldsleiing
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for korleis ein planlegg, gjennomfører og dokumenterer drift, kvalitet og vedlikehald i tråd med relevant fagstoff
- kan arbeide med strategiutvikling, risikoanalyse og planlegging av drifts- og vedlikehaldsaksjonar
- kan analysere årsaksforholda for variasjonar i driftsfasen og bidra til å gjennomføre korrigerande og førebyggjande tiltak
- meistrar grunnleggjande metodar og teknikkar for optimalisering av drifts- og vedlikehaldsfunksjonar, auka produktivitet og kontinuerleg forbetring
- kan gjennomføre levetidsberekningar på komponentnivå
- kan berekne sikkerheita for å finne feilproduserte produkt ved hjelp av stikkprøvekontroll
- kan identifisere og kartleggje faglege problemstillingar og setje i verk tiltak
- kan finne og vise til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor drifts-, kvalitets- og vedlikehaldsleiing
- kan vise samarbeidsevne, ansvarlegheit og evne til refleksjon og kritisk tenking
- kan kommunisere, utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om utvikling av god drifts-, kvalitets- og vedlikehaldsleiing
- forstår kva effektiv drift og effektivt vedlikehald betyr i ei verdikjede, og veit kva faktorar som påverkar driftssikkerheit, HMS og økonomiske resultat
- kan bidra til å utvikle ein læringskultur i drifts- og vedlikehaldsfunksjonar
- har kompetanse til å setje opp eit vedlikehaldsprogram basert på periodisk, korrigerande eller tilstandsbasert vedlikehald
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor drifts-, kvalitets- og vedlikehaldsleiing og delta i faglege diskusjonar
Logistikk og produksjonsstyring
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Logistikk og produksjonsstyring | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om omgrep, teoriar, modellar, prosessar og verktøy som blir nytta innanfor logistikk og produksjonsstyring
- har kunnskap om forskjellige logistikk- og produksjonsfilosofiar
- har kunnskap om innkjøpsstrategiar, anskaffingsprosessar og leverandørsamarbeid
- har kunnskap om miljøsparande, effektiviserande og berekraftige verdiar i forsyningskjeda
- har kunnskap om korleis ein kan bruke digitale verktøy for å organisere og effektivisere innkjøpsfunksjonen og kontrollere forsyningskjeda effektivt
- har kunnskap om kostnads- og investeringsanalyse
- har kunnskap om anbod og kontraktsinngåing
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor hydraulikk, pneumatikk og strøymingslære
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av eigna logistikk og produksjonsstyring
- kan gjere greie for logistikk- og produksjonsfilosofiars relevans innanfor kontinuerleg forbetring og organisasjonsutvikling
- kan planleggje og gjennomføre anskaffingsprosessar
- kan gjere greie for kvifor miljøsparande, effektiviserande og berekraftige verdiar er ein viktig faktor i forsyningskjeda
- kan berekne reservedelsbehaldninga
- kan berekne lønnsemd i investeringar og anskaffingar
- kan identifisere og kartleggje faglege problemstillingar og setje i verk tiltak
- kan finne og vise til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor logistikk og produksjonsutvikling
- kan vise samarbeidsevne, ansvarlegheit og evne til refleksjon og kritisk tenking
- kan kommunisere og utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om utvikling av god logistikk og produksjonsstyring
- kan gjere greie for ein innkjøpsprosess og setje opp ein innkjøpsplan
- kan gjere greie for faktorar for å utvikle eit godt leverandørsamarbeid
- kan gjere greie for korleis digitale verktøy og automatisering kan effektivisere verdikjeda
- kan gjere økonomiske vurderingar knytte til anskaffingar og reservedelsbehaldning
- kan reflektere over kjøpeåtferd og forhandlingsstrategi
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor logistikk og produksjonsstyring og delta i faglege diskusjonar
Produksjonsutvikling
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Produksjonsutvikling | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har fagleg grunnlag til å vurdere bruk av dei viktigaste bearbeidingsmetodane, som støypeteknikk, plastisk forming, additiv produksjon, samanføying og sponfråskiljandebearbeiding
- har kunnskap om korleis dei ulike bearbeidingsprosessane påverkar materialeigenskapane
- kan velje rett varmebehandling for produkt som er produserte ved støypeteknikk og additiv produksjon
- kar kunnskap om teoriar for effektive produksjonslinjer
- har kunnskap om teoriar for innovasjon og endringsprosessar
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor produksjonsteknikk og produktutvikling
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for kva tilverkingsmetode som er optimal for ein produksjon
- kan gjere greie for korleis ein optimaliserer ein bearbeidingsmetode for ein produksjonsprosess
