Kulde- og varmepumpeteknikk
Nasjonale planar6. Emnebeskrivingar
Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte skule å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte skulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.
6.1 Reiskapsemne
Realfagleg reiskap
Emne | Tema |
---|---|
Realfagleg reiskap 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om realfag som reiskap innanfor fagområdet sitt
- har kunnskap om realfaglege omgrep, teoriar, analysar, strategiar, prosessar og verktøy som blir nytta
- kan utføre berekningar, overslag og problemløysing med relevans for dimensjonering og andre problemstillingar innanfor studieretninga
- kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med matematiske og fysiske lover
- kan utvide kunnskapen sin og har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor realfag
- kjenner til matematikkens og fysikkens eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av reknemetoden som blir brukt til å løyse faglege problem
- kan gjere greie for val av digitale verktøy som blir brukte til problemløysing innanfor realfaglege tema
- kan nytte digitale hjelpemiddel til å løyse likningar og andre matematiske oppgåver
- kan vurdere resultat av berekningar og reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til relevant informasjon og fagstoff i formelsamlingar, tabellar og fagbøker
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere realfaglege problemstillingar
- har kjennskap til og kan nytte grunnleggjande fysiske lover og fysikkens metodikk
- kan tolke og bruke modellar som blir nytta innanfor matematikk og fysikk
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe ved å nytte realfag i tråd med etiske krav, retningslinjer og målgruppa sine behova
- har innsikt i kva føresetnader og forenklingar hen har gjort i berekningane sine
- har innsikt i rekkjevidda og avgrensingane til metodane som blir brukte
- kan utveksle synspunkt og samarbeide med fagfellar om fagspesifikke problemstillingar med realfag som tverrfagleg fundament, og dermed bidra til organisasjonsutvikling
Kommunikasjon
Emne | Tema |
---|---|
Kommunikasjon 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande kommunikasjonsteori
- kjenner til kva kulturell identitet har å seie for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
- har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
- har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
- har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
- kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldetilvising, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
- har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og produksjon
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling, og korleis ein kan svare på henne
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
- kan bruke relevante omgrep for å analysere sin eigen og andres tekst
- kan reflektere over og revidere tekstar
- kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
- kan byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
- kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke han kritisk, formålstenleg og etterretteleg
- kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
- kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjonen, målet og mottakaren
- kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i ein profesjonell samanheng
- kan uttrykkje seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
- kan planleggje, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
- kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
- kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetjing
- meistrar relevante kommunikasjonsverktøy
- kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
- kan samarbeide om tekstproduksjon
Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)
Emne | Tema |
---|---|
LØM 10 studiepoeng | Økonomistyring Organisasjon og leiing Marknadsføringsleiing |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale omgrep innanfor økonomi, organisasjon og marknadsføring knytte til føretaksleiing
- har kunnskap om lønnskostnader
