Fagskolekonferansen 2022

Korleis kan høgare yrkesfagleg utdanning møte forventningane og krava i eit samfunn i endring? Fagskolekonferansen 2022 er den viktigaste nasjonale møteplassen for deg som jobbar med høgare yrkesfagleg utdanning. Her får du inspirasjon og fagleg påfyll.

Presentasjoner

09.nov-Overgangsordningar i høgare yrkesfagleg utdanning 
09.nov–Utviklingsmidlar for høgare yrkesfagleg utdanning-THYF 
09.nov–Utviklingsmidlar for høgare yrkesfagleg utdanning-Hk-dir
09.nov–Internasjonalisering og Erasmus+ for nybegynnarar - HK-dir
09.nov–Internasjonalisering og Erasmus+ for nybegynnarar - Vea
09.nov–Studentmedverknad i fagskulane  
09.nov -Nasjonalt fagskoleråd  
09.nov-Er det noko bestandig i eit omskifteleg samfunns- og arbeidsliv? 
09.nov-Organisasjon for Norske Fagskolestudenter 

10.nov-kva kan me lære av gode grannar? 
10.nov-Mellom barken og veden 
10.nov-Studentreisen
10.nov-Kvalitetsutvikling og vekst 
10.nov–Internasjonalisering og Erasmus+ for vidarekommande-HK-dir
10.nov–Internasjonalisering og Erasmus+ for vidarekommande
10.nov–Korleis lagar vi gode læringsutbyteskildringar 
10.nov–Utviklingsmidlar publisert under 9.11 
10.nov–synleg eller usynleg? 
10.nov-Praktisk udugelighet

Under Fagskolekonferansen 2022  vil deltakarane få siste nytt frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Organisasjon for Norske Fagskolestudentar og Nasjonalt fagskoleråd.

Vi stiller spørsmål om korleis politikarane jobbar for å utvikle høgare yrkesfagleg utdanning, korleis studentane vil lære i framtida og korleis vi kan gjere endå meir for å fremme høgare yrkesfagleg utdanning.

I løpet av konferansen skal vi rette blikket mot desse tema og ikkje minst snakke saman, på tvers av fagskolar og direktorat. Vi skal òg kunngjere vinnaren av Utdanningskvalitetsprisen og vinnaren av Senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning.

Vi ser fram til både programinnslag i plenum og parallelle sesjonar. Du kan lese meir om dei parallelle sesjonane i oversikta under.    

Onsdag 9. november

Kl. 10.30-11.30 - kaffe og registrering
Kl. 11.30-12.15 - plenumssesjon
  • Velkommen til Fagskolekonferansen 2022

    Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) ynskjer velkommen til årets konferanse for høgare yrkesfagleg utdanning (HYU).  Deltakarane vil få sjå ulike studentbidrag og møte vinnarane av Senter for fremragande høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg svarer representantar frå utdannings- og forskingskomiteen på spørsmål om korleis komiteen jobbar med vekst, dimensjonering og kvalitetsutvikling. 

Kl. 12.15-13.15 lunsj
kl. 13.15-14.00 plenumssesjon
  • Neste steg i fagskolereformen

    I denne delen av programmet svarer representantar frå utdannings- og forskingskomiteen på spørsmål om korleis komiteen jobbar med vekst, dimensjonering og kvalitetsutvikling. 

Kl. 14.15-15.15 - parallelle sesjonar
  • Overgangsordningar i høgare yrkesfagleg utdanning (vert strøyma)

    I 2021 fekk sju prosjekt midlar til å utvikle gode overgangsordningar mellom høgare yrkesfagleg utdanning og utdanningar i UH-sektoren. Det overordna målet med utlysinga var å gjere utdanningsvegar mellom høgare yrkesfagleg utdanning og universitets-/høgskoleutdanning tydelegare og meir føreseieleg for studentane. I dag finst det ikkje nokon nasjonale løysingar for dette.
    Prosjekta er no halvvegs i arbeidet og vi har invitert med to av prosjektleiarane for å gi oss eit innblikk i deira erfaringar så langt. Dei to prosjekta representerer to ulike fagfelt, men har likevel støytt på ein del av dei same utfordringane. Dei vil gi oss ein kort presentasjon av prosjekta, både vegen fram til der dei er i dag, og vegen vidare.
    Presentasjonane vil ta den første halvtimen av sesjonen, medan den andre halvtimen er sett av til dialog med konferansedeltakarane.

