Nevrologiske sjukdommar og skadar
Nasjonale planar5. Emnebeskrivingar
Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.
5.1 Emne 1: Etikk, samhandling og kommunikasjon
Det innleiande emnet er felles for helsefaglege fagskuleutdanningar. Formålet med emnet er å gi studentane ei god innføring i grunnleggjande forståing av fagfeltet og yrkesutøvinga. Studentane får innføring i studieteknikk og oppgåveskriving på høgare yrkesfagleg nivå. Emnet legg vekt på kommunikasjonsverktøy, relasjonskompetanse og konflikthandtering. Etikken blir framstilt som sentral og er gjennomgåande i heile emnet.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Etikk, samhandling og kommunikajon | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma, relevante teoriar og arbeidsmåtar og etisk refleksjon som verktøy
- har kunnskap om mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk og kan nytte denne kunnskapen i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
- har kunnskap om gruppeprosessar, kriseteori og konflikthandtering
- har innsikt i relevant lovverk og offentlege dokument som regulerer fagfeltet, brukarmedverknad og organisering av tilbod i sektoren
- har bransjekunnskap og kjennskap til grunnleggjande sosialpsykologiske prinsipp og korleis dei kan påverke enkeltindividet, familien og det sosiale nettverket deira
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om teknologiske løysingar og korleis desse kan påverke samhandlinga med tenestemottakaren, dei pårørande og samarbeidspartnarar
- forstår kor viktig det er med kompetanse om relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling i eige yrke, både i møte med sårbare personar og i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma som grunnlag for refleksjon over teoretiske og praktiske problemstillingar
- kan nytte fagleg kunnskap om teknologiske løysingar til å løyse praktiske og teoretiske problemstillingar på ein forsvarleg og etisk bevisst måte
- kan nytte teknikkar innanfor relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling og andre faglege verktøy som er relevante for yrkesutøvinga
- kan finne relevant informasjon og fagstoff og dessutan lovverk, forskrifter og stortingsmeldingar som er relevante for yrkesutøvinga
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak knytte til mangfald og migrasjonshelse og i møte med ulike kulturar og urfolk
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma og for korleis dei kan påverke samhandlinga mellom tenesteytaren og tenestemottakaren
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i yrkesutøvinga som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga yrkesutøving og gjennom kommunikasjon og samhandling med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
- kan utføre arbeidet sitt på ein lovmessig, fagleg og etisk forsvarleg måte ut frå tenestemottakarane sine behov, med fokus på å fremje eit heilskapleg menneskesyn
- kan byggje relasjonar med fagfellar, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar basert på haldningar og verdiar knytte til eit heilskapleg menneskesyn, likeverd og respekt
- kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester som baserer seg på behova og utfordringane til tenestemottakaren, og som har relevans for yrkesutøvinga
Tema
1a. Etikk
- Etiske teoriar og prinsipp
- Etiske dilemma
- Etikk og teknologi
- Heilskapleg menneskesyn
1b. Samhandling og kommunikasjon
- Brukarperspektivet
- Relasjonskompetanse og relasjonsbygging
- Kommunikasjon i samhandling med tenestemottakar og samarbeidspartnarar
- Gruppeprosess og konflikthandtering
1c. Lover og forskrifter
- Lover, forskrifter og offentlege dokument som er relevante for studentane på utdanninga og for tenestemottakarane
1d. Sosiologi og psykologi
- Utviklingspsykologi
- Sosiale roller
- Migrasjonshelse, kultur, mangfald og urfolk
5.2 Emne 2: Nevrologiske sjukdommar og skadar
Emne 2 skal gi studenten kunnskap om nervesystemet, ulike nevrologiske sjukdommar og skadar og kva konsekvensar dei kan ha for pasienten. Studenten skal utvikle kompetanse til å oppdage teikn på og kunne setje i verk handling ved akutt kritisk sjukdom. Systematisk observasjon, kartlegging, vurdering og dokumentasjon av helsetilstand, symptom og behov er sentralt i emnet. Studenten skal òg få auka kompetanse til å setje i verk sjukepleietiltak og gi omsorg til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Nevrologiske sjukdommar og skadar | 15 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om nervesystemet og nervesystemet sin funksjon
