Mekatronikk
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om fagfelta som inngår i mekatronikk
- har kunnskap om omgrep, teoriar, berekningsmodellar og konstruksjonsverktøy som blir nytta for å utvikle mekatronikksystem
- har kunnskap om verkemåte, funksjon og prinsipp for ulike tekniske komponentar og løysingar innanfor mekatronikksystem og produkt
- har kunnskap om logistikk og produksjonsprosessar
- har kunnskap om vedlikehaldsstrategiar
- har kunnskap om å utarbeide sluttdokumentasjon
- kan vurdere om det er teke omsyn til miljøet
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldandelover, forskrifter, normer og standardar
- har kunnskap om leiing, økonomi og marknadsføring
- har kunnskap om HMS, prosjektleiing og kvalitetsleiing
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor fagområdet
- kjenner til mekatronikkindustriens historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet lokalt og nasjonalt
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan gjere greie for val av konstruksjonsverktøy, komponentar og produksjonsprosessar
- kan gjere greie for val av metodar og prinsipp innanfor prosjektplanlegging, prosjektstyring, logistikk og produksjonsflyt
- kan kartleggje og identifisere feil og manglar på mekatronikksystem og på bakgrunn av dette dokumentere, planleggje og setje i verk nødvendige tiltak
- kan gjere greie for val av vedlikehaldsmetodar
- kan gjere greie for gjeldande lover, forskrifter, normer og standardar
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan gjere greie for økonomiske og administrative situasjonar i prosjekt
- kan gjere greie for HMS, prosjektleiing og kvalitetsleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen
Generell kompetanse
Kandidaten
- forstår korleis dei veletablerte fagfelta mekanikk, elektronikk og programvare i samspel utgjer mekatronikkfagområdet
- kan planleggje, prosjektere og setje i verk løysingar for mekatronikksystem åleine eller som deltakar i ei gruppe
- kan arbeide i tråd med etiske krav og retningslinjer for kvalitet og miljø
- kan arbeide i samsvar med gjeldande lover, forskrifter, normer og standardar
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å ta i bruk ny teknologi for å utvikle eller forbetre produkt
- kan byggje relasjonar, kommunisere på tvers av fagområde og delta i faglege team og nettverk
- kan bidra med faglege synspunkt på problemstillingar og delta i diskusjonar
- kan planleggje og gjennomføre prosjekt i tråd med kravspesifikasjonane frå oppdragsgivaren