- har kunnskap om mål, tiltak og handlingsplanar
- kjenner til aktuelle lover og avtalar innanfor emnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan kartleggje eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalysar
- kan gjere greie for den økonomiske statusen i bedrifta ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke dei i analysar og kalkylar
- kan vurdere betalingsevna og kapitalbehovet til bedrifta
- kan planleggje økonomiske milepælar ved å utarbeide budsjett og gjere greie for økonomisk måloppnåing ved å vurdere eventuelle avvik
- kan gjennomføre ein investeringsanalyse og reflektere over lønnsemda i ei mogleg framtidig investering
- kan bruke rekneark i arbeidet med rekneskap, budsjett, analysar og kalkylar
- kan gjere ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
- kan vurdere organisasjonsstrukturen og kulturen og arbeidsmiljøet for å vidareutvikle verksemda
- kan kommunisere med, leie og motivere personalet på måtar som fremjar effektivitet og trivsel
- kan identifisere, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
- kan planleggje og gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, frå behovsanalyse til introduksjon
- kan gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kunden si kjøpsåtferd i desse
- kan vurdere val av marknadskommunikasjonstiltak i aktuelle medium og tilpasse bodskap til utvalde målgrupper i dei aktuelle media
- kan vurdere kva produkt bedrifta bør satse på, i kva marknader satsinga bør skje, og kva distribusjonskanalar ein bør nytte
- kan vurdere val av verksemds- og marknadsstrategi
Generell kompetanse
Studenten
- kan innanfor gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt
- kan etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremjar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
- har digital kompetanse til å søkje kunnskap og informasjon og kan tolke og bruke informasjonen i det vidare arbeidet
- kan kommunisere internt og eksternt og nytte digitale verktøy til dette
- kan utarbeide relevante faglege dokument som til dømes pristilbod, tiltaks-/handlingsplanar, arbeidsavtalar, møteinnkallingar med saksframlegg, forretningsplanar og marknadsplanar
- kan reflektere over samfunnsutviklinga og relatere utviklinga til bedrifta sin situasjon
6.2 Grunnlagsemne
Prosjektstyring, sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA), helse, miljø og sikkerheit (HMS) og kvalitetssikring
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Prosjektstyring, HMS og kvalitetssikring | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om omgrep innanfor prosjektadministrasjon, prosjektstyring, SHA/HMS, kvalitetssikring og kvalitetsstyrt leiing og betydinga av desse
- kunnskap om lover og forskrifter som er viktige i SHA-/HMS-samanheng, med fokus på arbeidsmiljølova og internkontrollforskrifta, og bruken av desse
- har kunnskap om korleis ein utarbeider, dokumenterer og held ved like bedriftasitt HMS-/SHA-/IK-og kvalitetssikringssystem i samsvar med aktuelle krav, lover, reglar og standardar
- har kunnskap om standardar for kvalitetsvedlikehald, produktutvikling og produksjon
- har kunnskap om arbeidsulykker, skadar og risikovurdering
- har kunnskap om viktige arbeidsmiljøfaktorar knytte til helse og menneskeleg trivsel og kva faktorar som skaper eit sosialt, trygt og effektivt arbeidsmiljø
- har kunnskap om metodikk for styring, organisasjon og leiing av prosjekt som er typiske i kulde- og varmepumpebransjen
- har kunnskap om ulike fasar i eit prosjektarbeid og om direktiv, lover og standardar som styrer eit prosjekt
- har kunnskap om IT-baserte prosjektstyringsverktøy
- har kunnskap om anbod, tilbod og aktuelle kontrakttypar som blir nytta i prosjekt i kulde- og varmepumpebransjen
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap om prosjektadministrasjon, kvalitetssikring og SHA/HMS og gjere greie for vala sine
- kan gjere greie for terminologi innanfor prosjektadministrasjon, SHA/HMS, kvalitetssikring og kvalitetsstyrt leiing
- kan gjere greie for val som er gjorde for å førebyggje, vurdere risiko for skadar og ulykker og rapportere arbeidsulykker og skadar
