Maskinteknikk
Nasjonale planar5. Emnebeskrivingar
Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskule å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.
5.1 Reiskapsemne
Realfagleg reiskap
Emne | Tema |
---|---|
Realfagleg reiskap 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om realfag som reiskap innanfor fagområdet sitt
- har kunnskap om realfaglege omgrep, teoriar, analysar, strategiar, prosessar og verktøy som blir nytta
- kan utføre berekningar, overslag og problemløysing med relevans for dimensjonering og andre problemstillingar innanfor studieretninga
- kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med matematiske og fysiske lover
- kan utvide kunnskapen sin og har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor realfag
- kjenner til matematikkens og fysikkens eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av reknemetoden som blir brukt til å løyse faglege problem
- kan gjere greie for val av digitale verktøy som blir brukte til problemløysing innanfor realfaglege tema
- kan nytte digitale hjelpemiddel til å løyse likningar og andre matematiske oppgåver
- kan vurdere resultat av berekningar og reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til relevant informasjon og fagstoff i formelsamlingar, tabellar og fagbøker
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere realfaglege problemstillingar
- har kjennskap til og kan nytte grunnleggjande fysiske lover og fysikkens metodikk
- kan tolke og bruke modellar som blir nytta innanfor matematikk og fysikk
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe ved å nytte realfag i tråd med etiske krav, retningslinjer og målgruppa sine behova
- har innsikt i kva føresetnader og forenklingar hen har gjort i berekningane sine
- har innsikt i rekkjevidda og avgrensingane til metodane som blir brukte
- kan utveksle synspunkt og samarbeide med fagfellar om fagspesifikke problemstillingar med realfag som tverrfagleg fundament, og dermed bidra til organisasjonsutvikling
Kommunikasjon
Emne | Tema |
---|---|
Kommunikasjon 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande kommunikasjonsteori
- kjenner til kva kulturell identitet har å seie for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
- har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
- har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
- har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
- kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldetilvising, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
- har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og produksjon
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling, og korleis ein kan svare på henne
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
- kan bruke relevante omgrep for å analysere sin eigen og andres tekst
- kan reflektere over og revidere tekstar
- kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
- kan byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
- kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke han kritisk, formålstenleg og etterretteleg
- kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
- kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjonen, målet og mottakaren
- kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i ein profesjonell samanheng
- kan uttrykkje seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
- kan planleggje, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
- kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
- kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetjing
- meistrar relevante kommunikasjonsverktøy
- kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
- kan samarbeide om tekstproduksjon
Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)
Emne | Tema |
---|---|
LØM 10 studiepoeng | Økonomistyring Organisasjon og leiing Marknadsføringsleiing |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale omgrep innanfor økonomi, organisasjon og marknadsføring knytte til føretaksleiing
- har kunnskap om lønnskostnader
- har kunnskap om mål, tiltak og handlingsplanar
- kjenner til aktuelle lover og avtalar innanfor emnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan kartleggje eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalysar
- kan gjere greie for den økonomiske statusen i bedrifta ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke dei i analysar og kalkylar
- kan vurdere betalingsevna og kapitalbehovet til bedrifta
- kan planleggje økonomiske milepælar ved å utarbeide budsjett og gjere greie for økonomisk måloppnåing ved å vurdere eventuelle avvik
