Hopp til hovedinnhold

VVS- og klimateknikk

Nasjonale planar

5. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte skule å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte skulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

5.1 Reiskapsemne

Realfagleg reiskap

EmneTema
Realfagleg reiskap 10 studiepoeng Blir tilordna av den enkelte tilbydaren
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om realfag som reiskap innanfor fagområdet sitt
  • har kunnskap om realfaglege omgrep, teoriar, analysar, strategiar, prosessar og verktøy som blir nytta
  • kan utføre berekningar, overslag og problemløysing med relevans for dimensjonering og andre problemstillingar innanfor studieretninga
  • kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med matematiske og fysiske lover
  • kan utvide kunnskapen sin og har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor realfag
  • kjenner til matematikkens og fysikkens eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av reknemetoden som blir brukt til å løyse faglege problem
  • kan gjere greie for val av digitale verktøy som blir brukte til problemløysing innanfor realfaglege tema
  • kan nytte digitale hjelpemiddel til å løyse likningar og andre matematiske oppgåver
  • kan vurdere resultat av berekningar og reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne og vise til relevant informasjon og fagstoff i formelsamlingar, tabellar og fagbøker
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere realfaglege problemstillingar
  • har kjennskap til og kan nytte grunnleggjande fysiske lover og fysikkens metodikk
  • kan tolke og bruke modellar som blir nytta innanfor matematikk og fysikk
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe ved å nytte realfag i tråd med etiske krav, retningslinjer og målgruppa sine behova
  • har innsikt i kva føresetnader og forenklingar hen har gjort i berekningane sine
  • har innsikt i rekkjevidda og avgrensingane til metodane som blir brukte
  • kan utveksle synspunkt og samarbeide med fagfellar om fagspesifikke problemstillingar med realfag som tverrfagleg fundament, og dermed bidra til organisasjonsutvikling

Kommunikasjon

EmneTema
Kommunikasjon 10 studiepoeng Blir tilordna av den enkelte tilbydaren
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande kommunikasjonsteori
  • kjenner til kva kulturell identitet har å seie for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
  • har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
  • har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
  • har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
  • kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldetilvising, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
  • har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og produksjon
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling, og korleis ein kan svare på henne
Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
  • kan bruke relevante omgrep for å analysere sin eigen og andres tekst
  • kan reflektere over og revidere tekstar
  • kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
  • kan byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
  • kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke han kritisk, formålstenleg og etterretteleg
  • kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
  • kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjonen, målet og mottakaren
  • kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i ein profesjonell samanheng
  • kan uttrykkje seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
  • kan planleggje, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
  • kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
  • kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetjing
  • meistrar relevante kommunikasjonsverktøy
  • kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
  • kan samarbeide om tekstproduksjon

Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

EmneTema
LØM 10 studiepoeng Økonomistyring Organisasjon og leiing Marknadsføringsleiing
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale omgrep innanfor økonomi, organisasjon og marknadsføring knytte til føretaksleiing
  • har kunnskap om lønnskostnader
  • har kunnskap om mål, tiltak og handlingsplanar
  • kjenner til aktuelle lover og avtalar innanfor emnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan kartleggje eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalysar
  • kan gjere greie for den økonomiske statusen i bedrifta ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke dei i analysar og kalkylar
  • kan vurdere betalingsevna og kapitalbehovet til bedrifta
  • kan planleggje økonomiske milepælar ved å utarbeide budsjett og gjere greie for økonomisk måloppnåing ved å vurdere eventuelle avvik
  • kan gjennomføre ein investeringsanalyse og reflektere over lønnsemda i ei mogleg framtidig investering
  • kan bruke rekneark i arbeidet med rekneskap, budsjett, analysar og kalkylar
  • kan gjere ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
  • kan vurdere organisasjonsstrukturen og kulturen og arbeidsmiljøet for å vidareutvikle verksemda
  • kan kommunisere med, leie og motivere personalet på måtar som fremjar effektivitet og trivsel
  • kan identifisere, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
  • kan planleggje og gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, frå behovsanalyse til introduksjon
  • kan gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kunden si kjøpsåtferd i desse
  • kan vurdere val av marknadskommunikasjonstiltak i aktuelle medium og tilpasse bodskap til utvalde målgrupper i dei aktuelle media
  • kan vurdere kva produkt bedrifta bør satse på, i kva marknader satsinga bør skje, og kva distribusjonskanalar ein bør nytte
  • kan vurdere val av verksemds- og marknadsstrategi
Generell kompetanse

