Hopp til hovedinnhold

Smittevern og sterilforsyning i helsetenesta

Nasjonale planar

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om grunnleggjande helsefag
  • har kunnskap om mikrobiologi og smittevern
  • har kunnskap om korleis medisinsk utstyr av ulikt materiale og med ulike funksjonar skal reingjerast, desinfiserast, haldast ved like og emballerast
  • har kunnskap om ulike metodar for sterilisering og steriliseringskontroll
  • har kunnskap om krav til logistikk av sterile varer og sterilt utstyr, inkludert sporing og steril lagring og transport
  • har innsikt i lover, forskrifter, standardar og andre myndigheitskrav som gjeld sterilforsyning, smittevern, medisinsk utstyr og arbeidsmiljø
  • har innsikt i arbeid med internkontroll og kvalitetsforbetring
  • kan oppdatere kunnskapen sin i arbeidet med smittevern og sterilforsyning
  • har innsikt i berekraftige arbeidsprosessar innanfor sterilforsyning
  • forstår at sterilforsyning i pasientsikkerheitsarbeid er viktig som grunnleggjande førebygging og helsefremjande funksjon i eit berekraftig folkehelse- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte kunnskap om metodar, prinsipp og strategiar innanfor mikrobiologi og smittevern i helsetenesta
  • kan nytte kunnskap innanfor sterilforsyning, både teoretisk og praktisk, og bruke terminologien frå fagfeltet i kommunikasjonen
  • kan nytte ulike dekontamineringsmetodar for å førebyggje smitte til pasient og omgivnader
  • kan nytte kunnskap om logistikk av sterile varer og sterilt utstyr, inkludert sporing og steril lagring og transport
  • kan nytte fagleg kunnskap om bruk, vedlikehald og kontroll av prosessar og medisinsk-teknisk utstyr som blir nytta i arbeid med sterilforsyning
  • kan nytte kunnskap om HMS og arbeide etter ergonomiske prinsipp 
  • kan nytte kunnskap og ta berekraftige val innanfor sterilforsyning
  • kan bruke avvikssystemet og bidra med kvalitetsforbetring på arbeidsplassen
  • kan søkje opp informasjon og fagstoff i fagkjelder for å finne løysingar på problemstillingar innanfor sterilforsyning i helsetenesta
  • kan kartleggje og identifisere faglege problemstillingar innanfor sterilforsyning i helsetenesta og foreslå tiltak
  • kan finne og nytte relevante lover og myndigheitskrav
Generell kompetanse

Kandidaten

  • forstår etiske utfordringar og dilemma, reflekterer over sin eigen praksis og grunngir vurderingane sine fagleg, etisk og juridisk
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av sterilforsyning og kan utføre arbeidet sitt som eit viktig ledd i behandlingstenesta med pasienten i sentrum
  • forstår funksjonen sin og ansvarsområdet sitt og kan byggje relasjonar med kollegaer på tvers av avdelingar
  • kan bruke kompetansen sin og ferdigheitene sine til å utøve metodar innanfor sterilforsyning for å sikre smittevernet
  • kan bruke kompetansen sin og ferdigheitene sine til å utvikle metodar og tenester som er relevante for sterilforsyning i helsetenesta