Arbeid med dei yngste barna
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om dei yngste barna og kjennskap til aktuelle omgrep og teoriar innanfor pedagogikk, sosiologi og etikk
- har innsikt i regelverk, lover, forskrifter og andre styringsdokument som er relevante for arbeid med dei yngste barna
- kan oppdatere kompetansen sin om arbeid med dei yngste barna gjennom relevant og nyare forskings- og utviklingsarbeid
- har kunnskap om oppvekstsektoren og kjennskap til arbeid med dei yngste barna og deira utvikling, tryggleik, trivsel og meistring
- forstår kva tidleg innsats, mangfald og livslang læring betyr for dei yngste barna i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheter
Kandidaten
- kan hjelpe til med å observere og kartleggje dei yngste barna og i samarbeid med den pedagogisk ansvarlege identifisere behov for tiltak som er til det beste for enkeltindividet
- kan bruke ulike arbeidsmetodar for å leggje til rette for heilskaplege læringsprosessar som fremjar trivsel og allsidig utvikling blant dei yngste barna
- kan finne relevant fagstoff og bruke det til å drøfte og grunngi ulike problemstillingar knytte til arbeid med dei yngste barna
Generell kompetanse
Kandidaten
- har forståing for yrkesetiske prinsipp som gjeld i oppvekstsektoren, i arbeidet med dei yngste barna
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i arbeidet med dei yngste barna
- kan byggje relasjonar via god kommunikasjon og bidra til eit godt samarbeid med familiar og kollegaer og på tverrfaglege arenaer
- kan utføre det pedagogiske arbeidet med dei yngste barna og bidra til psykisk helse og livsmeistring for det enkelte barnet
- kan utvikle arbeidsmetodar for å fremje heilskapleg læring for dei yngste