Hopp til hovedinnhold

Nevrologiske sjukdommar og skadar

Nasjonale planar

5. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

5.1 Emne 1: Etikk, samhandling og kommunikasjon

Det innleiande emnet er felles for helsefaglege fagskuleutdanningar. Formålet med emnet er å gi studentane ei god innføring i grunnleggjande forståing av fagfeltet og yrkesutøvinga. Studentane får innføring i studieteknikk og oppgåveskriving på høgare yrkesfagleg nivå. Emnet legg vekt på kommunikasjonsverktøy, relasjonskompetanse og konflikthandtering. Etikken blir framstilt som sentral og er gjennomgåande i heile emnet.

EmneStudiepoeng
Etikk, samhandling og kommunikajon10
Læringsutbytte
Kunnskap 

Studenten

  • har kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma, relevante teoriar og arbeidsmåtar og etisk refleksjon som verktøy
  • har kunnskap om mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk og kan nytte denne kunnskapen i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • har kunnskap om gruppeprosessar, kriseteori og konflikthandtering
  • har innsikt i relevant lovverk og offentlege dokument som regulerer fagfeltet, brukarmedverknad og organisering av tilbod i sektoren
  • har bransjekunnskap og kjennskap til grunnleggjande sosialpsykologiske prinsipp og korleis dei kan påverke enkeltindividet, familien og det sosiale nettverket deira
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om teknologiske løysingar og korleis desse kan påverke samhandlinga med tenestemottakaren, dei pårørande og samarbeidspartnarar
  • forstår kor viktig det er med kompetanse om relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling i eige yrke, både i møte med sårbare personar og i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma som grunnlag for refleksjon over teoretiske og praktiske problemstillingar
  • kan nytte fagleg kunnskap om teknologiske løysingar til å løyse praktiske og teoretiske problemstillingar på ein forsvarleg og etisk bevisst måte
  • kan nytte teknikkar innanfor relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling og andre faglege verktøy som er relevante for yrkesutøvinga
  • kan finne relevant informasjon og fagstoff og dessutan lovverk, forskrifter og stortingsmeldingar som er relevante for yrkesutøvinga
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak knytte til mangfald og migrasjonshelse og i møte med ulike kulturar og urfolk
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma og for korleis dei kan påverke samhandlinga mellom tenesteytaren og tenestemottakaren
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i yrkesutøvinga som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga yrkesutøving og gjennom kommunikasjon og samhandling med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • kan utføre arbeidet sitt på ein lovmessig, fagleg og etisk forsvarleg måte ut frå tenestemottakarane sine behov, med fokus på å fremje eit heilskapleg menneskesyn
  • kan byggje relasjonar med fagfellar, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar basert på haldningar og verdiar knytte til eit heilskapleg menneskesyn, likeverd og respekt
  • kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester som baserer seg på behova og utfordringane til tenestemottakaren, og som har relevans for yrkesutøvinga
Tema

1a. Etikk

  • Etiske teoriar og prinsipp
  • Etiske dilemma
  • Etikk og teknologi
  • Heilskapleg menneskesyn

1b. Samhandling og kommunikasjon

  • Brukarperspektivet
  • Relasjonskompetanse og relasjonsbygging
  • Kommunikasjon i samhandling med tenestemottakar og samarbeidspartnarar
  • Gruppeprosess og konflikthandtering

1c. Lover og forskrifter

  • Lover, forskrifter og offentlege dokument som er relevante for studentane på utdanninga og for tenestemottakarane

1d. Sosiologi og psykologi

  • Utviklingspsykologi
  • Sosiale roller
  • Migrasjonshelse, kultur, mangfald og urfolk

5.2 Emne 2: Nevrologiske sjukdommar og skadar

Emne 2 skal gi studenten kunnskap om nervesystemet, ulike nevrologiske sjukdommar og skadar og kva konsekvensar dei kan ha for pasienten. Studenten skal utvikle kompetanse til å oppdage teikn på og kunne setje i verk handling ved akutt kritisk sjukdom. Systematisk observasjon, kartlegging, vurdering og dokumentasjon av helsetilstand, symptom og behov er sentralt i emnet. Studenten skal òg få auka kompetanse til å setje i verk sjukepleietiltak og gi omsorg til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade.