- kan utarbeide risikoanalysar som er typiske i kulde- og varmepumpebransjen
- kan planleggje, organisere og gjennomføre kvalitetsforbetringstiltak
- kan nytte aktuelle standardar for kvalitetsvedlikehald, produktutvikling og produksjon
- kan utarbeide nødvendig dokumentasjon for å møte myndigheitskrav til helse, miljø og sikkerheit
- kan formulere prosjektets resultat- og effektmål og utarbeide problemstilling, teorigrunnlag og metode/arbeidsopplegg
- kan bruke IT-baserte prosjektstyringsverktøy i planlegging og oppfølging av aktivitetar, ressursar, kostnader, tidsbruk og nettverksplanlegging
- kan sjå samanhengen mellom arbeidsomfang, tidsbruk og ressursar i prosjektplanen
- kan finne og vise til informasjon om prosjektadministrasjon, kvalitetssikring og SHA/HMS innanfor kulde- og varmepumpeteknikk og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan kartleggje ein situasjon med tanke på prosjektadministrasjon, kvalitetssikring og SHA/HMS innanfor kulde- og varmepumpeteknikk, identifisere faglege problemstillingar og finne ut om det er behov for å gjere endringar og setje i verk tiltak
- kan vurdere sitt eige arbeid med prosjektadministrasjon, SHA/HMS og kvalitetssikring med omsyn til gjeldande lover, forskrifter, normer og krav
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor prosjektadministrasjon, SHA-/HMS-arbeid, kvalitetssikring og kvalitetsstyrt leiing åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utføre arbeidet med heilskapleg planlegging, analytisk tankegang og innovasjon i tråd med behova til kunden og krava frå myndigheitene
- kan byggje relasjonar med fagfellar, alle lag i organisasjonen og eksterne målgrupper
- kan utveksle synspunkt med andre som har bakgrunn frå bransjen og organisasjonen, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- kan bidra til organisasjonsutvikling med fokus på SHA-/HMS-arbeid, kvalitetssikring og kvalitetsstyrt leiing
Tema
- Prosjektadministrasjon
- SHA/HMS
- Kvalitetssikring
Termodynamikk og elektro
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Termodynamikk og elektro | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om omgrep som blir nytta innanfor termodynamikk og elektro
- har kunnskap om ulikt måleutstyr som blir brukt for å fastleggje vesentlege anleggsdata, som temperatur, trykk, effekt, energi og massestraum, og veit korleis måleusikkerheit påverkar målingane
- har grunnleggjande kunnskap om system og komponentar for sikring, regulering og overvaking av kulde- og varmepumpeanlegg
- har grunnleggjande kunnskap om korleis ein les hovud- og styrestraumskjema for kulde- og varmepumpeanlegg
- har grunnleggjande kunnskap om dei vanlegaste årsakene til elektriske feil i kulde- og varmepumpeanlegg
- har kunnskap om krava til sikkerheit ved arbeid og drift på eller nær spenningssette komponentar i kulde- og varmepumpeanlegg
- kjenner til dei ulike prinsippa for elmotorar og kapasitetsregulering av desse
- har kunnskap om ulike former for varmetransport, slik som varmeovergang, varmeleiing og varmestråling
- har kunnskap om ulike varmevekslarar
- har kunnskap om termodynamikkens første og andre hovudsetning og betydinga av desse
- har kunnskap om gasslovene og tilstandslikningane
- har kunnskap om hx-diagram og veit korleis det blir brukt innanfor kulde- og varmepumpeteknikken
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for varmeleiing, varmeovergang og stråling i samband med varmetransport gjennom flater, røyr og varmevekslarar og gjennomføre berekningar på dette
- kan gjere greie for grunnleggjande omgrep innanfor elektro (spenning, straum, resistans og liknande)
- kan gjennomføre berekningar på ulike typar varmevekslarar
- kan gjennomføre berekningar med utgangspunkt i hx-diagram og aktuelle prosessar i dette diagrammet
- kan gjennomføre berekningar med utgangspunkt i gasslovene og tilstandslikningane
- kan gjennomføre berekningar på enkle kretsar med utgangspunkt i spenning, straum og resistans
- kan gjere greie for ulike energiforsynings- og nettsystem
- kan utarbeide skisser av og lese og forstå enkle hovud- og styrestraumskjema for kulde- og varmepumpeanlegg
