Hopp til hovedinnhold

Psykisk helsearbeid og rusarbeid

Nasjonale planar

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om psykiske lidingar, psykisk helsearbeid og rusarbeid og kva omgrep, prosessar og verktøy som er sentrale på dette fagområdet
  • har innsikt i sentrale lover, forskrifter og rettleiingar som regulerer rettar og plikter og gir tilrådingar innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • har bransjekunnskap og veit korleis tenestene er organiserte innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid i helse-, omsorgs- og oppvekstsektoren
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • forstår kor viktig arbeid med psykisk helse og rus er i eit folkehelse- og samfunnsperspektiv
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte fagleg kunnskap og samhandlingskompetanse ved praktiske og teoretiske problemstillingar i psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • kan nytte relevante faglege verktøy og teknikkar for å fremje psykisk helse, førebyggje rusproblematikk og bidra til meistring hos ulike aldersgrupper
  • kan finne informasjon og fagstoff innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid som er relevant for ei yrkesfagleg problemstilling
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar i psykisk helsearbeid og rusarbeid og behov for å setje iverk tiltak
Generell kompetanse

Kandidaten

  • har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp, utfordringar og dilemma innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av yrket som kjem til uttrykk gjennom refleksjon og handlingar og i møte med mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk
  • kan utføre psykisk helsearbeid og rusarbeid etter behova til utvalde målgrupper
  • kan byggje relasjonar med pasientar/brukarar, pårørande og fagfellar, tverrfagleg og med eksterne målgrupper, innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • kan utvikle arbeidsmetodar for å vidareutvikle beste praksis på eigen arbeidsplass