Studenten

  • kan innanfor gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt
  • kan etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremjar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
  • har digital kompetanse til å søkje kunnskap og informasjon og kan tolke og bruke informasjonen i det vidare arbeidet
  • kan kommunisere internt og eksternt og nytte digitale verktøy til dette
  • kan utarbeide relevante faglege dokument som til dømes pristilbod, tiltaks-/handlingsplanar, arbeidsavtalar, møteinnkallingar med saksframlegg, forretningsplanar og marknadsplanar
  • kan reflektere over samfunnsutviklinga og relatere utviklinga til bedrifta sin situasjon

5.2 Grunnlagsemne

Rammevilkår for klima, energi og miljø i bygg

EmneStudiepoeng
Rammevilkår for klima, energi og miljø i bygg15
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om reglar og bransjenormer for private og offentlege anskaffingar
  • har kunnskap om globale- og nasjonale klima- og miljøutfordringar
  • har kunnskap om normer for og krav til miljøsertifisering, LCC og berekraftige VVS- og klimatekniske installasjonar i bygg
  • har kunnskap om energieffektive bygningskonsept med låg miljøbelasting og godt inneklima
  • har kunnskap om inneklima, byggkonstruksjonar, byggjemateriale og VVS- og klimatekniske installasjonar i bygg
  • har kunnskap om rett energibruk i bygg og veit kva som må til for å skape eit godt inneklima
  • har grunnleggjande kunnskap om termodynamikk og energi- og klimatekniske berekningar
  • har grunnleggjande kunnskap om energimerking, metodar for energivurdering, måletekniske metodar og utstyr som blir nytta i VVS- og klimatekniske installasjonar
  • har innsikt i prinsipp for energi- og miljøleiing og energioppfølgingssystem
  • har kunnskap om samkøyring av dei tekniske anlegga slik at ein sikrar optimal driftsøkonomi og eit godt inneklima
  • har innsikt i gjeldande regelverk, tekniske standardar, avtalar og krav til kvalitet som gjeld for VVS- og klimatekniske installasjonar, og kan vurdere sitt eige arbeid opp mot regelverket
Ferdigheiter

Studenten

  • kan kartleggje ein situasjon og vurdere, identifisere, planleggje og setje i verk tiltak som optimaliserer energibruken, reduserer miljøbelastinga og sikrar tilfredsstillande inneklima i bygningar
  • kan finne fram og vise til relevant faglitteratur og utføre tekniske målingar og grunnleggjande energitekniske berekningar i samsvar med gjeldande regelverk
  • kan nytte bygg-, VVS- og klimatekniske teikningar
  • kan nytte relevant IT-verktøy, inkludert bransjerelevant 3D-modelleringsverktøy
  • kan nytte metodar for energi- og miljøleiing og energioppfølgingssystem
  • kan reflektere over brann-, fukt- og lydtekniske forhold i byggverk og over korleis prosjekta påverkar miljø og samfunn
  • kan gjere greie for dei faglege vala sine innanfor dei aktuelle disiplinane
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing i tråd med retningslinjene til bedrifta
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre eit prosjekt med tanke på energi og miljø i bygg som deltakar i eller leiar av ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan utarbeide enkle bransjerelaterte teikningar ved hjelp av eit relevant 3D-modelleringsverktøy
  • kan utføre eit prosjekt etter ønska til kunden og krava frå myndigheitene
  • kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor energi og miljø i bygg og på tvers av fag og med eksterne målgrupper
  • kan utveksle synspunkt med andre som har bakgrunn frå energi og miljø i bygg, og kan delta i diskusjonar om nasjonale og globale klimautfordringar og om korleis ein kan oppfylle stadig skjerpa krav til energieffektive tekniske installasjonar i bygg utan at det går utover funksjon og inneklima
  • kan bidra til organisasjonsutvikling gjennom å formidle energiteknisk kompetanse
Tema
  • Private og offentlege anskaffingar
  • Globale og nasjonale klima- og miljøutfordringar
  • Miljøsertifisering, LCC og berekraft
  • Energi- og miljøeffektive bygg
  • Grunnlag for bygningstekniske installasjonar
  • Lover, forskrifter og bransjenormer for prosjektering av bygg og tekniske installasjonar
  • Grunnleggjande forståing for BIM og energiberekningar

