Hopp til hovedinnhold

Mekatronikk

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Dei fleste produkt som blir utvikla eller forbetra i dag, består ikkje lenger «berre» av mekaniske eller elektriske delar – ofte finn ein produkt som skal vere bevegelege, programmerbare og trygge for omgivnadene. Ei slik utvikling krev eit heilskapleg blikk på produktet og verkemåten, både mekanisk, elektrisk og datateknisk.

Mekatronikk er samspelet mellom maskinfag, elektrofag og datateknikk. Utdanninga gir deg kunnskap til å kunne arbeide med desse tre fagfelta for å designe, byggje og drifte mekatronikksystem og kvalifiserer til å arbeide med å utvikle nye og eksisterande produkt og prosessar.

Utdanninga skal utvikle ferdigheitene og den generelle kompetansen til studentane og gjere dei til reflekterte yrkesutøvarar som er kvalifiserte til å utføre tekniske oppgåver og leiaroppgåver innanfor mekatronikk. Etter å ha teke fordjuping i mekatronikk skal kandidaten kunne tilfredsstille krava og normene i bransjen, også med tanke på berekraftsmåla og sirkulærøkonomi. Med denne utdanninga har kandidaten lagt grunnlag for livslang læring og kontinuerleg forbetring og omstilling.

2.1 Omgrepsavklaringar

Mekatronikk/mekatronikksystem er samspelet mellom dei tre fagfelta mekanikk, elektronikk og datateknikk.

DAK: dataassistert konstruksjon
EMC: elektromagnetisk kapabilitet
EMI: elektromagnetisk interferens
HMS: helse, miljø og sikkerheit
LØM: leiing, økonomi og marknadsføring