- kan gjennomføre ein investeringsanalyse og reflektere over lønnsemda i ei mogleg framtidig investering
- kan bruke rekneark i arbeidet med rekneskap, budsjett, analysar og kalkylar
- kan gjere ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
- kan vurdere organisasjonsstrukturen og kulturen og arbeidsmiljøet for å vidareutvikle verksemda
- kan kommunisere med, leie og motivere personalet på måtar som fremjar effektivitet og trivsel
- kan identifisere, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
- kan planleggje og gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, frå behovsanalyse til introduksjon
- kan gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kunden si kjøpsåtferd i desse
- kan vurdere val av marknadskommunikasjonstiltak i aktuelle medium og tilpasse bodskap til utvalde målgrupper i dei aktuelle media
- kan vurdere kva produkt bedrifta bør satse på, i kva marknader satsinga bør skje, og kva distribusjonskanalar ein bør nytte
- kan vurdere val av verksemds- og marknadsstrategi
Generell kompetanse
Studenten
- kan innanfor gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt
- kan etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremjar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
- har digital kompetanse til å søkje kunnskap og informasjon og kan tolke og bruke informasjonen i det vidare arbeidet
- kan kommunisere internt og eksternt og nytte digitale verktøy til dette
- kan utarbeide relevante faglege dokument som til dømes pristilbod, tiltaks-/handlingsplanar, arbeidsavtalar, møteinnkallingar med saksframlegg, forretningsplanar og marknadsplanar
- kan reflektere over samfunnsutviklinga og relatere utviklinga til bedrifta sin situasjon
5.2 Grunnlagsemne
HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
Emne | Studiepoeng |
---|---|
HMS,- prosjekt- og kvalitetsleiing | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
- har kunnskap om styringsverktøy for igangsetjing, planlegging og gjennomføring av prosjekt
- har kunnskap om kvalitetsomgrep
- har kunnskap om å utarbeide, bruke og halde ved like HMS-, IK- og KS-system i samsvar med lover, forskrifter og standardar
- kan vurdere sitt eige og andres HMS-, prosjekt- og kvalitetsarbeid opp mot gjeldande normer og krav
- har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over eit sikkert arbeidsmiljø og ut frå dette planleggje og setje i verk systematiske tiltak for å forhindre skade på menneske, materiell og miljø
- kan gjere greie for aktivitetar som sikrar kvalitet
- kan gjere greie for korleis eit prosjekt blir styrt, med tanke på tid, kostnad og kvalitet
- kan gjere greie for dei faglege vala sine
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for aktuelle problemstillingar knytte til HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre eit prosjekt og utarbeide relevant dokumentasjon
- kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om korleis leiing kan utøvast
- kan bidra til eit godt og sikkert fysisk og psykisk arbeidsmiljø med fokus på aktivt vernearbeid
- kan bidra til organisasjonsutvikling innanfor HMS-, prosjekt- og kvalitetsarbeid
Tema
- HMS-leiing
- Prosjektleiing
- Kvalitetsleiing
Mekanikk
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Mekanikk | 5 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande mekanikk
- kan vurdere sine eigne berekningar i mekanikk med omsyn til gjeldande normer og krav
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor konstruksjon og dokumentasjon
- kan gjere greie for korleis ein identifiserer og bereknar krefter og moment i mekaniske konstruksjonar
- kan gjere greie for korleis ein kan identifisere og berekne spenningar og deformasjonar som opptrer i konstruksjonar
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan beskrive krefter som påverkar konstruksjonar
- kan analysere spenningstilstanden i konstruksjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor mekanikk åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan vurdere belastingar på konstruksjonar og vere med og diskutere og vurdere ulike konstruksjonar
Tema
- Statistikk
- Fastleikslære
Materialkunnskap
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Materialkunnskap | 5 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om materialteknologi og kan knyte denne opp mot ulike prosessar i konstruksjon
- har kunnskap om kva reell og mogleg påverknad industrien og arbeidsplassen har på miljøet
- har kunnskap om kjemiens relevans og grunnlag som kan knytast til utdanninga
Ferdigheiter
Studenten
- kan vurdere og velje ulike typar materialteknologi i bedrifta på ein sikker måte og i tråd med kvalitetskrav
- kan vurdere val av materiale og reflektere over bruk av alternative og meir miljøvennlege metodar
