Mekatronikk
Nasjonale planar5. Emnebeskrivingar
Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte skule å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte skulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.
5.1 Reiskapsemne
Realfagleg reiskap
Emne | Tema |
---|---|
Realfagleg reiskap 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om realfag som reiskap innanfor fagområdet sitt
- har kunnskap om realfaglege omgrep, teoriar, analysar, strategiar, prosessar og verktøy som blir nytta
- kan utføre berekningar, overslag og problemløysing med relevans for dimensjonering og andre problemstillingar innanfor studieretninga
- kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med matematiske og fysiske lover
- kan utvide kunnskapen sin og har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor realfag
- kjenner til matematikkens og fysikkens eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av reknemetoden som blir brukt til å løyse faglege problem
- kan gjere greie for val av digitale verktøy som blir brukte til problemløysing innanfor realfaglege tema
- kan nytte digitale hjelpemiddel til å løyse likningar og andre matematiske oppgåver
- kan vurdere resultat av berekningar og reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til relevant informasjon og fagstoff i formelsamlingar, tabellar og fagbøker
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere realfaglege problemstillingar
- har kjennskap til og kan nytte grunnleggjande fysiske lover og fysikkens metodikk
- kan tolke og bruke modellar som blir nytta innanfor matematikk og fysikk
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe ved å nytte realfag i tråd med etiske krav, retningslinjer og målgruppa sine behova
- har innsikt i kva føresetnader og forenklingar hen har gjort i berekningane sine
- har innsikt i rekkjevidda og avgrensingane til metodane som blir brukte
- kan utveksle synspunkt og samarbeide med fagfellar om fagspesifikke problemstillingar med realfag som tverrfagleg fundament, og dermed bidra til organisasjonsutvikling
Kommunikasjon
Emne | Tema |
---|---|
Kommunikasjon 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande kommunikasjonsteori
- kjenner til kva kulturell identitet har å seie for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
- har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
- har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
- har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
- kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldetilvising, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
- har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og produksjon
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling, og korleis ein kan svare på henne
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
- kan bruke relevante omgrep for å analysere sin eigen og andres tekst
- kan reflektere over og revidere tekstar
- kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
- kan byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
- kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke han kritisk, formålstenleg og etterretteleg
- kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
- kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjonen, målet og mottakaren
- kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i ein profesjonell samanheng
- kan uttrykkje seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
- kan planleggje, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
- kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
- kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetjing
- meistrar relevante kommunikasjonsverktøy
- kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
- kan samarbeide om tekstproduksjon
Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)
Emne | Tema |
---|---|
LØM 10 studiepoeng | Økonomistyring Organisasjon og leiing Marknadsføringsleiing |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale omgrep innanfor økonomi, organisasjon og marknadsføring knytte til føretaksleiing
- har kunnskap om lønnskostnader
- har kunnskap om mål, tiltak og handlingsplanar
- kjenner til aktuelle lover og avtalar innanfor emnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan kartleggje eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalysar
- kan gjere greie for den økonomiske statusen i bedrifta ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke dei i analysar og kalkylar
- kan vurdere betalingsevna og kapitalbehovet til bedrifta
- kan planleggje økonomiske milepælar ved å utarbeide budsjett og gjere greie for økonomisk måloppnåing ved å vurdere eventuelle avvik
- kan gjennomføre ein investeringsanalyse og reflektere over lønnsemda i ei mogleg framtidig investering
- kan bruke rekneark i arbeidet med rekneskap, budsjett, analysar og kalkylar
- kan gjere ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
- kan vurdere organisasjonsstrukturen og kulturen og arbeidsmiljøet for å vidareutvikle verksemda
- kan kommunisere med, leie og motivere personalet på måtar som fremjar effektivitet og trivsel
- kan identifisere, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