- har kunnskap om symptom på akutt nevrologisk sjukdom og skade og om tiltak som må setjast i verk ved behov for akutt hjelp og/eller førstehjelp
- har kunnskap om ulike nevrologiske sjukdommar og skadar
- har kunnskap om kva den enkelte pasienten og helsepersonell kan gjere for å førebyggje komplikasjonar ved og avgrense konsekvensane av nevrologisk sjukdom og skade
- har kunnskap om standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy som blir brukte for å observere og dokumentere helsetilstand, ressursar, symptom og behov hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- har kunnskap om alternativ supplerande kommunikasjon i samhandlinga med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- har kunnskap om pleie og omsorg ved slutten av livet
- har innsikt i nasjonale retningslinjer knytte til nevrologiske sjukdommar og skadar
- kan oppdatere kunnskapen sin om behandling, sjukepleie og omsorg til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- forstår kva det betyr for pasienten og dei pårørande at helsepersonell viser kompetanse, tryggleik og omsorg i yrkesutøvinga
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap om akutt nevrologisk sjukdom og skade og vurdere og setje i verk tiltak innanfor eige kompetanseområde i samarbeid med pasienten, kollegaer og andre yrkesgrupper
- kan nytte kunnskap om nevrologiske sjukdommar og skadar og behandling av slike til å planleggje og setje i verk tiltak i samarbeid med pasientar, kollegaer og andre yrkesgrupper
- kan nytte standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy til å kartleggje og dokumentere helsetilstand, ressursar og symptom og identifisere behov for tiltak hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- kan nytte kunnskap om alternativ supplerande kommunikasjon i samhandlinga med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for nasjonale retningslinjer for behandling og rehabilitering ved nevrologiske sjukdommar og skadar og for korleis desse påverkar yrkesutøvinga
- har forståing for korleis bruk av standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy bidreg til å kvalitetssikre behandling, sjukepleie og omsorg for pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- kan reflektere over faglege og etiske utfordringar i møte med nevrologisk sjuke og/eller skadde pasientar og deira pårørande
- har utvikla ei etisk grunnhaldning som er i tråd med yrkesetiske retningslinjer og pasient- og brukarrettslova, og kan vareta pasienten sin integritet og sørgje for at yrkesutøvinga er fagleg forsvarleg
- kan innanfor eige kompetanse- og ansvarsområde utføre behandlande og lindrande tiltak hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- kan utføre sjukepleie og omsorg etter ønska og dei individuelle behova til nevrologisk sjuke og/eller skadde pasientar
Sentrale tema
2a. Nervesystemet
- Sentralnervesystemet
- Det perifere nervesystemet
- Nervesystemets funksjon
2b. Nevrologiske sjukdommar og skadar (årsaker, symptom, diagnostikk, førebygging og behandling)
- Hjerneslag
- Epilepsi
- Multippel sklerose (MS)
- Parkinsons sjukdom
- Amyotrofisk lateral sklerose (ALS)
- Tumor cerebri
- Demens
- Huntingtons sjukdom
- Tourettes syndrom
- Hydrocephalus
- Infeksjonar i nervesystemet
- Smertetilstandar i nervesystemet
- Hovudskadar
- Tverrsnittslesjonar
2c. Vurdering av symptom og tilstand
- Vitale parametrar
- Førstehjelp og handlingsberedskap
- Bruk av standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy ved nevrologiske sjukdommar og skadar
- Den fagskuleutdanna fagarbeidaren si rolle i kartleggingsarbeid
- Vurderingskompetanse
- Dokumentasjon
2d. Konsekvensar av nevrologiske sjukdommar og skadar
- Endringar i rørsleapparatet
- Syns- og høyrselsutfordringar
- Afasi og dysartri
- Ernæringsproblem og dysfagi
- Eliminasjonsproblem
- Smerter
- Delirium
- Fatigue
- Søvnproblem
- Seksuelle utfordringar
- Kognitive endringar
- Psykososiale utfordringar
