Hopp til hovedinnhold

Anlegg​

Nasjonale planar​

2. Om utdanninga

Anleggsbransjen er ein stor og viktig bransje. Det er stort behov for fagutdanna som kan planleggje og koordinere produksjon, innkjøp og person- og maskinressursar i anleggsprosjekt. Det gjeld både nye anlegg, omlegging/ombygging og forvalting, drift og vedlikehald av eksisterande anlegg.

Fagskulen er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på relevant kompetanse, anten realkompetanse eller fagbrev. Utdanninga er for deg som har yrkesfagleg utdanning innanfor anleggsfaget og no ønskjer ei vidareutdanning, for deg som har arbeidd i bransjen og no ønskjer formell kompetanse, eller for deg som har leiarambisjonar.

Fagretninga anlegg på fagskulenivå er ei utdanning for anleggsarbeidarar og maskinførarar. Dei viktigaste arbeidsområda for dei som har utdanning frå fagskule innanfor anlegg, er entreprenørverksemder, kommunar og eiga bedrift. Utdanninga kvalifiserer til stillingar i privat og offentleg sektor.

Mange nyutdanna fagskuleingeniørar går rett inn i leiarstillingar eller ingeniørstillingar i det private næringslivet og i det offentlege. Fagskuleingeniøren er ettertrakta arbeidskraft, mykje på grunn av kombinasjonen av praktisk bakgrunn og teoretisk utdanning som byggjer på denne. Ofte kan ein som nyutdanna gå rett inn som operativ i ei bedrift utan nokon lengre opplæringsperiode, slik ein ingeniørstudent utan praktisk bakgrunn som regel må ha. Utdanninga som fagskuleingeniør gir eit godt grunnlag for å møte utfordringar som ein som fagleg ansvarleg står overfor i arbeidet sitt. Kombinasjonen av leiing, økonomi og helse, miljø og sikkerheit i tillegg til anleggstekniske fag gjer utdanninga aktuell og ettertrakta for framtidige arbeidsgivarar.

Fagretninga anlegg har tette band til relaterte bransjar som bygg, VVS- og klimateknikk, elkraft og automatisering. Samhandling mellom desse fagretningane skjer kvar dag på byggje- og anleggsplassar. Derfor er det viktig at studiet legg til rette for samhandling mellom dei relaterte utdanningane.

Byggje- og anleggsnæringa er ein viktig del av berekraftløysinga. Berekraft består av tre element: 1) sosiale forhold, 2) miljø og klima og 3) økonomi.

Korleis bidreg byggje- og anleggsnæringa?

Sosiale forhold: Kompetanse, forsking og innovasjon er viktig for å sikre omstillingsevne og høve til å skape ny vekst. Omstillinga næringa står i, må gå hand i hand med eit anstendig og trygt arbeidsliv der ein òg legg til rette for at fleire kjem i jobb, for å sikre utviklingskraft og ei mangfaldig og inkluderande næring.

Miljø og klima: Innovasjon i materialval, byggjemetodar, transport og livsløpsfokus blir viktige satsingar i åra som kjem. Klima- og miljøutfordringane krev ein storstilt innsats, og løfta må skje i fellesskap. Ombruk av innsatsfaktorar og tydelegare sirkulærøkonomisk tilnærming vil prege utviklinga i næringa framover. Det vil òg bli viktig å ta endå betre vare på bygg, anlegg og infrastruktur som alt er bygd slik at levetida på desse investeringane skal bli så lang som mogleg.

Økonomi: Den økonomiske berekrafta blir sikra ved å ha lønnsame bedrifter over heile landet som bidreg med arbeidsplassar, tenestetilbod og levande lokalsamfunn. Byggje- og anleggsnæringa er den største sysselsetjaren i landet og derfor ein svært viktig bidragsytar som skaper varige, samfunnsnyttige verdiar.