- kan planleggje og gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, frå behovsanalyse til introduksjon
- kan gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kunden si kjøpsåtferd i desse
- kan vurdere val av marknadskommunikasjonstiltak i aktuelle medium og tilpasse bodskap til utvalde målgrupper i dei aktuelle media
- kan vurdere kva produkt bedrifta bør satse på, i kva marknader satsinga bør skje, og kva distribusjonskanalar ein bør nytte
- kan vurdere val av verksemds- og marknadsstrategi
Generell kompetanse
Studenten
- kan innanfor gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt
- kan etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremjar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
- har digital kompetanse til å søkje kunnskap og informasjon og kan tolke og bruke informasjonen i det vidare arbeidet
- kan kommunisere internt og eksternt og nytte digitale verktøy til dette
- kan utarbeide relevante faglege dokument som til dømes pristilbod, tiltaks-/handlingsplanar, arbeidsavtalar, møteinnkallingar med saksframlegg, forretningsplanar og marknadsplanar
- kan reflektere over samfunnsutviklinga og relatere utviklinga til bedrifta sin situasjon
5.2 Grunnlagsemne
HMS, prosjektleiing og kvalitetsleiing
Emne | Studiepoeng |
---|---|
HMS, orisjektleiing og kvalitetsleiing | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
- har kunnskap om styringsverktøy for initiering, planlegging og gjennomføring av prosjekt
- har kunnskap om kvalitetsomgrep
- har kunnskap om utarbeiding, bruk og vedlikehald av HMS-, internkontroll- og kvalitetssikringssystem i samsvar med lover, forskrifter og standardar
- kan vurdere sitt eige og andres HMS-, prosjekt- og kvalitetsarbeid med omsyn til gjeldande normer og krav
- har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over eit sikkert arbeidsmiljø og ut frå dette planleggje og setje i verk systematiske tiltak for å forhindre skade på menneske, materiell og miljø
- kan gjere greie for aktivitetar som sikrar kvalitet
- kan gjere greie for styringa av eit prosjekt med omsyn til tid, kostnad og kvalitet
- kan gjere greie for dei faglege vala sine
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for aktuelle problemstillingar knytte til HMS-, prosjekt- og kvalitetsleiing
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre eit prosjekt og utarbeide relevant dokumentasjon
- kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om korleis leiing kan utøvast
- kan bidra til eit godt og sikkert fysisk og psykisk arbeidsmiljø med fokus på aktivt vernearbeid
- kan bidra til organisasjonsutvikling innanfor HMS-, prosjekt- og kvalitetsarbeid
Mekanikk
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Mekatronikk | 5 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om statikk
- har kunnskap om fastleikseigenskapane til materiale og kan bruke denne i samband med dimensjoneringsanalyse
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande normer og krav som gjeld innanfor mekanisk konstruksjon
- kan vurdere design og konstruksjon av produkt med omsyn til gjeldande normer og krav
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin
- har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for statiske system og fastleikseigenskapane til materiale
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- ·kan finne og vise til informasjon og fagstoff om konstruksjonsanalyse og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor mekanisk konstruksjon
- ·kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren
- kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagområde
- kan utveksle faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjonar
Materialkunnskap
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Materialkunnskap | 5 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om moderne konstruksjonsmateriale, prosessar og verktøy for produktframstilling
- kan vurdere konstruksjonsmateriale i samsvar med produktstandardar
- kan vurdere sitt eige arbeid innanfor materialteknologi med omsyn til gjeldande normer og standardar
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin
- har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for aktuelle konstruksjonsmateriale
- kan reflektere over materialtekniske val og vurdere moderne og berekraftige materiale
- kan finne og vise til normer og standardar og vurdere relevansen i samband med materialval
- kan kartleggje materialval med fokus på miljø og berekraft
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre materialtekniske arbeidsoppgåver sjølvstendig og som deltakar i eit team i ei berekraftig utvikling
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren
- kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagområde
- kan utveksle faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjonar
Elektro og automatisering
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Elektro og automatisering | 5 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om resistans, straum, spenning og effekt for lågspente anlegg
- kjenner til komponentar som inngår i automasjonssystem, og oppkoplinga av slike
- kjenner til prinsipp rundt programmering innanfor automasjonssystem