5.3 Fordjupingsemne

VVS- og klimateknisk prosjektering

EmneStudiepoeng
VVS- og klimateknisk prosjektering25
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om prosjektering av sanitæranlegg, varmeanlegg, brannsløkkjeanlegg, kuldesystem og varmepumper, luftbehandling og komfortkjøling
  • har kunnskap om VVS-teknisk prosjektering av energioptimale systemløysingar og om regulering og lokal energiproduksjon
  • kan vurdere sitt eige arbeid opp mot gjeldande regelverk og standardar som seier korleis VVS- og klimatekniske anlegg skal prosjekterast
  • har bransjekunnskap om behovet for tverrfagleg koordinering av eigne fag og av eigne og andre fag i byggjeprosjekt
  • har innsikt i behovet for kontinuerleg informasjonsutveksling mellom aktørane i eit prosjekteringsoppdrag
  • har innsikt i bygningsinformasjonsmodellering (BIM)
  • har kunnskap om krav til prosjektmaterialet
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om VVS-prosjektering
  • kjenner tilVVS- og klimabransjens historie, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for dei faglege vala sine i samband med systemløysingar innanfor VVS- og energitekniske anlegg for ulike typar bygg/bruksområde
  • kan nytte fagleg kunnskap om gjeldande krav til energi, effekt og inneklima og andre relevante krav
  • kan nytte relevante faglege verktøy, materiale, teknikkar og uttrykksformer innanfor design, dimensjonering og dokumentasjon av VVS-tekniske anlegg tilsvarande tiltaksklasse 2 etter plan- og bygningslova
  • kan nytte relevante VVS- og klimarelaterte modelleringsprogram som verktøy for design, dimensjonering og andre relevante berekningar
  • kan nytte fagleg kunnskap om tverrfagleg optimering mellom dei VVS- og energitekniske disiplinane og opp mot dei andre faga i bygget
  • kan nytte kunnskap om systemskjema for VVS- og energitekniske anlegg med komponentmerking etter aktuelle tverrfaglege merkesystem og funksjons-/reguleringsbeskrivingar
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor VVS- og klimateknisk prosjektering og justere denne under rettleiing i tråd med retningslinjene til bedrifta

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor prosjektering, kalkulasjon og gjennomføring av VVS- og klimatekniske installasjonar åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan utføre kvalifisert VVS-arbeid for alle bygg, inkludert klima, energi og miljø, etter samfunnets behov
  • har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp ved representasjon av firmaet i korrespondanse og møte med andre aktørar i prosjekt, med fokus på gjennomgang, avklaring og justering av eigne og andres løysingsforslag
  • kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor VVS- og klimateknisk prosjektering og systemforståing og på tvers av fag med involverte aktørar
  • kan utveksle synspunkt med andre som har bakgrunn frå VVS- og klimateknisk prosjektering og systemforståing, og kan delta i diskusjonar om utvikling av god praksis, med mål om optimal samkøyring av alle installasjonar som påverkar inneklimaet
Tema
  • VVS- og klimateknisk prosjektering
  • Sanitærinstallasjonar
  • Varme- og kuldeinstallasjonar
  • Sløkkjeinstallasjonar
  • Ventilasjons- og klimainstallasjonar

Lokale tema innanfor VVS- og klimatekniske installasjonar

EmneStudiepoeng
Lokale tema innanfor VVS- og klimatekniske installasjonar15
Læringsutbytte

Tilbydaren beskriv kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i samsvar med NKR.

Tema

Fagskulen skal opprette eit lokalt emne eller ei kvalifiserande spesialisering som skal gi studenten fagleg breidd og/eller bidra til fagleg fordjuping. Ved fullført emne skal studenten demonstrere utvida forståing og kompetanse knytt til emnet.

Styring og automatisering av bygningstekniske installasjonar

EmneStudiepoeng
Styring og automatisering av bygningstekniske installasjonar10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om aktuelle elektriske anlegg, reguleringsteknikk, strategiar og utstyr (automatikk) inkludert sentral driftskontroll (SD-anlegg) i VVS-tekniske installasjonar
  • har kunnskap om samanhengen mellom regulering av hydrauliske system, elektrisk utstyr, automatikkskjema og databussystem som inngår i automatikkanlegg i dei klimatekniske anlegga i bygg
  • har innsikt i aktuelt regelverk for elektriske anlegg, medrekna kva arbeid som kan utførast av andre enn elektroføretak som er registrerte i elverksemdsregisteret hos Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)
  • har kunnskap om tverrfagleg systemforståing av dei klimatekniske anlegga i bygg
  • har kunnskap om elektrotekniske skjema med utgangspunkt i funksjonsbeskrivingar
  • har innsikt i tekniske krav til elektriske anlegg, avhengig av kva for ein type spenningssystem og driftsspenning det elektriske anlegget er tilkopla, med omsyn til mellom anna risikoen ved å betene utstyr i fordelingstavler
  • har kunnskap om bussystem og protokollar som er brukte i SD-anlegg, og om automasjon for VVS- og klimatekniske anlegg
  • har innsikt i ulike typar vern i elektriske installasjonar, startstraumar og metodar for mjukstart og turtalsregulering av motorar og regulering av anna effektkrevjande utstyr (til dømes varmebatteri) for å oppnå ein optimal driftssituasjon og vurdere risikoen ved å betene slike
  • har kunnskap om maskindirektivets forskrifter som gjeld bygging av maskiner og CE-merking