EmneStudiepoeng
Nevrologiske sjukdommar og skadar15
Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om nervesystemet og nervesystemet sin funksjon
  • har kunnskap om symptom på akutt nevrologisk sjukdom og skade og om tiltak som må setjast i verk ved behov for akutt hjelp og/eller førstehjelp
  • har kunnskap om ulike nevrologiske sjukdommar og skadar
  • har kunnskap om kva den enkelte pasienten og helsepersonell kan gjere for å førebyggje komplikasjonar ved og avgrense konsekvensane av nevrologisk sjukdom og skade
  • har kunnskap om standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy som blir brukte for å observere og dokumentere helsetilstand, ressursar, symptom og behov hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • har kunnskap om alternativ supplerande kommunikasjon i samhandlinga med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • har kunnskap om pleie og omsorg ved slutten av livet
  • har innsikt i nasjonale retningslinjer knytte til nevrologiske sjukdommar og skadar
  • kan oppdatere kunnskapen sin om behandling, sjukepleie og omsorg til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • forstår kva det betyr for pasienten og dei pårørande at helsepersonell viser kompetanse, tryggleik og omsorg i yrkesutøvinga
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om akutt nevrologisk sjukdom og skade og vurdere og setje i verk tiltak innanfor eige kompetanseområde i samarbeid med pasienten, kollegaer og andre yrkesgrupper
  • kan nytte kunnskap om nevrologiske sjukdommar og skadar og behandling av slike til å planleggje og setje i verk tiltak i samarbeid med pasientar, kollegaer og andre yrkesgrupper
  • kan nytte standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy til å kartleggje og dokumentere helsetilstand, ressursar og symptom og identifisere behov for tiltak hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan nytte kunnskap om alternativ supplerande kommunikasjon i samhandlinga med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade

Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for nasjonale retningslinjer for behandling og rehabilitering ved nevrologiske sjukdommar og skadar og for korleis desse påverkar yrkesutøvinga
  • har forståing for korleis bruk av standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy bidreg til å kvalitetssikre behandling, sjukepleie og omsorg for pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan reflektere over faglege og etiske utfordringar i møte med nevrologisk sjuke og/eller skadde pasientar og deira pårørande
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som er i tråd med yrkesetiske retningslinjer og pasient- og brukarrettslova, og kan vareta pasienten sin integritet og sørgje for at yrkesutøvinga er fagleg forsvarleg
  • kan innanfor eige kompetanse- og ansvarsområde utføre behandlande og lindrande tiltak hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan utføre sjukepleie og omsorg etter ønska og dei individuelle behova til nevrologisk sjuke og/eller skadde pasientar
Sentrale tema

2a. Nervesystemet

  • Sentralnervesystemet
  • Det perifere nervesystemet
  • Nervesystemets funksjon


2b. Nevrologiske sjukdommar og skadar (årsaker, symptom, diagnostikk, førebygging og behandling)

  • Hjerneslag
  • Epilepsi
  • Multippel sklerose (MS)
  • Parkinsons sjukdom
  • Amyotrofisk lateral sklerose (ALS)
  • Tumor cerebri 
  • Demens
  • Huntingtons sjukdom
  • Tourettes syndrom
  • Hydrocephalus
  • Infeksjonar i nervesystemet
  • Smertetilstandar i nervesystemet
  • Hovudskadar
  • Tverrsnittslesjonar

2c. Vurdering av symptom og tilstand

  • Vitale parametrar
  • Førstehjelp og handlingsberedskap
  • Bruk av standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy ved nevrologiske sjukdommar og skadar
  • Den fagskuleutdanna fagarbeidaren si rolle i kartleggingsarbeid
  • Vurderingskompetanse
  • Dokumentasjon