- kan reflektere over resultat frå ulike måleinstrument som er aktuelle innanfor kuldeteknikken, ta omsyn til måleusikkerheit ved vurdering av måleresultata og endre desse ved behov
- kan reflektere over feilsøking, service og inngrep på utstyr og komponentar som blir brukte innanfor elektro, i samsvar med aktuelle krav og anerkjende prosedyrar
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre målingar på anlegg med varmevekslarar på ein sikker måte åleine og som deltakar i gruppe og i tråd med retningslinjer
- kan planleggje og gjennomføre feilsøking på elektriske komponentar i eit kuldeanlegg på ein sikker måte åleine og som deltakar i gruppe og i tråd med retningslinjer
- kan utarbeide enkle hovud- og styrestraumskjema for kulde- og varmepumpeanlegg etter utvalde målgruppers behov og etter gjeldande standardar og normer
- kan utveksle synspunkt med andre frå same bransje og organisasjon og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
Tema
- Termodynamikk
- Elektro
Teikning, mekanikk og materiallære
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Teikning, mekanikk og materiallære | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om omgrep som blir nytta innanfor, teikning, mekanikk og materiallære
- har kunnskap om eigenskapane til materiala som blir nytta i og i samband med kulde- og varmepumpeanlegg, og veit korleis eigenskapane blir påverka av til dømes temperatur, trykk, oljar, kuldemedium og sekundærmedium
- har kunnskap om korleis ulike materiale korroderer, kva som påverkar farten på korrosjonsprosessen, og korleis materiale kan vernast mot korrosjon
- har kunnskap om korleis tyngdepunkt blir berekna i samansette lekamar
- har kunnskap om berekning av styrke med rett sikkerheitsfaktor til oppheng, tankar og røyr
- har kunnskap om ulike typar spenning som er aktuelle ved dimensjonering av oppheng, røyr og tankar i kulde- og varmepumpeanlegg
- har kunnskap om statiske tverrsnittverdiar for enkle flater
- har kunnskap om teikneprogram (dataassistert konstruksjon,DAK)
- har kunnskap om symbol som blir brukte ved framstilling av teikningar av kulde- og varmepumpeanlegg og hovud- og styrestraumskjema
- har innsikt i relevant regelverk og relevante standardar som gjeld for framstilling av ulike teikningar av kulde- og varmepumpeanlegg og straumvegsskjemaet deira
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor mekanikk og teknisk dokumentasjon
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande normer og krav som gjeld for dokumentasjon innanfor teknisk industriell produksjon
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av materiale som er brukte i kulde- og varmepumpeanlegg med utgangspunkt i krav til styrke, temperatur, trykk og kor bestandige dei er mot korrosjon
- kan gjere greie for val av rett korrosjonsvern til aktuelle materiale som er brukte i kulde- og varmepumpeanlegg
- kan berekne krefter og moment i enkle statisk bestemte system som er aktuelle i kulde- og varmepumpeanlegg
- kan berekne tyngdepunkt for enkle, samansette lekamar
- kan berekne statiske tverrsnittverdiar for enkle flater
- kan berekne strekk- og trykkspenningar, skjerspenningar og bøyespenningar
- kan dimensjonere enkle opphengssystem for fordamparar, kondensatorar og røyr
- kan bruke DAK til å framstille maskinteikningar, enkle P&ID-skjema for kulde- og varmepumpeanlegg og enkle hovud- og styrestraumskjema for automatiserte anlegg, inkludert PLS- og regulatorstyrte anlegg
- kan reflektere over teikningar og endre dei ved behov
- kan kartleggje ein situasjon med tanke på mekanikk, materiallære og teikning innanfor kulde- og varmepumpeteknikk, identifisere faglege problemstillingar og finne ut om det er behov for å gjere endringar og setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt med tanke på mekanikk, materiallære og teikning innanfor kulde- og varmepumpeteknikk åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utarbeide teikningar av kulde- og varmepumpeanlegg etter utvalde målgruppers behov og etter gjeldande standardar og normer