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kartleggje ein situasjon og i samråd med autoriserte aktørar vurdere risikoen ved å planleggje arbeid og målingar på elektriske anlegg, og kan dessutan ta stilling til kva aktørar som lovleg kan ta på seg arbeidet med å utbetre eller rette feil
  • kan gjere greie for dei faglege vala sine i samband med teikning av enkle elektrotekniske skjema med utgangspunkt i funksjonsbeskrivingar
  • kan finne fram til fagstoff, vurdere relevansen og foreslå forbetringstiltak
  • kan nytte krav til fordelingstavler og styrereiskap med omsyn til om dei er konstruerte for sakkyndig eller usakkyndig betening
  • kan nytte verksemda sitt internkontrollsystem med omsyn til rutinar og prosedyrar
  • kan kartleggje ein situasjon og vurdere og setje i verk tiltak som reduserer risiko for personskade under drift, vedlikehald og reparasjon av VVS-teknisk automatikk og styringar
  • kan nytte relevante forskrifter med heimel i eltilsynslova og kjenner konsekvensane av å bryte forskriftene
  • kan lage funksjonsbeskrivingar slik at automatikken for VVS- og klimatekniske anlegg verkar på rett måte

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre eit anlegg innanfor elektro og automatisering, som automatikkanlegg inkludert sentral driftskontroll, anten som deltakar i eller leiar av ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan planleggje og gjennomføre eit prosjekt med grensesnitthandtering mellom ulike fag som inngår i VVS- og klimateknisk entreprise (teknisk integrator – ITB), åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med krav til godt inneklima, redusert energibruk og reduserte driftskostnader i bygget
  • kan gjennomføre eit prosjekt etter ønska til kunden og krava frå myndigheitene og verifisere om det utførte arbeidet er gjort i tråd med bestillinga
  • kan lage ein behovsspesifikasjon for automatikkanlegg, inkludert sentral driftskontroll, og planleggje og bestille enkle arbeid
  • kan teikne enkle elektrotekniske skjema
  • kan gjennomføre elektriske målingar på klimatekniske anlegg på ein risikofri og sikker måte og gjere greie for måleresultata for aktuelle oppdragsgivarar
  • kan utføre eit visuelt ettersyn og ein visuell kontroll av dei elektriske installasjonane, automatikken og styringssystema for dei klimatekniske anlegga i bygg før oppstart, ved igangkøyring, ved overlevering og under drift
  • kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor elektro og automatisering og på tvers av fag med involverte aktørar
  • kan utveksle synspunkt med andre som har bakgrunn frå elektro og automatisering, og kan delta i diskusjonar om utvikling av god praksis, med mål om optimal samkøyring av alle installasjonar som påverkar inneklimaet
Tema
  • Reguleringsteknikk, automatisering og sentral driftskontroll (SD-anlegg)
  • Teknisk integrasjon og grensesnitt
  • ITB (integrerte tekniske bygningsinstallasjonar)

Fagleg leiing for VVS- og klimatekniske installasjonar

EmneStudiepoeng
Fagleg leiing for VVS- og klimatekniske installasjonar 15
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har innsikt i aktuelle lover, forskrifter, vedtekter og standardar innanfor emnet
  • har kunnskap om entrepriseformer, kontrahering og kontraktsformer
  • har kunnskap om prosessar knytte til anbod og kontraktsinngåing
  • har innsikt i aktuelle krav til godkjennings-, sertifiserings- og kontrollordningar
  • har kunnskap om kvalitetsstyring og HMS som ein viktig del av all prosjektering, planlegging og utføring
  • har innsikt i fysiske, organisatoriske og psykososiale arbeidsmiljøfaktorar
  • har kunnskap om metodikk for å styre, gjennomføre, leie og følgje opp klima-, energi- og miljøtekniske installasjonar
  • har kunnskap om ferdigstilling, prøvedrift, overlevering og sluttdokumentasjon
  • har kunnskap om innhald i rutinar for opplæring av driftspersonell
  • har kunnskap om aktuelle bransjenormer og standardar for forvalting, drift, vedlikehald og utvikling (FDVU)

