Smittevern og sterilforsyning i helsetenesta
Nasjonale planar2. Om utdanninga
Smittevern i helsevesenet er regulert i lov om vern mot smittsame sjukdommar (smittevernlova). For å vareta godt smittevern i helseinstitusjonar krevst det grunnleggjande kunnskap i mikrobiologi og infeksjonsførebyggjande arbeid.
Sterilforsyning er eit arbeidsfelt som krev at ein er nøyaktig og svært aktsam i alle ledd og delprosessar for å sikre eit sterilt sluttprodukt.
Høgare yrkesfagleg utdanning i smittevern og sterilforsyning i helsetenesta skal bidra til å styrkje kompetansen i arbeidet med infeksjonsførebygging og pasientsikkerheit.
Den medisinsk-tekniske utviklinga i helsevesenet skjer raskt, og teknologien, instrumenta og utstyret som blir brukt i pasientbehandling og kirurgi, blir stadig meir avansert. Fleire stortingsmeldingar og rapportar viser til aukande behov for kompetanse hos personell som arbeider med dekontaminering av medisinsk gjenbruksutstyr.
Faget sterilforsyning er eit viktig kunnskapsområde i infeksjonsførebyggjande arbeid og pasientsikkerheit. Sterilforsyning inneber reingjering, desinfeksjon, sterilisering, anskaffing, lagring og distribusjon av sterile medisinske forbruksvarer i aktuelle delar av helsetenesta.
Målgruppa for denne utdanninga er personar med relevant helsefagleg bakgrunn som anten arbeider med eller ønskjer å arbeide med reprosessering og distribusjon av medisinsk utstyr i helsetenesta.
Målet med utdanninga er å utdanne reflekterte yrkesutøvarar med høg yrkesetisk forståing som meistrar smittevern, reingjering, desinfeksjon og sterilisering. Fagskulekandidatane skal ha kompetanse til å forstå korleis smittevegar kan brytast og smittespreiing hindrast.
2.1 Omgrepsavklaringar
Dekontaminering er å fjerne dei fleste patogene mikroorganismar frå utstyr, slik at det er sikkert å handtere, bruke eller kaste. Reingjering, desinfisering og eventuelt sterilisering blir nytta for å gjere medisinsk gjenbruksutstyr fritt for forureining og trygt å bruke.
Desinfeksjon er ein prosess som eliminerer dei fleste mikroorganismar ved hjelp av varme eller direkte applikasjon av kjemikalium.
Emballering er godkjende metodar for innpakking og forsegling av instrument og utstyr.
Logistikk omfattar instrument- og vareflyt gjennom heile sterilforsyningskjeda.
Medisinsk utstyr omfattar instrument og utstyr som blir brukte i pasientbehandling og diagnostikk.
Reingjering fjernar smuss og organisk og uorganisk materiale og inneber ikkje direkte drap av mikroorganismar, men vil som regel redusere forureininga ved at mikrobar blir fjerna mekanisk. Det skjer ved manuell eller maskinell reingjering med vatn og reingjeringsmiddel.
Reprosessering er ei fellesnemning for alle prosessar som medisinsk utstyr går gjennom etter kvar bruk, til det kjem tilbake til brukaren.
Sterilisering er fullstendig inaktivering av alle former for mikroorganismar, inkludert bakteriesporar.
Sterilforsyningskjeda er instrument-/utstyrsflyten frå ureint til sterilt produkt.
Sporbarheit består i å registrere og dokumentere instrument-/utstyrsflyten i sterilforsyningskjeda.
Validering er ein dokumentert prosedyre for å innhente, registrere og tolke resultat som krevst for å fastslå at ein prosess konsekvent vil gi eit produkt som tilfredsstiller bestemte vilkår.