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn frå bransjen og organisasjonen og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis innanfor teikning, mekanikk og materiallære
Tema
- Grunnleggjande teikning
- Mekanikk
- Materiallære
6.3 Fordjupingsemne
Kulde- og varmepumpeteknikk 1
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Kulde- og varmepumpeteknikk 1 | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om omgrep og dataverktøy som blir nytta innanfor kulde- og varmepumpeteknikk
- har kunnskap om oppbygginga av enkle kulde- og varmepumpeanlegg og om komponentar og kuldemedium som inngår i slike anlegg
- har kunnskap om korleis enkle anlegg blir klargjorde og starta opp
- har kunnskap om kuldeprosessen og kva som skjer i hovudkomponentane i enkle kuldeanlegg
- har kunnskap om korleis endringar i trykk og temperatur påverkar ytingar og COP/SCOP for enkle anlegg
- har kunnskap om korleis kurver for leveringsgrad og isentropisk verknadsgrad ut frå leverandørdata og målingar blir nytta og kan teikne desse kurvene i eit eigna dataprogram
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande normer og krav
- har kjennskap til kulde- og varmepumpebransjen
- kan oppdatere kunnskapen sin om kulde- og varmepumpeteknikk
- veit korleis kuldeteknikken, kuldeanlegg og komponentar har utvikla seg historisk, og kjenner til kuldeteknikkens plass i samfunnet i dag
- har kunnskap om strupeventilane og fordampar-/kondensatortypane som er aktuelle for kulde- og varmepumpeanlegg, og om bruken av slike
- har kunnskap om kompressortypar som er aktuelle for kulde- og varmepumpeanlegg, og om bruken av slike med tanke på dellasteigenskapar
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte og gjere greie for val av måleutstyr som blir brukt til å fastleggje vesentlege driftsdata som trykk, temperatur, effekt og massestraum
- kan gjere greie for og berekne driftsdata som ytingar, effektar og COP/SCOP for enkle anlegg
- kan nytte datatekniske hjelpemiddel
- kan samanlikne måleresultat mot standardar, normer og opplysningar frå leverandøren og mot venta tal for det aktuelle anlegget det blir målt på
- kan gjere greie for miljøkonsekvensane ved utslepp av kuldemedium, sekundærmedium og oljar og for korleis ein kan redusere eller fjerne risikoen for slike utslepp
- kan finne og vise til informasjon om enkle anlegg og komponentane som inngår, frå ulike kjelder, til dømes leverandørar, katalogar og internett, og kan vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan identifisere faglege problemstillingar på enkle anlegg i drift gjennom målingar og berekningar og gjere endringar
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre målingar og berekningar på enkle anlegg for å fastleggje vesentlege anleggsdata, som ytingar og COP/ SCOP, åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor kulde- og varmepumpeteknikk
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn frå kulde- og varmepumpeteknikk og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis med stadige forbetringar
Tema
- Kuldeprosess
- Enkle prosessberekningar
- Komponentar
- Dynamikk
Kulde- og varmepumpeteknikk 2 med VVS
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Kulde- og varmepumpeteknikk 2 med VVS | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har brei kunnskap om anleggstypar som totrinnsanlegg, kaskadeanlegg og absorpsjonsanlegg
- har kunnskap om ulike bruksområde, som RSW (Refrigerated Sea Water), innfrysingsanlegg, transportkjøling og ventilasjonsanlegg
- har kunnskap om berekningar på større kuldeanlegg, mellom anna totrinnsanlegg og kaskadeanlegg
- har kunnskap om berekningar for dimensjonering av varme-/kjølebehov i eit ventilasjonsanlegg
- har brei kunnskap om ulike varmekjelder og kuldemedium som blir brukte til eller i varmepumper, og om kva slike har å seie for val av systemløysing
- har kunnskap om vassbehandling og væskekvalitet i sekundærmedium, slik som mellom anna lufting, magnetitt og delstraumsfiltrering
- har kunnskap om sirkulasjonspumpetypar som blir brukte i kulde- og varmepumpeanlegg og i ventilasjonsanlegg
- har kunnskap om ulike måtar varme kan gjenvinnast frå kuldeanlegg på