2e. Sjukepleie til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- Pasientsentrert tilnærming
- Omsorg til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- Sjukepleietiltak ved nevrologiske sjukdommar og skadar
- Alternativ og supplerande kommunikasjon
- Pleie og omsorg ved slutten av livet
5.3 Emne 3: Rehabilitering og habilitering
Emne 3 handlar om helsefremjande arbeid for å styrkje meistring og livskvalitet hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade. Det blir lagt vekt på kartlegging for å identifisere pasienten sine ressursar og behov for tiltak knytte til habilitering, rehabilitering og kvardagsrehabilitering. Emnet handlar òg om kva velferdsteknologi er, og korleis det kan gjennomførast i tenesta.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Rehabilitering og habilitering | 5 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- veit kva den enkelte pasienten og helsepersonell kan gjere for å fremje helse ved nevrologisk sjukdom og skade
- har kunnskap om rehabilitering, kvardagsrehabilitering og habilitering ved nevrologisk sjukdom og skade og om kva som fremjar meistring og livskvalitet
- har kunnskap om meistringsstrategiar og kvardagsmeistring når personar opplever at helsa og funksjonsevna endrar seg som følgje av nevrologisk sjukdom og skade
- har kunnskap om kartleggingsverktøy som blir brukte for å vurdere funksjonsnivå og ressursar hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade som treng rehabilitering eller habilitering
- veit kva velferdsteknologi er
- har kunnskap om systematisk kartlegging av pasientens behov for og anskaffing av velferdsteknologi
- har innsikt i lover og forskrifter som gjeld anskaffing og bruk av velferdsteknologi
- kan oppdatere kunnskapen sin om korleis velferdsteknologi og rehabilitering kan gjere nevrologisk sjuke og/eller skadde pasientar meir sjølvstendige og bidra til at dei opplever meistring
- forstår kor viktig det er å implementere velferdsteknologi for å utvikle helsetenesta til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap om helsefremjande arbeid, rehabilitering, kvardagsrehabilitering og habilitering til å gi pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade rettleiing om meistring og eigenomsorg
- kan nytte kunnskap om velferdsteknologi til å informere om velferdsteknologiske løysingar og hjelpe pasientane med å skaffe slike
- kan nytte kartleggingsverktøy til å kartleggje og rapportere tilstand, ressursar og behov for tiltak knytte til funksjonsnivå, rehabilitering og habilitering hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- kan kartleggje og identifisere ressursar og behov for velferdsteknologiske løysingar hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- kan kartleggje situasjonen til pasientar med behov for velferdsteknologi og identifisere juridiske og etiske problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for eiga yrkesrolle, eige ansvar og eigne oppgåver knytte til velferdsteknologi, rehabilitering, kvardagsrehabilitering og habilitering hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- kan samarbeide med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade på ein måte som varetek meistring og brukarmedverknad, og som er fagleg forsvarleg
Sentrale tema
3a. Helsefremjande arbeid
- Helsefremjande arbeid
- Livskvalitet
- Salutogenese
- Empowerment
- Meistringsstrategiar
5.4 Emne 4: Yrkesutøving og tenestetilbod
Emne 4 skal gjere studentane meir bevisste på kor viktig profesjonalitet og ansvarlegheit i eiga rolle og yrkesutøving er for kommunikasjon, medarbeidarskap, rettleiing og fagutvikling på arbeidsplassen. Emnet handlar òg om ulike aktørar i tenestetilbodet til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade og om korleis den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta er organiserte og samhandlar.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Yrkesutøving og tenestetilbod | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om profesjonell kommunikasjon i møte med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade, pårørande og kollegaer
- har kunnskap om rettleiing og pedagogiske prinsipp i yrkesutøvinga
- har innsikt i sosiale og økonomiske rettar og støtteordningar som pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade kan nytte seg av
