Hopp til hovedinnhold

Maskinteknikk

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Maskinteknikkutdanninga gir kompetanse som medarbeidar og leiar i verksemder i mekanisk industri. Kompetansen dannar grunnlag for at dei ulike prosessane i bedrifta er økonomisk optimale og gir gode vilkår for folk og miljø.

Utdanninga kvalifiserer til stillingar i privat og offentleg sektor innanfor leiing, prosjekt, produksjon, vedlikehald, kvalitetssikring og logistikk av varer og tenester. Mange nyttar teknisk fagskule som ei plattform for å bli faglærar eller instruktør i den vidaregåande skulen.