Ferdigheiter

Studenten

  • kan finne informasjon i akkordtariff, bedrifta sitt lønnssystem og materialprisar i samband med kalkulasjon og kostnadsberekning av røyr- og ventilasjonstekniske installasjonar
  • kan nytte aktuelle standardar for anbod, tilbod og kontraktar for aktuelle prosjekt
  • kan finne og vise til informasjon om KS-/SHA-/HMS-plan etter godkjennings-, sertifiserings- og kontrollordningar
  • kan kartleggje ein situasjon og vurdere og identifisere behov for tiltak med omsyn til avvik frå KS-/SHA-/HMS-plan, medrekna rutinar for avvikshandtering og dokumentasjon
  • kan reflektere over eiga og andres sikkerheit på ein byggje-/anleggsplass
  • kan nytte IT-baserte kalkulasjons- og prosjektstyringsverktøy som hjelp i planlegging og oppfølging av aktivitetar, ressursar, kostnader og tidsforbruk i bransjerelaterte prosjekt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre søknader om løyve i aktuelle tiltaksklassar i samsvar med lover, forskrifter og rettleiingar relaterte til bransje, medrekna krav til innhald i søknad om løyve til tiltak og erklæring om ansvarsrett 
  • kan kalkulere og kostnadsberekne røyr- og ventilasjonstekniske installasjonar for private og profesjonelle oppdragsgivarar, medrekna utarbeiding av anbod og tilbod
  • kan planleggje og følgje opp anbod, tilbod, kontraktar, HMS-/KS-krav i ei byggjesak åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer for å vareta kontraktsmessige plikter og rettar
  • kan planleggje og gjennomføre implementering av ein KS-/SHA-/HMS-plan etter godkjennings-, sertifiserings- og kontrollordningar
  • kan utføre arbeidet sitt etter behova til kundane og krava frå myndigheitene i ei byggjesak
  • kan skape relasjonar med fagfellar i bygg- og anleggsbransjen, på tvers av fag og med byggherrar og myndigheiter for å utvide sin eigen kunnskap om byggjesaker
  • kan utveksle synspunkt med andre som har bakgrunn frå bygg- og anleggsbransjen, og delta i diskusjonar om utfordringar i byggjesaker
  • kan bidra til kultur- og organisasjonsutvikling
Tema
  • Kalkulasjon og anbodsberekning
  • Kontrahering, kontraktar og entreprisar
  • Søknad om løyve til tiltak – erklæring om ansvarsrett
  • Søknad om igangsetjing (IG)
  • Prosjektgjennomføring
  • Kvalitetsstyring og HMS
  • Avviksbehandling og dokumentasjon
  • Ferdigstilling, prøvedrift, overtaking og sluttdokumentasjon
  • Opplæring av driftspersonell
  • Forvalting, drift, vedlikehald og utvikling (FDVU)
  • Kultur i byggjebransjen

Hovudprosjekt

EmneStudiepoeng
Hovudprosjekt10 (2 studiepoeng hentet fra kommunikasjon)
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om korleis ein skriv ein prosjektrapport
  • har særskild kunnskap om eit sjølvvalt tema med ei problemstilling innanfor fordjupinga
  • har kunnskap om korleis ein innhentar informasjon om temaet for hovudprosjektet
  • har kunnskap om samanhengen mellom teori og praksis
  • kan vurdere sitt eige prosjekt med omsyn til gjeldande normer og krav
  • kjenner til bransjen/yrka som er knytte til temaet i hovudprosjektet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av tema for hovudprosjektet
  • kan identifisere, kartleggje og vurdere ei fagleg problemstilling
  • kan delta i teamarbeid og planleggje, kommunisere og presentere prosjektarbeid og resultat
  • kan skrive ein rapport om eit prosjekt
  • kan drøfte samanhengen mellom teori og praksis
  • kan reflektere over sitt eige prosjekt og justere dette under rettleiing frå fagfolk
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff for å vurdere kor relevant ei problemstilling er i eit prosjekt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid åleine og som deltakar i ei gruppe i tråd med formelle og etiske krav og retningslinjer
  • har utvikla eit medvit rundt prosjektarbeid og kan fordjupe seg i temaet som dannar grunnlag for prosjektet, og tenkje kreativt og nyskapande
  • kan utføre eit prosjektarbeid i tråd med behova til bedrifta eller arbeidsgivaren
  • kan utveksle synspunkt med andre i gruppa eller bedrifta og delta i diskusjonar om utviklinga av eit prosjekt