- har kunnskap om organiseringa av den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta
- har innsikt i pasienttilpassa forløp for pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- veit kva ansvar og oppgåver ulike aktørar og samarbeidspartar har i pasient- og omsorgsforløp for pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- har kunnskap om tverrfagleg samarbeid og koordinering av helsetenester til pasientar med nevrologiske sjukdommar og skadar
- har kunnskap om frivillige aktørar og interesse- og brukarorganisasjonar
- har innsikt i kunnskapsbasert praksis
- har kunnskap om fagutvikling og innovasjon i helse- og omsorgssektoren
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap om medarbeidarskap og organisasjonskultur til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- kan nytte kommunikasjonsformer og teknikkar profesjonelt når hen samarbeider med, gir rettleiing til og underviser pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade, pårørande og kollegaer
- kan nytte relasjonskompetanse i samarbeid med pasientar, pårørande, frivillige aktørar og interesse- og brukarorganisasjonar
- kan finne informasjon og fagstoff og informere og rettleie pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade og deira pårørande om sosiale og økonomiske rettar og støtteordningar
- kan finne informasjon og fagstoff til å kunne arbeide kunnskapsbasert og delta i fagutvikling på arbeidsplassen
Generell kompetanse
Studenten
- kan byggje relasjonar og delta i tverrfagleg samarbeid med kollegaer på tvers av fag, avdelingar og tenestenivå
- kan gjennom kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til å utvikle arbeidsmetodane og tenestetilbodet til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
Sentrale tema
4a. Aktørar, organisering og samhandling i tenestetilbodet
- Spesialisthelsetenester
- Kommunale helse- og omsorgstenester
- Lærings- og meistringssenter
- Interesse- og brukarorganisasjonar
- Frivillige aktørar
- Samhandling og koordinering av tenestetilboda
- Pasienttilpassa forløp
- Individuell plan og koordinator
- Sosiale og økonomiske rettar og støtteordningar ved alvorleg sjukdom
4b. Yrkesutøving og kommunikasjons- og rettleiingskompetanse
- Yrkesrolle og identitet
- Relasjonskompetanse
- Tverrfagleg samarbeid
- Samarbeid med pårørande og frivillige aktørar
- Barn og unge som pårørande
- Kommunikasjons- og rettleiingskompetanse
- Grunnleggjande pedagogiske prinsipp og undervisning
- Kunnskapsbasert praksis
- Fagutvikling
5.5 Emne 5: Praksis i nevrologiske sjukdommar og skadar
Praksis blir gjennomført som utplassering eller som utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass innanfor fagfeltet. Utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass består i å førebu, planleggje, gjennomføre og evaluere eit forbetringsarbeid knytt til sentrale tema i utdanninga. Alle studentar i praksis, både dei som er utplasserte, og dei som gjennomfører utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass, skal ha rettleiing i praksisperioden.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Praksis i nevrologiske sjukdommar og skadar | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om symptom på akutt nevrologisk sjukdom og skade og om tiltak som må setjast i verk ved behov for akutt hjelp og/eller førstehjelp
- har kunnskap om nevrologiske sjukdommar og skadar og om kva konsekvensar desse kan ha for pasientar og pårørande
- har kunnskap om rehabilitering, kvardagsrehabilitering og habilitering og om korleis det kan fremje meistring og livskvalitet
- har kunnskap om standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy som blir brukte for å observere og dokumentere helsetilstand, ressursar, symptom, funksjonsnivå og behov hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- har kunnskap om organisering av tenestetilbodet til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade og kjennskap til ansvar og oppgåver for aktørar og samarbeidspartar
- har innsikt i kunnskapsbasert praksis og kunnskap om fagutvikling og kan oppdatere kunnskapen sin om utviklingsprosjekt i helsetenesta
- kan oppdatere kunnskapen sin om velferdsteknologi som kan gjere pasienten meir sjølvstendig og bidra til at hen opplever meistring