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til relevante lover, forskrifter, normer og standardar
- har kunnskap om faremoment og feil som kan oppstå i automasjonssystem
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for samanhengen mellom resistans, straum, spenning og effekt
- kan gjere greie for komponentar og kretsar
- kan gjere greie for program i automasjonssystem
- kan gjere greie for koplingsskjema og feilsøking
- kan finne og vise til relevante lover, forskrifter, normer og standardar
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, prosjektere og setje i verk løysingar for automasjonssystem åleine eller som deltakar i ei gruppe
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren
- kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagområde
- kan utveksle faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjonar
Teknisk dokumentasjon
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Teknisk dokumentasjon | 5 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om DAK og aktuelle standardar, normer og krav som blir nytta i teikningsproduksjon
- har kunnskap om 2D- og 3D-modellering
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande standardar, normer og krav
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor designverktøy
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av designverktøy
- kan gjere greie for korleis teknisk dokumentasjon og revisjonshandtering er bygd opp
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til standardar, normer og krav
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre design- og konstruksjonsdokumentasjon
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren
- kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagområde
- kan utveksle faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjona
5.3 Fordjupingsemne
Mekatronikkstyring og produksjonssystem
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Mekatronikkstyring og produksjonssystem | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om prinsipp for styring og regulering
- har kunnskap om metodar og verktøy for analyse og prosjektering av mekatronikksystem
- har kunnskap om prinsipp for konstruksjon, programmering og dokumentasjon av mekatronikksystem
- har kunnskap om utvikling av enkle sekvensielle og kombinatoriske program
- har kunnskap om elektriske, pneumatiske og hydrauliske sensorar og aktuatorar som inngår i mekatronikksystem
- har kunnskap om sikkerheit og korleis han blir vareteken i mekatronikksystem
- kan vurdere val av styresystem basert på kravspesifikasjon
- kan vurdere styringsmetodar for produkttilverking
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande lover, forskrifter, normer og standardar
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor fagområdet
- har kunnskap om bransjar som arbeider på fagområdet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for prinsipp innanfor styring og regulering
- kan gjere greie for metodar og verktøy for analyse og prosjektering av mekatronikksystem
- kan gjere greie for prinsipp for konstruksjon, programmering og dokumentasjon av mekatronikksystem
- kan gjere greie for utvikling av enkle sekvensielle og kombinatoriske program
- kan gjere greie for val av elektriske, pneumatiske og hydrauliske sensorar og aktuatorar som blir nytta i mekatronikksystem
- kan gjere greie for sikkerheit og korleis han blir vareteken i mekatronikksystem
- kan reflektere over val av styresystem basert på kravspesifikasjon
- kan gjere greie for sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande lover, forskrifter, normer og standardar
- kan ta fornuftige og grunngitte val basert på fagstoff og relevant informasjon
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse
Studenten
- kan arbeide i tråd med etiske krav og retningslinjer for kvalitet og miljø
- kan planleggje, prosjektere og setje i verk løysingar for mekatronikksystem åleine eller som deltakar i ei gruppe
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova og kravspesifikasjonen til oppdragsgivaren
- kan byggje relasjonar, kommunisere på tvers av fagområde og delta i faglege team og nettverk
- kan bidra med faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjonar
- kan bidra til at det blir utarbeidd brukar- og servicedokumentasjon
Robotteknologi og reguleringsteknikk
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Robotteknologi og reguleringsteknikk | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om styresystem og mekanisk oppbygging av robotar som blir brukte i mekatronikksystem
- har kjennskap til ulike robotteknologiar og veit korleis dei blir brukte i industrien
- har kunnskap om sensorar, aktuatorar, robotsyn, griparar, kringutstyr og andre komponentar som blir nytta i samband med robotceller
- har kunnskap om planlegging og dokumentasjon av mekatronikksystem med robotceller
- har kunnskap om sikkerheit og veit korleis han blir vareteken i mekatronikksystem med robotceller
- har kunnskap om prinsipp for regulering og reguleringssløyfer
- har kunnskap om dei mest brukte reguleringsmetodane
- har kunnskap om vidareutvikling og design av reguleringssystem
