Anlegg
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om omgrep, teoriar, berekningsmodellar, verktøy og materialval som blir nytta til prosjektering av anleggsprosjekt i tiltaksklasse 1 og 2 og utføring i tiltaksklasse 3
- har kunnskap om økonomistyring, personalleiing, marknadsføringsleiing og bransjenormer for å kunne vere operasjonell leiar i anleggsprosjekt i privat og offentleg arbeidsliv
- har kunnskap om gjeldande regelverk for anleggsbransjen og kan vurdere sitt eige arbeid mot kontraktsdokument og bransjenormer og korleis desse påverkar utføringa av anleggsprosjekt
- har kunnskap om kva som inngår i eit anleggsprosjekt, og kan med bakgrunn i dette planleggje, leie og følgje opp anleggsprosjekt med tanke på utføring, økonomi, HMS og samarbeid med relaterte bransjar
- har kunnskap om digitale og analoge verktøy som anleggsbransjen bruker ved prosjektering og utføring, som teikneprogram, planleggingsverktøy og landmålingsutstyr
- har kjennskap til anleggsbransjens historie, tradisjonar og eigenart og veit korleis drift, vedlikehald og utføringsmetodar har endra seg, og korleis lokalsamfunnet er blitt påverka av endringane
- har kunnskap om byggjemateriale, metodar og løysingar for anleggsarbeid over og under bakkenivå
- kan vurdere arbeidet sitt med planlegging og drift av berekraftige anleggsplassar, transport og tenester med omsyn til relevante miljødeklarasjonar
- har kunnskap om anleggsbransjen i offentleg og privat sektor og veit kva yrke som inngår i yrkesfeltet
- har kunnskap om farleg avfall og kan bidra til å gjennomføre avfallsminimering på anleggsplassen
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om anleggsfaget
- kan vurdere sitt eige arbeid med prosjektering og utføring av anlegg med omsyn til standardar, forskrifter og lover som regulerer FDV-dokumentasjon
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan gjere greie for val av løysingar for infrastruktur etter gjeldande regelverk, standardar, handbøker og bransjenormer
- kan kartleggje geotekniske forhold på ein anleggsplass og identifiserekonsekvensane dei har for utføringa, og kva behov for iverksetjing av tiltak det medfører
- kan reflektere over si eiga faglege utøving ved utføring av anleggsarbeid når det gjeld prosjektering, arbeidsmiljø, HMS, logistikk, utføring og kontroll, og kan justere den faglege utøvinga under rettleiing
- kan kartleggje geotekniske forhold på ein anleggsplass og identifisere kva konsekvensar dei har for utføringa, og kva behov for iverksetjing av tiltak det medfører
- kan kartleggje ein situasjon, gjennomføre kontroll på anlegg, identifisere faglege og sikkerheitsmessige problemstillingar og setje iverknødvendige tiltak
- kan gjere greie for faglege val av materiale og utføringsmetodar som sikrar berekraftige anlegg
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planleggje og gjennomføre eit anleggsprosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med dei etiske krava og retningslinjene med tanke på teknologi og berekraft
- kan planleggje og gjennomføre eit anleggs- eller vedlikehaldsprosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe gjennom økonomistyring, personalleiing, kontraktsoppfølging, kvalitetssikring og HMS i tråd med dei etiske prinsippa som gjeld for anleggsbransjen
- kan, med nødvendige godkjenningar, søkje om, prosjektere og leie utføring av anleggs- og vedlikehaldsprosjekt i tråd med ulike behov hos oppdragsgivarar frå både privat og offentleg sektor
- kan byggje relasjonar og utveksle synspunkt internt i anleggsbransjen, på tvers av fag og med leverandørar og kundar, og delta i diskusjonar om optimale løysingar på utfordrande anleggsprosjekt
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å følgje med på ny teknologi innanfor anleggsfaget som kan føre til nyskaping og innovasjon i bransjen