- kan gjere enkle kjemiske berekningar og analysar for å verifisere eventuelle material- eller konstruksjonsval
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for bruk av standardar og teknisk dokumentasjon og tolking av slike
- kan vurdere sine eigne val med omsyn til offisielle standardar og kan gjennomføre dei på arbeidsplassen
- kan gjennom kunnskap bidra til miljøvennlege alternativ som er innanfor akseptable rammer for kost og kvalitet
- har kjemisk forståing for å vareta sikkerheita og kvaliteten på arbeidsplassen
Tema
- Materiallære
- Miljø
- Kjemi
Elektro og automatisering
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Elektro og automatisering | 5 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om aktuelle elektriske og elektroniske komponentar, koplingsskjema og relevant elektroteknisk dokumentasjon etter gjeldande standard
- har kunnskap om sikkerheitsaspektet i eller nær spenningssette anlegg med omsyn til normer og krav
- har kunnskap om straumartar, effektar og lågspente styringssystem
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for relevante analysemetodar, normer, forskrifter og verktøy for å berekne og måle spenning, straum, effekt og resistans i like- og vekselstraumkretsar
- kan gjere greie for dimensjonering og val av komponentar som inngår i elektrotekniske anlegg, og kan reflektere over resultata
- kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor energiteknikk og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff innanfor energiteknikk og vurdere relevansen for eit arbeidsprosjekt
- kan kartleggje eit maskinteknisk anlegg relatert til energiteknisk funksjonalitet og identifisere behov for restaurering og ombygging
Generell kompetanse
Studenten
- kan korrespondere med fagkompetanse innanfor elektro og automasjon
- kan lese teikningar og dokumentasjon som er relatert til elektro og automasjon
Tema
- Elektro
- Automatisering
Teknisk dokumentasjon
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Teknisk dokumentasjon | 5 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om dataassistert konstruksjon og aktuelle ISO-standardar og europeiske standardar som blir nytta i teikningsproduksjon
- har kunnskap om symbol- og formatbruk i teknisk dokumentasjon
- kan knyte teknisk dokumentasjon opp mot digitale verktøy for distribusjon
- kan lese teikningar innanfor andre disiplinar, til dømes elektro og P&ID
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte ulike dataverktøy for å utarbeide teknisk dokumentasjon
- kan gjere greie for teknisk dokumentasjon for bransjen med omsyn til aktuelle standardar
- kan utarbeide dokumentasjon og teikningar i samsvar med funksjonskrav
Generell kompetanse
Studenten
- kan setje seg inn i relevante standardar for utarbeiding av teknisk dokumentasjon og praktisere i tråd med dette
- kan utarbeide dokumentasjon som tilfredsstiller funksjonskrav etter gjeldande standardar
- kan gjere greie for sin eigen og bransjens struktur med omsyn til lagring og arkivering av dokumentasjon
- kan reflektere over sin eigen og bransjens effektivitet i samband med dokumentasjonsutarbeiding
- kan kvalitetssikre og evaluere dokumentasjon før han blir offentleggjord
5.3 Fordjupingsemne
Maskinkonstruksjon
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Maskinkonstruksjon | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om prinsippa som gjeld styrkeberekning og utmatting av maskindelar og maskinkonstruksjonar
- har kunnskap om analyse av enkle maskiner/konstruksjonar og kan identifisere komponentane og velje rette metodar/kriterium for dimensjonering
- har kunnskap om funksjonen til ulike komponentar og kan dimensjonere dei
- har grunnleggjande forståing så hen kan velje dei rette maskinkomponentane med omsyn til belasting av maskin/konstruksjon
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap frå grunnleggjande fag og bruke han til å dimensjonere konstruksjonselement
- kan analysere maskintekniske problemstillingar, forenkle systemet om nødvendig, og vurdere resultatet i lys av problemstillinga
- kan utvikle enkle maskintekniske konstruksjonar
- kan arbeide i team med å planleggje og gjennomføre maskintekniske prosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- forstår rekkjefølgja til etappane som inngår i utviklinga av enkle konstruksjonar
- har grunnleggjande kompetanse om design
- kjenner til relevant litteratur for maskintekniske berekningar og kan bruke han til å løyse komplekse system
Strøymingslære
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Strøymingslære | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kjennskap til grunnprinsipp, komponentbeskrivingar, skjemalesing og systemforståing i hydraulikken og pneumatikken