- har kjennskap til kulde- og varmepumpebransjen
- kan oppdatere kunnskapen sin om kulde- og varmepumpeteknikk
- kjenner til kulde- og varmepumpeteknikkens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter innanfor kulde- og varmepumpeteknikk
- har brei kunnskap om omgrep og dataverktøy som blir nytta innanfor kulde- og varmepumpefaget
- veit korleis kuldeprosessen blir plassert i TS-diagram, og korleis prosesstap blir identifisert ut frå dette
- har kunnskap om oppbygging av ulike pumpesirkulerte kretsar og korleis det oppstår trykktap i slike
Ferdigheiter
Studenten
- kan berekne trykktap i ulike pumpesirkulerte kretsar
- kan gjere greie for val av anleggstypar og bruksområde for ulike typar kuldeanlegg og varmepumper
- kan berekne driftsdata i totrinns- og kaskadeanlegg
- kan gjere greie for val av hovudkomponentar til kuldeanlegg, varmepumper og pumpesirkulerte kretsar
- kan identifisere problemstillingar i samband med mangelfull utføring av vassbehandling og væskekvalitet i sekundærmedium, slik som lufting, magnetitt og delstraumsfiltrering
- kan reflektere over sitt eige arbeid på kulde- og varmepumpeanlegg med omsyn til gjeldande lover, forskrifter, standardar og normer
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff om kulde- og varmepumpeteknikk og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan identifisere faglege problemstillingar på større kulde- og varmepumpeanlegg i drift gjennom målingar og berekningar, og gjere endringar
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre relevante målingar på totrinnsanlegg og berekne relevante anleggsdata som ytingar, effektar og COP/SCOP åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med lover, forskrifter og normer som gjeld for kuldeanlegg og varmepumper
- kan utføre arbeid på kulde- og varmepumpeanlegg etter forventingane og behova til samfunnet og forbrukarane og etter krava frå myndigheitene
- kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor kulde- og varmepumpeteknikk og på tvers av fag og med eksterne målgrupper
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn frå kulde- og varmepumpeteknikk og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis med stadige forbetringar
- kan bidra til organisasjonsutvikling
Tema
- Fleirtrinnsprosessar
- VVS
- Temperaturspesifikt entropidiagram (TS-diagram)
- Pumpesystem
- Varmebatteri
- Varmekjelder og
- arbeidsmedium for varmepumper
Styring, regulering og overvaking
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Styring, regulering og overvaking | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om ulike komponentar og system som blir brukte til å styre, regulere, overvake og sikre anlegg
- har kunnskap om omgrep og dataverktøy innanfor styrings-, regulerings- og overvakingsteknikk
- har kunnskap om ulike kommunikasjonsprotokollar, til dømes BacNET IP, Modbus og ProfiBUS
- har kunnskap om ulike styringsprinsipp
- har kunnskap om fritt programmerbare styringar
- har kunnskap om P&ID-skjema og el-skjema
- har kunnskap om ventilautoritet
- veit korleis føreskriven dokumentasjon i samband med styring, regulering og overvaking av kulde- og varmepumpeanlegg blir utarbeidd og kontrollert
- har kunnskap om igangkøyring, innregulering og kontroll av styring og sikring av kulde- og varmepumpeanlegg
- har kunnskap om HMS og miljøkrav for kuldemedium, kuldeberarar, komponentar og ferdige anlegg
- har kunnskap om verneutstyr som er aktuelt i samband med bygging, inngrep og drift av kulde- og varmepumpeanlegg
- veit korleis internkontrollforskrifta påverkar eigarskap og drift av eit kuldeanlegg
- kan vurdere sitt eige arbeid på kulde- og varmepumpeanlegg med omsyn til normer, krav og prosedyrar som gjeld for enkle inngrep, feilsøking og service på kulde- og varmepumpeanlegg med automatikk
- har kunnskap om krav som blir stilte i samband med ferdigstilling og overlevering av anlegg
Ferdigheiter
Studenten
- kan konfigurere og gjere endringar i styringar
- kan setje i drift og feilsøkje automatikk
- kan gjere greie for val av styrings-, regulerings- og overvakingssystem for kulde- og varmepumpeanlegg