- kan planleggje og optimalisere produksjonsflyten i ei bedrift
- kan identifisere og kartleggje faglege problemstillingar og setje i verk tiltak
- kan finne og vise til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor produksjonsutvikling
- kan vise samarbeidsevne, ansvarlegheit og evne til refleksjon og kritisk tenking
- kan identifisere kva for ein produksjonsmetode som er brukt ved framstilling av produkt
- kjenner til vanlege prinsipp for produksjonsstyring
- kan grunnprinsipp og metodar for design og produktutvikling
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor produksjon og produktutvikling og kan delta i faglege diskusjonar
Automatisering og digitalisering
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Automatisering og digitalisering | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om omgrep, teoriar, modellar, prosessar og verktøy som blir nytta innanfor automatisering og digitalisering
- har kunnskap om sikkerheitssystem og aktuelle standardar og normer innanfor maskinsikkerheit
- har kunnskap om digitalisering og robotisering i produksjonsprosessar
- har kunnskap om sensorteknologi
- har kunnskap om funksjonen, formålet og verkemåten til programmerbar logisk styring (PLS)
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor automatisering og digitalisering
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av eigna automasjons- og digitaliseringsprosessar
- kan styre og handtere ein robotarm på ein trygg måte
- kan programmere, kalibrere, simulere og handtere ein robotarm
- kan handle etter miljøsparande, effektiviserande og berekraftige verdiar
- kan identifisere og kartleggje faglege problemstillingar og setje i verk tiltak
- kan finne og vise til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor automatisering og digitalisering
- kan planleggje, gjennomføre og dokumentere mindre programmeringsjobbar med fokus på myndigheits- og sikkerheitskrav
- kan planleggje og gjennomføre vedlikehaldsarbeid og utvikle dokumentasjon for vedlikehaldssystemet til bedrifta
- kan planleggje og gjennomføre driftsoperasjonar med fokus på miljøsparande, effektiviserande og berekraftige verdiar
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor automatisering og digitalisering og delta i faglege diskusjonar
Hydraulikk, pneumatikk og strøymingslære
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Hydraulikk, pneumatikk og strøymingslære | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnprinsipp, komponentbeskrivingar, symbol, skjemalesing og systemforståing i hydraulikken og pneumatikken
- har kunnskap om dimensjonering av hydrauliske/pneumatiske anlegg og kan kople opp enkle hydrauliske og pneumatiske kretsar
- har kunnskap om grunnomgrepa i termodynamikken og veit korleis aktuelle energisystem er bygde opp og verkar
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor hydraulikk, pneumatikk og strøymingslære
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for kvifor ein vel å bruke hydraulikk og pneumatikk
- kan gjere enkle termodynamiske berekningar og gjere greie for val av energisystem
- kan nytte og konstruere hydrauliske og pneumatiske skjema
- kan gjere greie for samanhengen i hydrauliske og pneumatiske kretsar
- kan berekne strøymingsmotstand i røyr og dimensjonere røyrsystem i hydrauliske og pneumatiske kretsar
- kan identifisere og kartleggje faglege problemstillingar og setje i verk tiltak
- kan finne og vise til relevante normer, standardar, forskrifter og lover
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor hydraulikk, pneumatikk og strøymingslære
- kan finne og vise til aktuelle standardar på fagområdet
- kan berekne og drifte hydrauliske og pneumatiske anlegg
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor hydraulikk, pneumatikk og strøymingslære og kan delta i faglege diskusjonar
Hovudprosjekt
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Hovudprosjekt | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om korleis ein planlegg, gjennomfører og dokumenterer eit problemorientert prosjekt i samarbeid med oppdragsgivaren
- har kunnskap om kontraktar og leiingsutfordringar i samband med ein prosjektprosess
Ferdigheiter
Studenten
- kan delta i gruppearbeid, ta ansvar for eiga læring, kommunisere og presentere prosjektarbeid
- kan bruke prosjektarbeid som metode for å planleggje eit prosjekt, styre/leie prosjektet, kommunisere om det og presentere resultatet
- kan gjennomføre eit prosjekt med å utvikleog dokumentere produkt, produksjonsprosessar eller tenester på oppdrag frå samarbeidspartnarar
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke erfaringar, kunnskap, ferdigheiter og haldningar i praktisk prosjektarbeid
- kan fordjupe seg i dei aktuelle temaa som dannar grunnlag for prosjektoppgåva, og løyse henne på ein måte som reflekterer kunnskap om teknologi og fagleg leiing