Hopp til hovedinnhold

BIM-tekniker anlegg og infrastruktur

nasjonale planer

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • forstår korleis modellar og prosessar kan bidra til forståing, effektivisering, færre feil, mindre svinn og auka berekraft i livsløpet til prosjektet
  • har kunnskap om byggjebransjen og samspelet mellom dei ulike aktørane der
  • har kunnskap om modellering, informasjonsflyt, koordinering og digital samhandling, først og fremst gjennom OpenBIM
  • har innsikt i preaksepterte løysingar og har kjennskap til norske standardar og kontraktsformer og krav til detaljeringsnivå og kvalitet i modellar og teikningsgrunnlag
  • har kunnskap om å utvikle og lage styringsdokument for digital samhandling i ein byggjeprosess
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan med forskjellige digitale verktøy utvikle visuelle rapportar som gir felles forståing og eignar seg for presentasjon, dokumentasjon og kvalitetssikring
  • kan kartleggje ein situasjon der det blir nytta BIM-modellar, for å gi råd om rasjonell bruk av BIM-metodar og problemløysing i prosjekt
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for ei BIM-fagleg problemstilling ved bruk av nettbaserte kunnskapssystem, nettforum, faglege nettverk og bransjeorganisasjonar
  • kan nytte dei vanlegaste BIM-programvarene – verktøy og løysingar til å produsere grunnlag for ulike prosessar, særleg innanfor sin eigen fagbakgrunn, men òg generelt innanfor temaet bygningskonstruksjon, og noko enkel teknisk installasjon
  • kan utvikle, lage og nytte styringsdokument for praktisk samarbeid med digitale verktøy i ein byggjeprosess
  • kan nytte den BIM-faglege kunnskapen sin for å løyse oppgåver innanfor digital samhandling, løyse problem som oppstår ved bruk av BIM-program, velje rett program for rett bruk og samhandle digitalt, først og fremst gjennom IFC-formatet OpenBIM
  • kan nytte forskjellige BIM-verktøy og løysingar for å visualisere, leggje til eller endre element og objekt og berike digitale modellar med relevant informasjon
  • kan nytte forskjellige BIM-verktøy for å hauste relevante teikningar ut frå digitale modellar og gjere mengdeberekningar og kollisjonskontrollar ut frå modellane
  • kan nytte den BIM-faglege kunnskapen sin for å koordinere digital modellering og kontroll i eit byggjeprosjekt
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan utvikle og oppdatere kunnskapen sin innanfor BIM ved hjelp av eigenlæring og tverrfagleg kontakt med fagmiljø
  • kan utvikle og oppdatere kunnskapen sin innanfor BIM til å lære nye teikne- og modelleringsprogram, anna programvare og andre BIM-prosessar
  • kan utvikle arbeidsmetodar innanfor modellering og kontroll av digitale modellar i ein prosjekterings-/byggjeprosess etter kunden sine kvalitetskrav, det etterspurde BIM-detaljeringsnivået og behova til dei ulike målgruppene
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i framferda overfor kundar og samarbeidspartnarar
  • kan byggje relasjonar med andre BIM-teknikarar for å utvikle dei tverrfaglege kunnskapane og ferdigheitene sine og samtidig vise respekt for eigenarten til dei ulike faga