Elektronikk
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om elektrotekniske teoriar, berekningsmodellar og styrings- og reguleringsprinsipp som er nytta i elektriske og elektroniske system
- har kunnskap om teoriar, modellar, prosessar, elektriske instrument, maskin- og programvarebaserte verktøy og datakommunikasjon som blir nytta i elektronikkfaget
- har kunnskap om utviklingsprosessar og måleteknikk innanfor elektronikk og om informasjons- og kommunikasjonssikkerheit
- har kunnskap om kalibrering, justering, reparasjon og levetidsberekningar i elektroniske system
- har kunnskap om økonomistyring, organisasjon, leiing og marknadsføringsleiing
- har kunnskap om prosjekt- og kvalitetsstyring
- har kunnskap om generelle prinsipp innanfor logistikk og produksjonsflyt på sitt eige fagområde
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande forskrifter, normer og krav og IPC-kvalitetsstandard innanfor elektronikkproduksjon og regelverk for ekom (elektronisk kommunikasjon)
- har kunnskap om elektronikkbransjen og kjennskap til yrkesfeltet
- kjenner til elektronikkbransjens historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet lokalt, nasjonalt og internasjonalt
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor elektronikkfaget med litteratur og relevante forum i bransjen
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor elektronikkbransjen
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan gjere greie for val av verktøy, programvare, løysingar, instrument og prosessar som blir nytta i elektronikkfaget
- kan utføre og gjere greie for val av måle- og feilsøkingsmetodar
- kan utføre vedlikehald og gjere greie for val av vedlikehaldsstrategiar
- kan gjere greie for val av metodar og prinsipp innanfor prosjektplanlegging, prosjektstyring, logistikk og produksjonsflyt på sitt eige fagområde
- kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor elektronikk og justere denne ved behov
- kan finne og vise til informasjon om elektronikk og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan identifisere hendingar og farekjelder ved elektroniske system, gjere ei risikovurdering og kartleggje behov for å setje i verk tiltak
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande elektrotekniske forskrifter, normer og krav, og IPC-kvalitetsstandard innanfor elektronikkproduksjon og regelverk for ekom
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planleggje, prosjektere og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor elektronikkproduksjon og installasjon åleine og som deltakar eller leiar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer som gjeld for miljø og kvalitet nasjonalt og internasjonalt
- kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor elektronikkfaget og på tvers av fag og med eksterne målgrupper på fysiske og virtuelle plattformer
- kan utveksle synspunkt med andre som har bakgrunn frå elektronikkfaget, og kan delta i diskusjonar om utvikling av god praksis for å vurdere fagspesifikke problemstillingar
- kan bidra til å utvikle organisasjonen ved å følgje med på ny teknologi innanfor elektronikkfaget som kan føre til kvalitetsheving, nyskaping og innovasjon
- kan bruke kompetansen sin om korleis elektriske og elektroniske komponentar og apparat påverkar miljøet etter ulike målgruppers behov, til å utføre arbeidet på ein berekraftig måte