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande lover, forskrifter, normer og standardar
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor fagområdet
- har kunnskap om bransjar innanfor fagområdet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for styresystem og mekanisk oppbygging av robotar som blir brukte i mekatronikksystem
- kan gjere greie for ulike robotteknologiar og korleis dei blir nytta i industrien
- kan gjere greie for sensorar, aktuatorar, robotsyn, griparar, kringutstyr og andre komponentar som blir nytta i samband med robotceller
- kan reflektere over korleis planlegging og dokumentasjon av mekatronikksystem med robotceller blir utført fagleg
- kan gjere greie for prinsippa ved regulering og reguleringssløyfer
- kan gjere greie for reguleringsmetodar og korleis dei verkar på reguleringa
- kan gjere greie for sikkerheit og korleis han blir vareteken i mekatronikksystem med robotceller
- kan gjere greie for sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande lover, forskrifter, normer og standardar
- kan ta fornuftige og grunngitte val basert på fagstoff og relevant informasjon
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse
Studenten
- kan arbeide i tråd med etiske krav og retningslinjer for kvalitet og miljø
- kan planleggje, prosjektere og setje i verk løysingar for mekatronikksystem med robotceller åleine eller som deltakar i ei gruppe
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova og kravspesifikasjonen til oppdragsgivaren
- kan byggje relasjonar, kommunisere på tvers av fagområde og delta i faglege team og nettverk
- kan bidra med faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjonar
- kan bidra til at det blir utarbeidd brukar- og servicedokumentasjon
Analog- og digitalteknikk
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Analog- og digitalteknikk | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om korleis analog- og digitalelektronikk blir brukt og fungerer
- har kunnskap om talsystem, digitale kodar, sanningstabellar, boolsk algebra og Karnaugh-diagram
- har kunnskap om mikroelektronikk og kretskortdesign
- har kunnskap om programmering og veit korleis programmerbare komponentar verkar
- har kunnskap om kraftelektronikk
- har kunnskap om EMC og veit korleis elektrisk utstyr kan påverke anna elektrisk utstyr
- veit korleis aktive og passive filter blir nytta for å redusere EMC-problematikk
- kjenner til EMI
- kjenner til ulike bussystem og lagringsmedium
- har kunnskap om programvare til konstruksjon, simulering og analyse av elektriske skjema
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande lover, forskrifter, normer og standarda
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor fagområdet
- har kunnskap om bransjar som arbeider på fagområdet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for korleis analog- og digitalelektronikk blir brukt og fungerer
- kan gjere greie for talsystem, digitale kodar, sanningstabellar, boolsk algebra og Karnaugh-diagram
- kan gjere greie for mikroelektronikk og kretskortdesign
- kan gjere greie for korleis kraftelektronikk verkar
- kan gjere greie for korleis elektrisk utstyr kan påverke anna elektrisk utstyr (EMC)
- kan gjere greie for korleis aktive og passive filter blir nytta for å redusere EMC-problematikk
- kan gjere greie for korleis programmerbare komponentar verkar
- kan gjere greie for ulike bussystem og lagringsmedium
- kan nytte programvare til konstruksjon, simulering og analyse av elektriske skjema
- kan reflektere over sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande lover, forskrifter, normer og standardar
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar
Generell kompetanse
Studenten
- kan arbeide i tråd med etiske krav og retningslinjer for kvalitet og miljø
- kan planleggje, prosjektere og setje i verk løysingar for mekatronikksystem med analoge og digitale kretsar åleine eller som deltakar i ei gruppe
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova og kravspesifikasjonen til oppdragsgivaren
- kan byggje relasjonar, kommunisere på tvers av fagområde og delta i faglege team og nettverk
- kan bidra med faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjonar
- kan bidra til at det blir utarbeidd brukar- og servicedokumentasjon
Energiteknikk
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Energiteknikk | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnomgrepa i termodynamikken og veit korleis aktuelle energisystem er oppbygde og verkar
- har kunnskap om norsk energiforsyning, produksjonsmetodar og distribusjon av elektrisk kraft
- har kunnskap om ulike elektriske maskiner
- har kunnskap om batteriteknologiar og kva som pregar ny utvikling
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til HMS, lover, forskrifter, normer og standardar
- har kunnskap om energiteknikk
- kan oppdatere kunnskapen sin om energiteknikk
- kjenner til energiteknikkens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor energiteknikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for korleis termodynamikken er bygd opp, og korleis aktuelle energisystem verkar
- kan gjere greie for korleis ein bruker analyseverktøy
