Hopp til hovedinnhold

Observasjons- og vurderingskompetanse

Nasjonale planar

5. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

5.1 Emne 1: Etikk, samhandling og kommunikasjon

Det innleiande emnet er felles for helsefaglege fagskuleutdanningar. Formålet med emnet er å gi studentane ei god innføring i grunnleggjande forståing av fagfeltet og yrkesutøvinga. Studentane får innføring i studieteknikk og oppgåveskriving på høgare yrkesfagleg nivå. Emnet legg vekt på kommunikasjonsverktøy, relasjonskompetanse og konflikthandtering. Etikken blir framstilt som sentral og er gjennomgåande i heile emnet.

EmneStudiepoeng
Etikk, samhandling og kommunikajon10
Læringsutbytte
Kunnskap 

Studenten

  • har kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma, relevante teoriar og arbeidsmåtar og etisk refleksjon som verktøy
  • har kunnskap om mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk og kan nytte denne kunnskapen i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • har kunnskap om gruppeprosessar, kriseteori og konflikthandtering
  • har innsikt i relevant lovverk og offentlege dokument som regulerer fagfeltet, brukarmedverknad og organisering av tilbod i sektoren
  • har bransjekunnskap og kjennskap til grunnleggjande sosialpsykologiske prinsipp og korleis dei kan påverke enkeltindividet, familien og det sosiale nettverket deira
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om teknologiske løysingar og korleis desse kan påverke samhandlinga med tenestemottakaren, dei pårørande og samarbeidspartnarar
  • forstår kor viktig det er med kompetanse om relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling i eige yrke, både i møte med sårbare personar og i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma som grunnlag for refleksjon over teoretiske og praktiske problemstillingar
  • kan nytte fagleg kunnskap om teknologiske løysingar til å løyse praktiske og teoretiske problemstillingar på ein forsvarleg og etisk bevisst måte
  • kan nytte teknikkar innanfor relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling og andre faglege verktøy som er relevante for yrkesutøvinga
  • kan finne relevant informasjon og fagstoff og dessutan lovverk, forskrifter og stortingsmeldingar som er relevante for yrkesutøvinga
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak knytte til mangfald og migrasjonshelse og i møte med ulike kulturar og urfolk
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma og for korleis dei kan påverke samhandlinga mellom tenesteytaren og tenestemottakaren
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i yrkesutøvinga som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga yrkesutøving og gjennom kommunikasjon og samhandling med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • kan utføre arbeidet sitt på ein lovmessig, fagleg og etisk forsvarleg måte ut frå tenestemottakarane sine behov, med fokus på å fremje eit heilskapleg menneskesyn
  • kan byggje relasjonar med fagfellar, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar basert på haldningar og verdiar knytte til eit heilskapleg menneskesyn, likeverd og respekt
  • kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester som baserer seg på behova og utfordringane til tenestemottakaren, og som har relevans for yrkesutøvinga
Tema

1a. Etikk

  • Etiske teoriar og prinsipp
  • Etiske dilemma
  • Etikk og teknologi
  • Heilskapleg menneskesyn

1b. Samhandling og kommunikasjon

  • Brukarperspektivet
  • Relasjonskompetanse og relasjonsbygging
  • Kommunikasjon i samhandling med tenestemottakar og samarbeidspartnarar
  • Gruppeprosess og konflikthandtering

1c. Lover og forskrifter

  • Lover, forskrifter og offentlege dokument som er relevante for studentane på utdanninga og for tenestemottakarane

1d. Sosiologi og psykologi

  • Utviklingspsykologi
  • Sosiale roller
  • Migrasjonshelse, kultur, mangfald og urfolk

5.2 Emne 2: Tidleg oppdaging av forverra somatisk helsetilstand

Emne 2 handlar om kartleggingsverktøy og observasjons- og undersøkingsmetodar som blir brukte for å oppdage forverra somatisk tilstand tidleg. Uavhengig av alder, diagnosar eller forhold hos ei pasientgruppe skal ei generell ABCDE-tenking alltid liggje til grunn for observasjon av alle som treng dette. Studentane skal få kompetanse om ulike akutte somatiske tilstandar, slik at dei kan vurdere, dokumentere og rapportere symptom på forverring i helsetilstand og gi førstehjelp. Emnet skal òg gi studentane kjennskap til organiseringa av og samhandlinga i den akuttmedisinske tenesta.