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap om nevrologiske sjukdommar og skadar til å observere symptom hos den enkelte pasienten
- kan nytte kunnskap om pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade til å delta i behandling, rehabilitering og habilitering og til å planleggje og setje i verk tiltak som dekkjer pasienten sitt behov for sjukepleie og omsorg
- kan nytte kunnskap om velferdsteknologi til å informere om velferdsteknologiske løysingar og hjelpe pasientane med å skaffe slike
- kan nytte kommunikasjonsformer og teknikkar profesjonelt i samarbeidet med pasientar, pårørande, frivillige, kollegaer og andre yrkesgrupper
- kan nytte kartleggingsverktøy og standardiserte observasjonsskjema til å kartleggje helsetilstand, ressursar, symptom og funksjonsnivå og identifisere behov for tiltak hos pasientar med nevrologiske sjukdommar og skadar
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar knytte til arbeid med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade i praksis
- kan kartleggje situasjonar i praksis og identifisere faglege og etiske problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
- kan kartleggje pasienten sin situasjon og identifisere ressursar og behov for velferdsteknologiske løysingar
Generell kompetanse
Studenten
- har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk gjennom varetaking av pasientintegritet, brukarmedverknad og ein fagleg forsvarleg praksis
- kan utføre rehabiliterings- og habiliteringstiltak som fremjar ressursar og varetek individuelle behov hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- kan byggje relasjonar med kollegaer og på tvers av avdelingar og tenestenivå i tenestetilbodet til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- kan gjennom kunnskapsdeling, bevisstgjering og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til å gi pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skadeeit kvalitetsmessigbetre tenestetilbod
I tillegg gjeld følgjande læringsutbyttebeskriving for utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass:
Studenten
- kan bidra til kvalitetsforbetringa i tenestetilbodet på arbeidsplassen ved å førebu, planleggje, gjennomføre og evaluere utviklingsarbeid innanfor eit avgrensa område
5.6 Emne 6: Fordjuping i nevrologiske sjukdommar og skadar
Studenten skal skrive ei fordjupingsoppgåve om eit sjølvvalt tema og ei sjølvvald problemstilling og med utgangspunkt i det overordna læringsutbyttet for utdanninga. Studenten skal vise evne til å bruke relevant teori og erfaringar frå si eiga yrkesutøving til å drøfte den aktuelle problemstillinga. Studenten skal ha tilbod om rettleiing under arbeidet med fordjupingsoppgåva.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Fordjupning i nevrologiske sjukdommar og skadar | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har innsikt i kunnskapsbasert praksis
- har kunnskap om fagutvikling og kan oppdatere kunnskapen sin om nasjonale planar, utviklingsprosjekt og innovasjon i helse- og omsorgssektoren
- kan oppdatere kunnskapen sin om faglege og etiske problemstillingar knytte til arbeid med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap til å forklare, vurdere og reflektere fagleg, etisk og juridisk over ei vald problemstilling knytt til arbeid med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for ei vald problemstilling knytt til arbeid med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- kan vurdere kritisk ulike kjelder til informasjon og fagstoff
- kan innanfor eige ansvars- og arbeidsområde kartleggje situasjonar og identifisere behov for og planleggje, setje i verk og evaluere tiltak knytte til arbeid med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for yrkesetiske retningslinjer som regulerer yrkesutøvinga i helsetenesta
- har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk ved refleksjon rundt korleis ein kan vareta integritet, brukarmedverknad og fagleg forsvarlegheit hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
- kan gjennom kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til å betre kvaliteten på tenestetilbodet til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade