Hopp til hovedinnhold

Olje- og gassbehandling

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Fagretning: petroleum

Utviklinga i energisektoren skjer i høgt tempo, og teknologien blir stadig meir avansert. Norsk offshoreindustri har mykje formell kompetanse innanfor boring, brønn, havbotnteknologi og prosess. For at kompetansen skal kunne sikrast og utviklast vidare, krevst det ei fleksibel fagskuleutdanning som varetek opplæringsbehovet i industrien og dei nasjonale målsetjingane for utdanninga.

Fagretninga omfattar fordjupingane

  • boring
  • brønnservice
  • havbotninstallasjonar
  • olje- og gassbehandling

Om fordjupinga: olje- og gassbehandling

Utdanninga er retta mot personer med fagbrev i kjemiprosessfaget eller med annan relevant bakgrunn og praksis. Olje- og gassbehandling er ei fordjuping som omfattar heile produksjonsprosessen offshore og raffinering og gassbehandling på land. Utdanninga skal leie til at kandidaten kan utføre prosesstekniske arbeidsoppgåver og bidra til å drifte prosessanlegg etter spesifikasjonar og krav frå operatøren, kundane og myndigheitene.