EmneStudiepoeng
Tidleg oppdaging av forverra somatisk helsetilstand10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om akutte somatiske tilstandar
  • har kunnskap om kartleggingsverktøy og observasjons- og undersøkingsmetodar som blir brukte for å vurdere, dokumentere og rapportere forverra somatisk tilstand
  • har kunnskap om kommunikasjonsverktøy som blir brukte for å sikre effektiv og strukturert varsling og rapportering ved forverra somatisk tilstand
  • har kunnskap om førstehjelp, hjarte-lunge-redning (HHLR) og bruk av hjartestartar
  • har innsikt i relevante lover og forskrifter som regulerer den akuttmedisinske tenesta og plikta helsepersonell har til å yte helsehjelp når det er påtrengande nødvendig
  • har kunnskap om korleis den akuttmedisinske tenesta er organisert
  • kan oppdatere kunnskapen sin om observasjon, kartlegging og undersøking ved forverra somatisk tilstand
  • forstår kor viktig det er med strukturert samarbeid og samhandling i den akuttmedisinske tenesta for å gi pasienten kompetent og rask hjelp
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om symptom ved forverra somatisk tilstand for å observere, vurdere, dokumentere og rapportere
  • kan nytte kartleggingsverktøy og undersøkingsmetodar for å vurdere, dokumentere og rapportere forverra somatisk tilstand
  • kan nytte kommunikasjonsverktøy for å sikre effektiv og strukturert varsling og rapportering ved forverra somatisk tilstand
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for observasjon, kartlegging og vurdering av forverra somatisk tilstand
  • kan kartleggje symptom ved forverra somatisk tilstand og identifisere behov for å setje i verk tiltak som sikrar ei fagleg forsvarleg helsehjelp
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår si eiga yrkesrolle og sitt eige ansvar i møte med pasientar med forverra somatisk tilstand og deira pårørande
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som er i tråd med yrkesetiske retningslinjer og prinsipp, og som varetek fagleg forsvarleg og omsorgsfull hjelp ved forverra somatisk tilstand
  • kan utføre førstehjelp og hjarte-lunge-redning (HHLR) og bruke hjartestartar i tråd med gjeldande retningslinjer
  • kan utføre fagleg forsvarleg og omsorgsfull hjelp til pasientar med forverra somatisk tilstand
  • kan byggje relasjonar med kollegaer og samhandle på tvers av tenestene om vurdering og tiltak ved forverra somatisk tilstand
  • kan utvikle arbeidsmetodar for tidleg oppdaging av forverra somatisk tilstand
Tema

2a. Tidleg oppdaging av forverra somatisk tilstand

  • Observasjons- og kartleggingsverktøy ved forverra somatisk tilstand
  • ABCDE-prinsippet
  • EarlyWarning Score (EWS)
  • Kliniske observasjonar og undersøkingar
  • Luftvegar og respirasjon – respirasjonsfrekvens og lydar, oksygenmetning 
  • Sirkulasjon – blodtrykk, puls, kapillær fyllingstid, hud og diurese
  • Medvitstilstand – teikn på hjerneslag, pupillar og blodsukker
  • Kroppsundersøking – temperatur og smerter
  • Bruk av medisinsk-teknisk utstyr til fysiologiske parametrar
  • Førstehjelp
  • HHLR og bruk av hjartestartar
  • Førstehjelp ved akutt sjukdom og skade

2b. Akutte somatiske tilstandar

  • Respirasjonssvikt
  • Akutt hjartesjukdom
  • Hjerneslag
  • Infeksjonssjukdommar og sepsis
  • Hyper- og hypoglykemi
  • Akutt nyresvikt
  • Væske- og elektrolyttforstyrringar
  • Smerter
  • Delirium
  • Synkope, svimmelheit
  • Sjokktilstandar
  • Forgiftingar
  • Fall- og brotskadar
  • Sår- og brannskadar