    Fag- og utviklingsansvarleg ved Fagskolen AOF Norge, Camilla Bertelsen 
    Førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Rannveig Litlabø 

  • Utviklingsmidlar for høgare yrkesfagleg utdanning

    I denne sesjonen vil HK-dir gje eit innblikk i kva som kjenneteiknar prosjekt som får tilsegn om midlar og gje ei oversikt om justeringar i retningslinjene for utviklingsmidlane. I tillegg vil vi få eksemplar frå sektoren om erfaringar med søknadsskriving og prosjektgjennomføring. 

    Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, Kjerstin B. Klokkeide og Fredrik Sagafoss

     

  • Internasjonalisering og Erasmus+ for nybegynnarar

    I denne sesjonen innleiar HK-dir om moglegheitene i Erasmus+. Deretter delar Anne Stine Solberg, Norges grønne fagskole - Vea, erfaringar frå deira arbeid med internasjonalisering. Deltakar vil i tillegg få belyst ulike spørsmål som korleis fagskulen kan byggje dei gode relasjonane over landegrenser og skaffe gode samarbeidspartnarar.

    Det blir høve til å stille spørsmål. 

    Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Carl Endre Espeland
    Norges grønne fagskole - Vea, Anne Stine Solberg

     

  • Studentmedverknad i fagskulane

    Studentane er ein viktig partnar i fagskulane sitt arbeid med å vurdere, sikre og utvikle kvaliteten ved fagskuleutdanningane. Robuste system for studentmedverknad er ein føresetnad for at kvalitetsarbeidet også kan forankrast godt blant studentane, i tillegg til hjå leiinga og tilsette ved fagskulen. Samstundes er medverknad blant dei temaa som kjem svakast ut i Studiebarometeret – NOKUT si årlege spørjeundersøking til fagskulestudentane. 
    I denne parallellsesjonen ønsker NOKUT og ONF å sette fokus på status for studentmedverknad i fagskulane, og korleis dette aspektet kan styrkast i ein sektor i endring. Korleis kan og bør det leggast til rette for studentmedverknad i fagskulesektoren i dag, og i åra som kjem?

    Rådgjevar ved Avdeling for Evaluering og Analyse i NOKUT, Kristoffer Fretland Øygarden 
    Organisasjon for Norske Fagskulestudentar (ONF), Henning Skau 

     

Kl. 15.40-16.40 - plenumssesjon
  • Nasjonalt fagskoleråd

    Nasjonalt fagskoleråd gir råd i spørsmål om høgare yrkesfagleg utdanning. I 2022 ble det oppnemnt eit nytt fagskuleråd. Tord Hauge, leiar, presenterer dei nye medlemmane. 
    I innlegget vil Tord snakke om rådets arbeid i ein tid med store endringar, også korleis rådet jobbar samen med Kunnskapsdepartementet og politikarane, samt korleis fagskulesektoren kan bruke rådet på best mogleg måte. 
    Leiar Nasjonal fagskoleråd, Tord Hauge

  • Er det noko bestandig i eit omskifteleg samfunns- og arbeidsliv?

    Fagskolesektoren spelar ei viktig rolle i kompetanseutvikling og livslang læring. Raske endringar i samfunns- og arbeidsliv fører til eit høgt omstillingstrykk og nye kompetansebehov. Det som ikkje endrar seg er behovet for arbeidstakarar med godt utvikla soft skills: Som kan problemløyse aleine og saman med andre, samhandle, tenke kritisk; som er kreative og reflekterte. Kva betyr det i praksis å utvikle soft skills? Kva krav stiller det til fagskolane si tilrettelegging for studentlæring? 
    Siri Rutlin Harildstad, leiar for pedagogisk utvikling ved Noroff fagskole, presenterar funn frå eiga masteroppgåve som ser nærare på dette.