- kan gjere greie for prinsippa i norsk energiforsyning, produksjonsmetodar og distribusjon
- kan gjere greie for aktuelle batteriteknologiar og kva som pregar ny utvikling
- kan reflektere over sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande HMS-reglar, lover, forskrifter, normer og standardar
- kan reflektere over korleis energiteknikken påverkar miljøet, og kva plass han har i samfunnet
- kan reflektere over sine eigne høve til utvikling innanfor energiteknikk
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar
- kan gjere greie for korleis elektriske maskiner og aktuelle energisystem er bygde opp og verkar
- kan gjere greie for korleis kjølemedium påverkar miljøet
Generell kompetanse
Studenten
- kan arbeide i tråd med etiske krav og retningslinjer for kvalitet og miljø
- kan planleggje, prosjektere og setje i verk løysingar for energiteknikk åleine eller som deltakar i ei gruppe
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med behova til oppdragsgivaren
- kan byggje relasjonar med fagfellar på tvers av fagområdkan bidra med faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjonar
- kan bidra til organisasjonsutvikling
- kan bidra til at det blir utarbeidd brukar- og servicedokumentasjon
Teknksk design og dokumentasjon
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Teknisk design og dokumentasjon | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om DAK og standardar som blir nytta i teikningsproduksjon
- veit korleis simuleringar og analysar blir utførte med DAK
- har kunnskap om bearbeidingsmetodar for å tilverke 3D-modellar
- har kunnskap om universell utforming
- har kunnskap om innhald som inngår i sluttdokumentasjon til oppdragsgivar
- har kunnskap om konfigurasjonsstyring, logistikk og sporbarheit
- har kunnskap om dei aktuelle direktiva og veit kva som inngår i ei CE-merking
- har kunnskap om prosess- og terminplanlegging
- kan vurdere sitt eige arbeid med å dokumentere mekatronikksystem med omsyn til gjeldande lover, forskrifter, normer og standardar
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor fagområdet
- har kunnskap om bransjar som arbeider på fagområdet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for konsept og design av produkt og system
- kan gjere greie for designprinsipp i tråd med krav frå oppdragsgivaren
- kan gjere greie for val av tilverking av 3D-modellar
- kan gjere greie for universell utforming
- kan gjere greie for designprosessen ved utvikling og forbetring av produkt
- kan gjere greie for kravspesifikasjon med omfang, regelverk, miljøomsyn og andre rammevilkår
- kan gjere greie for den tekniske dokumentasjonen til eit mekatronikksystem med omsyn til bransjestandardar
- kan finne og vise til fagstoff om teknisk dokumentasjon og administrasjon
- kan gjere greie for aktuelle direktiv og CE-merking
- kan gjere greie for prosess- og terminplanlegging
- kan reflektere over sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande lover, forskrifter, normer og standardar
Generell kompetanse
Studenten
- kan arbeide i tråd med etiske krav og retningslinjer for kvalitet og miljø
- kan peike ut viktige moment innanfor planlegging
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innanfor teknisk dokumentasjon og administrasjon åleine eller som deltakar i ei gruppe
- kan utføre arbeidet sitt i tråd med kravspesifikasjonen til oppdragsgivaren
- kan byggje relasjonar, kommunisere på tvers av fagområde og delta i faglege team og nettverk
- kan bidra med faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjonar
- kan bidra til at det blir utarbeidd brukar- og servicedokumentasjon
Hovudprosjekt
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Hovudprosjekt | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om korleis ein skriv ein prosjektrapport
- har særskild kunnskap om eit sjølvvalt tema med ei problemstilling innanfor fordjupinga
- har kunnskap om korleis ein innhentar informasjon om temaet for hovudprosjektet
- har kunnskap om samanhengen mellom teori og praksis
- kan vurdere sitt eige prosjekt med omsyn til gjeldande normer og krav
- kjenner til bransjen/yrka som er knytte til temaet i hovudprosjektet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av tema for hovudprosjektet
- kan identifisere, kartleggje og vurdere ei fagleg problemstilling
- kan delta i teamarbeid og planleggje, kommunisere og presentere prosjektarbeid og resultat
- kan skrive ein prosjektrapport
- kan drøfte samanhengen mellom teori og praksis
- kan reflektere over sitt eige prosjekt og justere dette under rettleiing frå fagfolk
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff for å vurdere kor relevant ei problemstilling er i eit prosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid åleine eller som deltakar i ei gruppe og i tråd med formelle og etiske krav og retningslinjer
- har utvikla eit medvit rundt prosjektarbeid og kan fordjupe seg i temaet som dannar grunnlag for prosjektet, og tenkje kreativt og nyskapande
- kan utføre eit prosjektarbeid i tråd med behova til bedrifta eller arbeidsgivaren
- kan utveksle synspunkt med andre i gruppa eller bedrifta og delta i diskusjonar om prosjektutvikling