2d. Konsekvensar av nevrologiske sjukdommar og skadar

  • Endringar i rørsleapparatet
  • Syns- og høyrselsutfordringar
  • Afasi og dysartri 
  • Ernæringsproblem og dysfagi 
  • Eliminasjonsproblem
  • Smerter
  • Delirium
  • Fatigue
  • Søvnproblem
  • Seksuelle utfordringar
  • Kognitive endringar
  • Psykososiale utfordringar


2e. Sjukepleie til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade

  • Pasientsentrert tilnærming
  • Omsorg til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • Sjukepleietiltak ved nevrologiske sjukdommar og skadar
  • Alternativ og supplerande kommunikasjon
  • Pleie og omsorg ved slutten av livet

5.3 Emne 3: Rehabilitering og habilitering

Emne 3 handlar om helsefremjande arbeid for å styrkje meistring og livskvalitet hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade. Det blir lagt vekt på kartlegging for å identifisere pasienten sine ressursar og behov for tiltak knytte til habilitering, rehabilitering og kvardagsrehabilitering. Emnet handlar òg om kva velferdsteknologi er, og korleis det kan gjennomførast i tenesta.

EmneStudiepoeng
Rehabilitering og habilitering5
Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • veit kva den enkelte pasienten og helsepersonell kan gjere for å fremje helse ved nevrologisk sjukdom og skade
  • har kunnskap om rehabilitering, kvardagsrehabilitering og habilitering ved nevrologisk sjukdom og skade og om kva som fremjar meistring og livskvalitet
  • har kunnskap om meistringsstrategiar og kvardagsmeistring når personar opplever at helsa og funksjonsevna endrar seg som følgje av nevrologisk sjukdom og skade
  • har kunnskap om kartleggingsverktøy som blir brukte for å vurdere funksjonsnivå og ressursar hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade som treng rehabilitering eller habilitering
  • veit kva velferdsteknologi er
  • har kunnskap om systematisk kartlegging av pasientens behov for og anskaffing av velferdsteknologi
  • har innsikt i lover og forskrifter som gjeld anskaffing og bruk av velferdsteknologi
  • kan oppdatere kunnskapen sin om korleis velferdsteknologi og rehabilitering kan gjere nevrologisk sjuke og/eller skadde pasientar meir sjølvstendige og bidra til at dei opplever meistring
  • forstår kor viktig det er å implementere velferdsteknologi for å utvikle helsetenesta til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om helsefremjande arbeid, rehabilitering, kvardagsrehabilitering og habilitering til å gi pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade rettleiing om meistring og eigenomsorg
  • kan nytte kunnskap om velferdsteknologi til å informere om velferdsteknologiske løysingar og hjelpe pasientane med å skaffe slike
  • kan nytte kartleggingsverktøy til å kartleggje og rapportere tilstand, ressursar og behov for tiltak knytte til funksjonsnivå, rehabilitering og habilitering hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan kartleggje og identifisere ressursar og behov for velferdsteknologiske løysingar hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan kartleggje situasjonen til pasientar med behov for velferdsteknologi og identifisere juridiske og etiske problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak

Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for eiga yrkesrolle, eige ansvar og eigne oppgåver knytte til velferdsteknologi, rehabilitering, kvardagsrehabilitering og habilitering hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan samarbeide med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade på ein måte som varetek meistring og brukarmedverknad, og som er fagleg forsvarleg
Sentrale tema


3a. Helsefremjande arbeid

  • Helsefremjande arbeid
  • Livskvalitet
  • Salutogenese
  • Empowerment
  • Meistringsstrategiar

5.4 Emne 4: Yrkesutøving og tenestetilbod

Emne 4 skal gjere studentane meir bevisste på kor viktig profesjonalitet og ansvarlegheit i eiga rolle og yrkesutøving er for kommunikasjon, medarbeidarskap, rettleiing og fagutvikling på arbeidsplassen. Emnet handlar òg om ulike aktørar i tenestetilbodet til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade og om korleis den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta er organiserte og samhandlar.