- har kunnskap om grunnomgrepa i termodynamikken og veit korleis aktuelle energisystem er bygde opp og verkar
- har kunnskap om grunnleggjande termodynamikk og veit korleis han verkar i et anlegg
Ferdigheiter
Studenten
- kan lese skjema og forstå system og dimensjonering av hydrauliske og pneumatiske anlegg
- kan forstå samanhengen i hydrauliske kretsar
- kan prosjektere hydrauliske/pneumatiske anlegg
- kan gjennomføre energianalyse, dimensjonere termiske prosessar, velje arbeidsmedium og berekne energiutnytting
Generell kompetanse
Studenten
- har kjennskap til aktuelle ISO-standardar på fagområdet
- kan berekne og drifte enkle hydrauliske og pneumatiske anlegg
- kan nytte kunnskapen sin til å optimalisere energiproduksjonen og effektivere energiforbruket
Tema
- Termodynamikk
- Hydraulikk
- Pneumatik
3D-modellering
Emne | Studiepoeng |
---|---|
3D-modellering | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om moderne 3D-konstruksjonsverktøy og prinsippa ved oppbygginga av partar og samanstillingar
- har kunnskap om produksjon av 2D-teikningar i tråd med gjeldande reglar og krav
- har kunnskap om endring og modifisering av delar, samanstillingar og teikningar
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte formålstenlege prinsipp ved oppbygginga av partar og samanstillingar
- har produsere 2D-teikningar i tråd med gjeldande reglar og krav
- kan endre og modifisere partar, samanstillingar og teikningar
Generell kompetanse
Studenten
- meistrar DAK med vekt på geometrisk modellering, produktbeskriving og teknisk teikning
- har nødvendig forståing for DAK som grunnlag for vidare arbeid i studiet og for vidare utvikling av eigen kompetanse og eiga spesialisering på fagområdet
Automatisering og digitalisering
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Automatisering og digitalisering | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sikkerheitssystem for robotsystem og aktuelle normer og standardar innanfor maskinsikkerheit
- har kunnskap om rørsleplanlegging og posisjonering innanfor robotikk
- har kunnskap om vedlikehald og kalibrering av ein robotarm
- har kunnskap om navigasjon og plassering av mobile og industrielle robotar
- har kunnskap om robotarmkinematikk og rørslerelasjonar
- har kunnskap om programmering av robot frå handterminal og produsentspesifikke program
- har kunnskap om generell sensorteknologi
- har kjennskap til PLS –både funksjon, formål og verkemåte
- har kjennskap til HMI-grensesnitt (Human Machine Interface)
- har kjennskap til kommunikasjonsgrensesnitt for robotar
Ferdigheiter
Studenten
- kan styre ein robotarm frå ein handterminal på ein trygg måte
- kan programmere og simulere eit robotsystem
- kan forstå formålet med PLS-programmering
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre mindre programmeringsjobbar i eit robotsystem og dokumentere dette arbeidet etter sikkerheitskrava til bedrifta og myndigheitene
- kan planleggje og gjennomføre driftsoperasjonar med fokus på miljø og berekraft
Lokal tilpassing / kvalifiserande spesialisering
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Lokal tilpassing/fagleg spesialisering | 10 |
Utdanningsinstitusjonen skal opprette eit lokalt emne eller ei kvalifiserande spesialisering som skal gi studenten fagleg breidd og/eller bidra til fagleg fordjuping. Ved fullført emne skal studenten demonstrere utvida forståing og kompetanse knytt til emnet.
Læringsutbytte
- Tilbydaren beskriv kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i samsvar med NKR.
Hovudprosjekt
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Hovudprosjekt | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- veit korleis ein planlegg, gjennomfører og dokumenterer eit problemorientert prosjekt i samarbeid med ein oppdragsgivar
- har kunnskap om samarbeidskontraktar og leiingsutfordringar knytte til ein prosjektprosess
Ferdigheiter
Studenten
- kan delta i gruppearbeid, ta ansvar for eiga læring og kommunisere om og presentere eit prosjektarbeid
- kan bruke prosjektarbeid som metode og planleggje eit prosjekt, styre/leie prosjektet, kommunisere om det og presentere resultatet
- kan gjennomføre eit prosjekt på oppdrag frå samarbeidspartnarar for å utvikle og dokumentere produkt, produksjonsprosessar eller tenester
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke erfaringar, kunnskap, ferdigheiter og haldningar i praktisk prosjektarbeid
- kan fordjupe seg i dei aktuelle temaa som dannar grunnlag for prosjektoppgåva, og løyse henne på ein måte som reflekterer kunnskap om teknologi og fagleg leiing