  • Organisasjon for Norske Fagskolestudenter (ONF)

    ONF ble etablert i 2012 og har helt siden oppstarten jobbet målrettet for utvikling av høyere yrkesfaglig utdanning. Leder av ONF gir oss et historisk tilbakeblikk og setter kursen for sektoren de neste 10 årene.
    Henning Skau, ONF

kl. 18.00-21.00 - kveldsarrangement
  • Aperitiff

    18.00-19.00 - Smak av lokal eplemost

  • Middag

    19.00-21.00 - Tre-retters meny med mineralvann og eplemost 

    Pepper- og sitrusposjert laks, sylteagurk, dill og wasabikrem

    Kalvemørbrad, selleripurè, syltet rødløk, kuminristede gulrøtter, timianpoteter, kalvesaus

    Hjemmelaget sitronterte, italiensk marengs, ristede pistasjnøtter, bringebærcoulis

Torsdag 10. november

Kl. 09.00-10.00 - plenum
  • Velkommen til konferansens andre dag

    Velkommen til konferanses andre dag. Me startar med eit studentinnslag fra Ytre Kunstfagskole.

  • Kva kan me lære av gode grannar?

    I denne sesjonen får me besøk av Hans Almgren frå Myndigheten för Yrkeshögskolen som skal presentere Sveriges referansram för kvalifikationer. Me ser på korleis andre land løysar koblingen mellom utdanning og kvalifikasjonsrammeverk.
    Myndigheten för Yrkeshögskolen, Hans Almgren

  • Mellom barken og veden

    Nokre utdanningstilbod ligg i eit mellomnivå mellom vidaregående opplæring og høgare utdanning. Det er behov for å sjå nærmare på situasjon og behov for denne type offentlege og private tilbod i framtida og vurdere plassering i eit heilskapleg opplæringssystem, jamfør NOU Mellom barken og veden frå 2000. Kor langt er vi komne med fagskolereformen 22 år etter? Ernst Sundt gjer oss nokre betrakningar om historikken, erfaringar fra arbeid med fagskoleutdanning og vegen vidare. 
    Nasjonalt fagråd for digitale og kreative fag, Ernst Sundt

  • Studentreisa

    Niklas Frogner har dei siste to åra tatt ein høgare fagskolegrad innan 3D Game Design. I tillegg har han eit stort engasjement for fagskolepolitikk, sit i landsstyret til ONF og Nasjonalt fagråd for digitale og kreative fag. Engasjementet hans har blitt lagt merke til, og han er no tilsett som prosjektleiar for studentmedverknad i Noroff. Niklas deler av sine erfaringar frå studentreisa.

Kl. 10.15-11.15 - parallelle sesjonar
  • Kvalitetsutvikling og vekst (vert strøyma)

    Fagskolesektoren er i vekst, og høgare yrkesfagleg utdanning blir i aukande grad etterspurt. Pandemien har òg utfordra fagskoleinstitusjonane på å levera raskt på kompetansehevande tiltak i form av bransjeprogram og trepartssamarbeid. Det blir forventa frå arbeidslivet, samfunnet generelt og forvaltningsorgana at vi leverer raskt på etterspørsel. Korleis påverkar dette drifta parallelt med utvikling av nye tilbod? Korleis påverkar utviklingsarbeidet våre eigne tilsette?
    Som fagområdeakkreditert fagskoletilbydar har ein evne til å levere raskare, men til kva pris? Korleis kan ein sikre involvering, god kvalitet på utdanningane og kompetanseleveransen totalt sett? Fagskolen i Viken ønsker å dele sine erfaringar, både suksesshistorier og utfordringar rundt kvalitetsutvikling og vekst sidan fusjonen i 2020.

    Fagskolen Viken, Josefine Viktoria Daniels

  • Internasjonalisering og Erasmus+ for vidarekomande

    I denne sesjonen vil det bli gitt informasjon om moglegheitene i Erasmus og korleis ein kan søka om midlar i programmet. Fokus vil vera på større internasjonale samarbeidsprosjekt, og sentraliserte prestisjetiltak. Erasmus støttar samarbeidsprosjekt som fremjar samarbeid og erfaringsutveksling på europeisk nivå, og støttar utvikling og implementering av innovative praksisar. Sentralt står samarbeidet mellom fagopplæring, høgare utdanning og arbeidsliv med fokus på regional utvikling, bærekraft og sosial inkludering
    Det vil bli lagt opp til erfaringsutveksling som ein del av denne sesjonen.

    Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Ole-Johan Berge og Gaute Myhren Kronberg

     

  • Korleis lagar vi gode læringsutbyteskildringar

    Denne parallelsesjonen er ein del av NOKUTs prosjekt for å kartleggje gode praksisar for arbeid med å utvikle og bruke læringsutbyteskildringar i utdanninga. Læringsutbyteskildringar har eit stort og samansett bruksområde. Frå utvikling av studieprogram, til didaktisk arbeid opp mot studentar, til informasjonsarbeid eller samarbeid med arbeidslivet. Målet med prosjektet er å samle miljø som jobbar med læringsutbyteskildringar på ulike måtar for å dele erfaringar, og for å kunne samle praksisar. Denne parallellsesjonen er organisert som ein workshop som føreset aktiv deltaking frå alle.

    NOKUT, Jon Furholt
    NOKUT, Merima Cengic

     

  • Utviklingsmidlar for høgare yrkesfagleg utdanning

    I denne sesjonen vil HK-dir gje eit innblikk i kva som kjenneteiknar prosjekt som får tilsegn om midlar og gje ei oversikt om justeringar i retningslinjene for utviklingsmidlane. I tillegg vil vi få eksemplar frå sektoren om erfaringar med søknadsskriving og prosjektgjennomføring. 

    Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Kjerstin B. Klokkeide og Fredrik Sagafoss

     

Kl. 11.30-13.00 - plenum
  • Synleg eller usynleg? Høgare yrkesfagleg utdanning si plass på utdanningskartet

    Kor godt kjent er høgare yrkesfagleg utdanning (HYU) i samfunnet? Dette og meir vil vi diskutere med karriererådgjevar og ein fagskoleingeniør med høgare fagskolegrad. Direktoratet innleier til diskusjonen med fakta frå karriereveildeing.no
    Eirik Øvernes, HK-dir
    Jan-Frode Hessen, rådgjevar byggesaksavdeling, Askøy kommune

  • Refleksjonskvarteret

    Kva læringsutbyte sit du igjen med etter konferansen? Korleis opplever du tilstanden i høgare yrkesfagleg utdanning og kor går vegen vidare?
    Torbjørn Mjelstad, rektor, Fagskulen Vestland, Rieneke Schilperoort, administrasjonssjef, Kunstskolen i Bergen og Thea Tuset, nestleder,  Organisasjon for Norske Fagskolestudenter vil reflektere rundt desse spørsmåla.
    Det vil og vere mogelegheit å sende inn refleksjonar via Slido.

  • Praktisk udugelighet

    Kristoffer Chelsom Vogt sender deltakerne til lunsj med budskapet: Håndballtreninger, klokketro på skolen og idiotsikre apper: Alt står i veien for at barn skal lære seg å bruke hendene.

kl.13.00-14.00 - lunsj
Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
Tid:
Frå: 9. nov. 2022 11:00
Til: 10. nov. 2022 14:00
Spørsmål?
Send en e-post til:
fagskolekonferansen@hkdir.no
Praktisk informasjon

Kommunikasjon
Mandag 7. november vil du motta en SMS med en lenke til konferanseappen, denne kan du laste ned på din mobil og lagre på hjemskjermen.
I appen vil du få tilgang til nyttig informasjon, din påmelding og QR-kode til bruk ved innsjekk til konferansen.
Avsender er HK-dir.


Konferansekostnader:
Deltakaravgift - kr. 800,- uavhengig av om du deltar ein eller begge dagar. Digitale deltakarar - kr 0,-. Middag 9. november - kr. 500,-. Administrasjonsgebyr ved avmelding - kr. 250,-. Ingen refusjon etter avmeldingsfristen 01.11.22.
Avmelding sendes til fagskolekonferansen@hkdir.no Hotellovernatting bestilles og betales direkte til hotellet.

Bookinginformasjon hotell: 
E-post: cl.bergen.airport@choice.no
Bookingnr.: 17747
Rom/frukost per enkeltrom per dag    Kr. 1790,-     Clarion Hotel Bergen Airport
Rom/frukost per enkeltrom per dag    Kr. 1590,-    Comfort Hotel Bergen Airport