- kan kartleggje feil på eit kuldeanlegg og ut frå resultata finne årsaker til feila og foreslå moglege tiltak for å utbetre dei
- kan reflektere over sitt eige arbeid med feilsøking, service og inngrep på utstyr og komponentar som blir brukte til å styre, regulere og overvake kulde- og varmepumpeanlegg i samsvar med gjeldande normer, krav og prosedyrar
- kan gjere greie for val av verneutstyr som er aktuelt i samband med montasje, service og drift av kulde- og varmepumpeanlegg
- kan utføre enkle inngrep i prosessen slik som vakuumering, trykktesting, tapping og påfylling av kuldemedium og utarbeide føreskriven dokumentasjon i samband med inngrepa etter gjeldande prosedyrar
- kan utføre ei risikovurdering av kuldeanlegg og varmepumper og utarbeide varslings- og redningsplanar for anlegga i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan setje i drift mindre kuldeanlegg etter nybygging, ombygging eller reparasjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og overlevere enkle kulde- og varmepumpeanlegg i tråd med krava til ferdigstilling og overlevering av anlegg
- kan planleggje og gjennomføre inngrep i prosessen på kulde- og varmepumpeanlegg åleine og som del av ei gruppe og i tråd med prosedyrar, krav og retningslinjer
Tema
- Styring
- Regulering
- Overvaking
- HMS for kulde- og varmepumpeanlegg
Prosjektering av kulde- og varmepumpeanlegg 1
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Prosjektering av kulde- og varmepumpeanlegg 1 | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har brei kunnskap om korleis kuldeanlegg og varmepumper skal prosjekterast og dimensjonerast
- har brei kunnskap om kva som påverkar kuldebehovet for eit kuldeanlegg og varmebehovet for ei varmepumpe
- har brei kunnskap om systemløysingar som blir brukte i større anlegg, inkludert anlegg med naturlege medium
- har brei kunnskap om kva som påverkar val av systemløysing for kulde- og varmepumpeanlegg
- har innsikt i lover, forskrifter, standardar og normer som har betyding for konstruksjon og produksjon av kulde- og varmepumpeanlegg
- har kunnskap om kva som påverkar trykktap i eit kulde- eller varmepumpeanlegg, og veit korleis trykktapet påverkar ulike ytingar og COP i anlegget
- har kunnskap om dynamikken i anlegg med fleire kompressorar og fordamparar
- kjenner til bruken av TTT-kurver i samband med haldbarheit for matvarer
- har brei kunnskap om kunstige og naturlege kuldemedium og deira fortrinn og manglar
- har kunnskap om kva som påverkar haldbarheita til næringsmiddel, og om korleis kuldeteknikken kan bidra til å forlengje henne
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføre kuldebehovsberekningar for kuldeanlegg og varmebehovsberekningar for varmepumper og med utgangspunkt i dei siste tala finne rett storleik på varmepumpa
- kan velje hovudkomponentar til kuldeanlegg og varmepumper ut frå gitte ytingar
- kan gjennomføre investeringsanalysar for varmepumper opp mot alternative oppvarmingsmetodar
- kan berekne trykktap i alle røyr i ein kuldeprosess og vurdere kva trykktapet har å seie for ytingar, effektar og COP/ SCOP for prosessen
- kan framstille TTT-kurver for produkt med kjend haldbarheit
- kan reflektere over sitt eige arbeid i samsvar med lover, forskrifter, standardar og normer som gjeld for konstruksjon og produksjon
Generell kompetanse
Studenten
- kan samarbeide med andre yrkesgrupper som er med på å prosjektere og byggje kulde- og varmepumpeanlegg
- har kunnskap om og forståing for dei miljømessige og etiske problemstillingane som kan dukke opp i samband med prosjektering, bygging og drift av kulde- og varmepumpeanlegg
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn frå kulde- og varmepumpebransjen og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
Tema
- Kuldebehovsberekning
- Komponentval
- Trykktapsberekningar
- Dimensjonering av varmepumper
- Haldbarheit for næringsmiddel
Prosjektering av kulde- og varmepumpeanlegg 2
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Prosjektering av kulde- og varmepumpeanlegg 2 | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har brei kunnskap om korleis CAD blir brukt til å framstille teikningar av P&ID og hovud- og styrestraumskjema for kulde- og varmepumpeanlegg
