Hopp til hovedinnhold

​​Arbeid med dei yngste barna​

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Høgare yrkesfagleg utdanning i arbeid med dei yngste barna har som mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som tek initiativ til å planleggje, organisere og gjennomføre pedagogisk arbeid med dei yngste barna. Studentane skal tileigne seg kompetanse som styrkjer samarbeidet deira med barn, personale og føresette til beste for barnet. Studentane skal utvikle ei etisk grunnhaldning som bidreg til eit anerkjennande, leikent og omsorgsfullt samspel både med enkeltbarn og med barn i gruppe. Innhaldet i utdanninga er forankra i lover, forskrifter og andre styringsdokument som er relevante for arbeid med dei yngste barna.