2c. Kommunikasjonsverktøy og dokumentasjon

  • Kommunikasjonsverktøy – ISBAR
  • Dokumentasjon

2d. Akuttmedisinsk teneste

  • Akuttmedisinske tenester i den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta
  • Lover og forskrifter som regulerer den akuttmedisinske tenesta
  • Krav til fagleg forsvarleg og omsorgsfull hjelp
  • Tverrfagleg samarbeid og samhandling mellom tenestene
  • Varetaking av pårørande ved akutte hendingar

5.3 Emne 3: Særleg sårbare pasientgrupper

Emne 3 handlar om observasjons- og vurderingskompetanse retta mot særleg sårbare pasientgrupper. Det tek òg for seg utvalde kroniske somatiske sjukdommar, psykiske sjukdommar og ruslidingar. Studenten vil få kunnskap om sjukepleieprosessen og bruk av aktuelle kartleggingsverktøy for å vurdere og dokumentere helsetilstand og endringar i helsetilstand. Studenten vil få kompetanse om korleis symptom på sjukdom kan opptre annleis og meir komplekst hos særleg sårbare pasientar. Studenten skal få forståing for eiga yrkesutøving for å sikre at pasientar som er særleg sårbare for påkjenningar, blir varetekne på ein fagleg forsvarleg måte.

EmneStudiepoeng
Særleg sårbare pasientgrupper10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om utvalde kroniske somatiske sjukdommar, psykiske sjukdommar og ruslidingar
  • har kunnskap om særleg sårbare pasientgrupper og veit at symptom på sjukdom kan opptre annleis og meir komplekst hos desse pasientane
  • har kunnskap om sjukepleieprosessen og kartleggingsverktøy som blir nytta for å vurdere og dokumentere helsetilstand og endringar i helsetilstand
  • har innsikt i relevante faglege retningslinjer som er relaterte til utvalde kroniske somatiske sjukdommar, psykiske sjukdommar og ruslidingar
  • har kunnskap om personsentrert omsorg og førebygging og handtering av utfordrande åtferd
  • kan oppdatere kunnskapen sin om observasjons- og vurderingskompetanse ved utvalde kroniske somatiske sjukdommar, psykiske sjukdommar og ruslidingar
  • forstår kor viktig eiga profesjon og yrkesutøving er i arbeidet med særleg sårbare pasientar
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om særleg sårbare pasientgrupper for å vurdere, dokumentere og rapportere helsetilstand og endringar i helsetilstand
  • kan nytte sjukepleieprosessen og aktuelle kartleggingsverktøy for å vurdere og dokumentere helsetilstand ved kronisk somatisk sjukdom, psykisk sjukdom og rusliding
  • kan finne informasjon og fagstoff om personsentrert omsorg og korleis det kan brukast for å førebyggje og handtere utfordrande åtferd
  • kan kartleggje helsetilstand og identifisere behov for å setje i verk tiltak hos pasientar som er særleg sårbare for påkjenningar
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår korleis eiga yrkesutøving kan sikre at pasientar som er særleg sårbare for påkjenningar, blir varetekne på ein fagleg forsvarleg måte
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk gjennom varetaking av behova til den enkelte pasienten
  • kan utføre personsentrert omsorg til pasientar med somatiske sjukdommar, psykiske sjukdommar og ruslidingar
  • kan byggje relasjonar med kollegaer og samhandle på tvers av tenestene om vurdering og varetaking av særleg sårbare pasientgrupper
  • kan utvikle tenester til særleg sårbare pasientar for å sikre fagleg forsvarleg helsehjelp
Tema

3a. Særleg sårbare pasientgrupper

  • Geriatriske pasientar
  • Pasientar med kognitiv svikt
  • Pasientar med psykiske sjukdommar og/eller ruslidingar
  • Pasientar i postoperativ fase
  • Pasientar i palliativ fase
  • Personar med utviklingshemming
  • Personar med omfattande kommunikasjonsvanskar

3b. Heilskapleg tilnærming

  • Sjukepleieprosessen
  • Bruk av kartleggingsverktøy ved sjukdom
  • Personsentrert omsorg
  • Førebygging og handtering av utfordrande åtferd