EmneStudiepoeng
Yrkesutøving og tenestetilbod10
Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om profesjonell kommunikasjon i møte med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade, pårørande og kollegaer
  • har kunnskap om rettleiing og pedagogiske prinsipp i yrkesutøvinga
  • har innsikt i sosiale og økonomiske rettar og støtteordningar som pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade kan nytte seg av
  • har kunnskap om organiseringa av den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta
  • har innsikt i pasienttilpassa forløp for pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • veit kva ansvar og oppgåver ulike aktørar og samarbeidspartar har i pasient- og omsorgsforløp for pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • har kunnskap om tverrfagleg samarbeid og koordinering av helsetenester til pasientar med nevrologiske sjukdommar og skadar
  • har kunnskap om frivillige aktørar og interesse- og brukarorganisasjonar
  • har innsikt i kunnskapsbasert praksis
  • har kunnskap om fagutvikling og innovasjon i helse- og omsorgssektoren

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om medarbeidarskap og organisasjonskultur til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • kan nytte kommunikasjonsformer og teknikkar profesjonelt når hen samarbeider med, gir rettleiing til og underviser pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade, pårørande og kollegaer
  • kan nytte relasjonskompetanse i samarbeid med pasientar, pårørande, frivillige aktørar og interesse- og brukarorganisasjonar
  • kan finne informasjon og fagstoff og informere og rettleie pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade og deira pårørande om sosiale og økonomiske rettar og støtteordningar
  • kan finne informasjon og fagstoff til å kunne arbeide kunnskapsbasert og delta i fagutvikling på arbeidsplassen

Generell kompetanse

Studenten

  • kan byggje relasjonar og delta i tverrfagleg samarbeid med kollegaer på tvers av fag, avdelingar og tenestenivå
  • kan gjennom kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til å utvikle arbeidsmetodane og tenestetilbodet til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
Sentrale tema


4a. Aktørar, organisering og samhandling i tenestetilbodet

  • Spesialisthelsetenester
  • Kommunale helse- og omsorgstenester
  • Lærings- og meistringssenter
  • Interesse- og brukarorganisasjonar
  • Frivillige aktørar
  • Samhandling og koordinering av tenestetilboda
  • Pasienttilpassa forløp
  • Individuell plan og koordinator
  • Sosiale og økonomiske rettar og støtteordningar ved alvorleg sjukdom


4b. Yrkesutøving og kommunikasjons- og rettleiingskompetanse 

  • Yrkesrolle og identitet
  • Relasjonskompetanse
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Samarbeid med pårørande og frivillige aktørar
  • Barn og unge som pårørande
  • Kommunikasjons- og rettleiingskompetanse
  • Grunnleggjande pedagogiske prinsipp og undervisning
  • Kunnskapsbasert praksis
  • Fagutvikling

5.5 Emne 5: Praksis i nevrologiske sjukdommar og skadar

Praksis blir gjennomført som utplassering eller som utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass innanfor fagfeltet. Utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass består i å førebu, planleggje, gjennomføre og evaluere eit forbetringsarbeid knytt til sentrale tema i utdanninga. Alle studentar i praksis, både dei som er utplasserte, og dei som gjennomfører utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass, skal ha rettleiing i praksisperioden.

EmneStudiepoeng
Praksis i nevrologiske sjukdommar og skadar10
Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om symptom på akutt nevrologisk sjukdom og skade og om tiltak som må setjast i verk ved behov for akutt hjelp og/eller førstehjelp
  • har kunnskap om nevrologiske sjukdommar og skadar og om kva konsekvensar desse kan ha for pasientar og pårørande
  • har kunnskap om rehabilitering, kvardagsrehabilitering og habilitering og om korleis det kan fremje meistring og livskvalitet
  • har kunnskap om standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy som blir brukte for å observere og dokumentere helsetilstand, ressursar, symptom, funksjonsnivå og behov hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • har kunnskap om organisering av tenestetilbodet til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade og kjennskap til ansvar og oppgåver for aktørar og samarbeidspartar
  • har innsikt i kunnskapsbasert praksis og kunnskap om fagutvikling og kan oppdatere kunnskapen sin om utviklingsprosjekt i helsetenesta
  • kan oppdatere kunnskapen sin om velferdsteknologi som kan gjere pasienten meir sjølvstendig og bidra til at hen opplever meistring

