Maskinteknikk
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om omgrep, teoriar, modellar, prosessar og verktøy som blir nytta innanfor mekanisk industri
- har kunnskap om korleis berekningsmodellar, konstruksjonsverktøy og teknikkar og produksjonsteknikkar, utstyr og prosessar blir nytta for å utvikle produkt i mekanisk industri
- har kunnskap om økonomistyring, organisasjon, leiing og marknadsføringsleiing
- har kunnskap om digital produksjon, additiv tilverking, automatiserte anlegg og igangsetjing, drift og vedlikehald av robotar
- har kunnskap om HMS- og prosjektleiing og prosjekt- og kvalitetsstyring
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til normer, standardar, lover og forskrifter som gjeld for mekaniske installasjonar, og kan vurdere om det er teke nødvendige miljøomsyn
- kjenner til den mekaniske industriens historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet lokalt, nasjonalt og internasjonalt, spesielt med tanke på maskinteknikk
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor mekanisk industri
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan gjere greie for dei faglege vala av konstruksjonsverktøy, løysingar og komponentar som blir nytta på fagområdet, både dei mekaniske og dei automatiserte delane av eit anlegg
- kan gjere greie for val av metodar og prinsipp innanfor prosjekt-, kvalitets- og HMS-leiing
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og forbetre og vidareutvikle løysingane under rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff om maskinteknikk og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan vurdere bedrifta sin økonomiske situasjon og marknads- og leiingsutfordringar og kan gjere fornuftige og grunngitte val
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planleggje, prosjektere og gjennomføre maskintekniske arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i eller leiar for ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer for miljø og kvalitet som gjeld nasjonalt og internasjonalt
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar innanfor konstruksjon og utvikling av maskintekniske produkt og løysingar og behov for å setje i verk tiltak
- kan planleggje, prosjektere og gjennomføre løysingar for enkeltståande robotar
- kan utveksle synspunkt på mekaniske problemstillingar med andre som har bakgrunn frå maskinteknikkbransjen, og kan delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- kan bidra til organisasjonsutvikling i verksemda