3c. Kroniske somatiske sjukdommar

  • Hjarte- og karsjukdommar
  • Lungesjukdommar
  • Diabetes mellitus
  • Nevrologiske sjukdommar
  • Kreft
  • Demens

3d. Psykiske sjukdommar og ruslidingar

  • Angst
  • Depresjon
  • Psykosar
  • Alkoholmisbruk
  • Vanedannande legemiddel
  • Andre rusmiddel

5.4 Emne 4: Profesjonell yrkesutøving

Emne 4 handlar om risikovurdering ved sjukdom og skade, utvikling av eiga yrkesrolle, helsefagleg innovasjon og leiing, pasientsikkerheit og forbetrings- og kvalitetsarbeid. Emnet legg òg vekt på praktisk yrkesutøving, og studenten vil få opplæring i utvalde praktiske prosedyrar i klinisk sjukepleie, smittevern og legemiddelhandtering. Enkelte prosedyrar kan krevje godkjenning på den enkelte arbeidsstaden, jf. lov om helsepersonell kapittel 2 § 4 om forsvarlegheit.

EmneStudiepoeng
Profesjonell yrkesutøving10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om utvalde praktiske prosedyrar i klinisk sjukepleie
  • har kunnskap om hygieniske prinsipp og smittevern
  • har kunnskap om legemiddel og legemiddelhandtering
  • har innsikt i relevant lovverk og faglege retningslinjer for gjennomføring av risikovurdering ved sjukdom og skade
  • har kunnskap om risikovurdering for å førebyggje komplikasjonar ved sjukdom, skade og funksjonsnedsetjing
  • har kunnskap om pasientsikkerheit og forbetrings- og kvalitetsarbeid for å redusere uønskte hendingar
  • kan oppdatere kunnskapen sin om velferdsteknologi for behandling og pleie
  • forstår kor viktig pasientsikkerheits-, forbetrings- og kvalitetsarbeid er for ei innovativ og berekraftig helseteneste
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om legemiddel for å sikre rett og god legemiddelhandtering
  • kan nytte kunnskap om velferdsteknologiske løysingar for å kvalitetssikre behandling og pleie
  • kan nytte kartleggingsverktøy for å identifisere og vurdere risikofaktorar ved sjukdom og skade
  • kan rettleie og undervise pasientar, pårørande, kollegaer og anna helsepersonell
  • kan finne relevant informasjon og fagstoff om risikovurdering for å førebyggje komplikasjonar og avverje alvorlege hendingar
  • kan kartleggje risikofaktorar hos pasientar og identifisere behov for å setje i verk førebyggjande tiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for eiga yrkesrolle og eige ansvar i utøvinga av praktiske prosedyrar i klinisk sjukepleie, smittevern og legemiddelhandtering
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk i den profesjonelle yrkesutøvinga gjennom kunnskapsbasert praksis
  • kan utføre utvalde praktiske prosedyrar i klinisk sjukepleie og smittevern i tråd med gjeldande retningslinjer
  • kan byggje relasjonar med kollegaer og bidra til helsefagleg innovasjon og leiing på arbeidsplassen
  • kan utvikle arbeidsmetodar og tenester innanfor risikovurdering for å kvalitetssikre helsehjelpa
Tema

4a. Risikovurdering

  • Væskebalanse og ernæring
  • Immobilitet
  • Fall
  • Vald og overgrep i nære relasjonar
  • Sjølvmord og sjølvskading

4b. Praktisk yrkesutøving

  • Utvalde praktiske prosedyreferdigheiter i klinisk sjukepleie (t.d. stomistell, sår og sårbehandling, prøvetaking, subkutane injeksjonar, perifert venekateter, infusjonar og kateterisering)
  • Hygieniske prinsipp og smittevern
  • Legemiddel og legemiddelhandtering

4c. Helsefagleg innovasjon og leiing

  • Velferdsteknologi for behandling og pleie
  • Kunnskapsbasert praksis
  • Undervisning, opplæring og rettleiing
  • Pasientsikkerheit
  • Forbetrings- og kvalitetsarbeid

5.5 Emne 5: Praksis i observasjons- og vurderingskompetanse

Praksis blir gjennomført som utplassering eller som utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass innanfor fagfeltet. Utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass består i å førebu, planleggje, gjennomføre og evaluere eit forbetringsarbeid knytt til sentrale tema i utdanninga. Alle studentar i praksis, både dei som er utplasserte, og dei som gjennomfører utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass, skal ha rettleiing i praksisperioden.

