Hopp til hovedinnhold

Elektronikk

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Utdanninga skal lære opp fagskuleingeniørar med solid fagleg kompetanse i praktisk arbeid og eit godt teoretisk grunnlag i ei spennande elektronisk verd. Fagskuleingeniøren vil få innblikk i konstruksjon, programmering og vedlikehald av elektronikk og datamaskiner. Elektronikkstudiet gjer fagskuleingeniøren attraktiv innanfor ein stor sektor av næringslivet som driv med elektroniske system og kommunikasjon nasjonalt eller internasjonalt. Kandidaten får den teorien som krevst for å bli kvalifisert person for ekomnettautorisasjon (ENA).

Etter dei grunnleggjande faga i det første studieåret har utdanninga fordjupingsemne innanfor analoge og digitale system, elektronisk kommunikasjon, programmering, styring og reguleringsteknikk, jf. kapittelet «Emneoversikt». Nokre emne består av obligatorisk laboratoriearbeid og/eller praktiske prosjekt. Det gir studentane praktisk erfaring som kjem til nytte i arbeidslivet.