- har brei kunnskap om symbol som blir brukte ved framstilling av teikningar av kulde- og varmepumpeanlegg og hovud- og styrestraumskjema
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til normer og standardar som gjeld for framstilling av ulike teikningar av kulde- og varmepumpeanlegg og straumvegsskjemaa deira
- har brei kunnskap om lover, forskrifter, standardar og normer som gjeld for konstruksjon og produksjon av kuldeanlegg og varmepumper
- har brei kunnskap om korleis lover og forskrifter blir nytta i samband med konstruksjon og produksjon av kuldeanlegg og varmepumper
- har kunnskap om korleis dei ulike tekniske prosjektfasane blir gjennomførte frå anbod til overlevering
- har kunnskap om korleis dei ulike økonomiske prosjektfasane blir gjennomførte frå anbod til overlevering
- har kunnskap om korleis ein vurderer økonomien i eit prosjekt
- har kjennskap til praktiske erfaringsbaserte utfordringar i samband med gjennomføring av tverrfaglege prosjekt
- har kunnskap om ferdigkontroll, samsvarserklæringar og annan aktuell dokumentasjon i samband med nye anlegg
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføre ei fullstendig prosjektering av eit kulde- eller varmepumpeanlegg frå anbod til overlevering, inkludert berekning av kulde-/ varmebehov, val av kuldemedium, systemløysing og komponentar, og prissetjing
- kan utarbeide nødvendige offentlege søknader i samband med prosjektering, bygging og igangkøyring av kulde- og varmepumpeanlegg
- kan utarbeide teikningar av detaljerte kulde- og varmepumpeanlegg ved hjelp av eigna teikneprogram
- kan utarbeide nødvendig dokumentasjon som viser at alle lover, forskrifter, standardar og normer som gjeld konstruksjon og produksjon av kulde- og varmepumper, er følgde, og at krava er tilfredsstilte
- kan vurdere sitt eige arbeid i prosjekt med omsyn til lover, forskrifter, standardar og normer som har betydingi samband med konstruksjon og produksjon av kuldeanlegg og varmepumper
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre eit fullstendig kuldeteknisk prosjekt frå anbod til overlevering etter behova til eksterne målgrupper åleine eller i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan bidra til velfungerande og effektiv prosjektorganisasjon
- kan utføre arbeid etter forventingane og behova til samfunnet og forbrukarane og etter krava frå myndigheitene
Tema
- Lover og forskrifter
- Teikning av kulde- og varmepumpeanlegg
- Meisterbrevprosjekt
Hovudprosjekt
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Hovudprosjekt | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om korleis ein skriv ein prosjektrapport
- har særskild kunnskap om eit sjølvvalt tema med ei problemstilling innanfor kulde- og varmepumpeteknikk
- har kunnskap om korleis ein innhentar informasjon om temaet for hovudprosjektet
- har kunnskap om samanhengen mellom teori og praksis
- kan vurdere sitt eige prosjekt med omsyn til gjeldande lover, standardar, normer og krav
- kjenner til bransjen/yrka som er knytte til temaet i hovudprosjektet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av tema for hovudprosjektet
- kan identifisere, kartleggje og vurdere ei fagleg problemstilling
- kan delta i teamarbeid og planleggje, kommunisere og presentere prosjektarbeid og resultat
- kan skrive ein rapport om eit prosjekt
- kan drøfte samanhengen mellom teori og praksis
- kan reflektere over sitt eige prosjekt og justere dette under rettleiing frå fagfolk
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff for å vurdere kor relevant ei problemstilling er i eit prosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid åleine og som deltakar i ei gruppe i tråd med formelle og etiske krav og retningslinjer
- har utvikla eit medvit rundt prosjektarbeid og kan fordjupe seg i temaet som dannar grunnlag for prosjektet, og tenkje kreativt og nyskapande
- kan gjennomføre eit prosjektarbeid i tråd med behova til bedrifta eller arbeidsgivaren
- kan utveksle synspunkt med andre i gruppa eller bedrifta og delta i diskusjonar om utviklinga av eit prosjekt