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om nevrologiske sjukdommar og skadar til å observere symptom hos den enkelte pasienten
  • kan nytte kunnskap om pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade til å delta i behandling, rehabilitering og habilitering og til å planleggje og setje i verk tiltak som dekkjer pasienten sitt behov for sjukepleie og omsorg
  • kan nytte kunnskap om velferdsteknologi til å informere om velferdsteknologiske løysingar og hjelpe pasientane med å skaffe slike
  • kan nytte kommunikasjonsformer og teknikkar profesjonelt i samarbeidet med pasientar, pårørande, frivillige, kollegaer og andre yrkesgrupper
  • kan nytte kartleggingsverktøy og standardiserte observasjonsskjema til å kartleggje helsetilstand, ressursar, symptom og funksjonsnivå og identifisere behov for tiltak hos pasientar med nevrologiske sjukdommar og skadar
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar knytte til arbeid med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade i praksis
  • kan kartleggje situasjonar i praksis og identifisere faglege og etiske problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
  • kan kartleggje pasienten sin situasjon og identifisere ressursar og behov for velferdsteknologiske løysingar

Generell kompetanse

Studenten

  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk gjennom varetaking av pasientintegritet, brukarmedverknad og ein fagleg forsvarleg praksis
  • kan utføre rehabiliterings- og habiliteringstiltak som fremjar ressursar og varetek individuelle behov hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan byggje relasjonar med kollegaer og på tvers av avdelingar og tenestenivå i tenestetilbodet til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan gjennom kunnskapsdeling, bevisstgjering og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til å gi pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skadeeit kvalitetsmessigbetre tenestetilbod

I tillegg gjeld følgjande læringsutbyttebeskriving for utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass:

Studenten

  • kan bidra til kvalitetsforbetringa i tenestetilbodet på arbeidsplassen ved å førebu, planleggje, gjennomføre og evaluere utviklingsarbeid innanfor eit avgrensa område

5.6 Emne 6: Fordjuping i nevrologiske sjukdommar og skadar

Studenten skal skrive ei fordjupingsoppgåve om eit sjølvvalt tema og ei sjølvvald problemstilling og med utgangspunkt i det overordna læringsutbyttet for utdanninga. Studenten skal vise evne til å bruke relevant teori og erfaringar frå si eiga yrkesutøving til å drøfte den aktuelle problemstillinga. Studenten skal ha tilbod om rettleiing under arbeidet med fordjupingsoppgåva.

EmneStudiepoeng
Fordjupning i nevrologiske sjukdommar og skadar10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har innsikt i kunnskapsbasert praksis
  • har kunnskap om fagutvikling og kan oppdatere kunnskapen sin om nasjonale planar, utviklingsprosjekt og innovasjon i helse- og omsorgssektoren
  • kan oppdatere kunnskapen sin om faglege og etiske problemstillingar knytte til arbeid med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap til å forklare, vurdere og reflektere fagleg, etisk og juridisk over ei vald problemstilling knytt til arbeid med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for ei vald problemstilling knytt til arbeid med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan vurdere kritisk ulike kjelder til informasjon og fagstoff
  • kan innanfor eige ansvars- og arbeidsområde kartleggje situasjonar og identifisere behov for og planleggje, setje i verk og evaluere tiltak knytte til arbeid med pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade

Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for yrkesetiske retningslinjer som regulerer yrkesutøvinga i helsetenesta
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk ved refleksjon rundt korleis ein kan vareta integritet, brukarmedverknad og fagleg forsvarlegheit hos pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade
  • kan gjennom kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til å betre kvaliteten på tenestetilbodet til pasientar med nevrologisk sjukdom og/eller skade