EmneStudiepoeng
Praksis i observasjons- og vurderingskompetanse10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om observasjon og vurdering av særleg sårbare pasientgrupper
  • har kunnskap om kartleggingsverktøy, observasjons- og undersøkingsmetodar og kommunikasjonsverktøy som blir brukte for å vurdere, dokumentere og rapportere symptom og helsetilstand
  • har innsikt i kunnskapsbasert praksis, pasientsikkerheit og forbetrings- og kvalitetsarbeid
  • har kunnskap om tverrfagleg organisering og samhandling i helsetenesta ved endring og forverring av helsetilstand
  • kan oppdatere kunnskapen sin om observasjons- og vurderingskompetanse for å innfri kravet om fagleg forsvarleg og omsorgsfull hjelp
  • forstår kor viktig det er med observasjons- og vurderingskompetanse i yrkesutøvinga for å sikre kvalitet og berekraft i helsetenesta
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om somatiske sjukdommar, skadar, psykiske sjukdommar og ruslidingar for å observere, undersøkje og kartleggje symptom på endring og forverring i helsetilstand
  • kan nytte hygieniske prinsipp for å bryte smittevegar og førebyggje og avgrense smittespreiing og sjukdomsutbrot
  • kan nytte kunnskap om legemiddel og legemiddelhandtering for å observere, rapportere og dokumentere verknader og biverknader
  • kan nytte kunnskap om velferdsteknologi for behandling og pleie for å kvalitetssikre helsehjelpa
  • kan nytte sjukepleieprosessen og aktuelle kartleggingsverktøy for å vurdere og dokumentere helsetilstand
  • kan nytte kommunikasjonsverktøy for å sikre effektiv og strukturert varsling og rapportering av helsetilstand
  • kan planleggje og gjennomføre undervisning, opplæring og rettleiing til pasientar, pårørande og kollegaer
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for pasientsikkerheits-, forbetrings- og kvalitetsarbeid
  • kan kartleggje risikofaktorar, symptom og helsetilstand og identifisere behov for å setje i verk tiltak hos pasientar med somatisk sjukdom, skade, psykisk sjukdom og rusliding
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår kva yrkesrolle, ansvar og yrkesetiske prinsipp betyr i observasjon og vurdering av helsetilstand
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk gjennom varetaking av pasientintegritet, brukarmedverknad og ein fagleg forsvarleg praksis
  • kan utføre praktiske prosedyrar i klinisk sjukepleie, smittevern og legemiddelhandtering på ein fagleg forsvarleg måte i praksis
  • kan byggje relasjonar med kollegaer uavhengig av avdeling og nivå i det tverrfaglege samarbeidet om vurdering og tiltak ved sjukdom og skade
  • kan utvikle arbeidsmetodar og tenester innanfor observasjons- og vurderingskompetanse gjennom kunnskapsdeling, rettleiing og fagleg og etisk refleksjon i praksis

5.6 Emne 6: Fordjuping i observasjons- og vurderingskompetanse

Studenten skal skrive ei fordjupingsoppgåve om eit sjølvvalt tema og ei sjølvvald problemstilling og med utgangspunkt i det overordna læringsutbyttet for utdanninga. Studenten skal vise evne til å bruke relevant teori og erfaringar frå si eiga yrkesutøving til å drøfte den aktuelle problemstillinga. Studenten skal ha tilbod om rettleiing under arbeidet med fordjupingsoppgåva.

EmneStudiepoeng
Fordjuping i observasjons- og vurderingskompetanse 10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om somatiske sjukdommar, skadar, psykiske sjukdommar og ruslidingar
  • har kunnskap om særleg sårbare pasientars kompleksitet og behov
  • har kunnskap om faglege verktøy som blir nytta ved observasjon, undersøking, kartlegging, dokumentasjon og rapportering av helsetilstand
  • har kunnskap om førstehjelp, praktiske prosedyrar i klinisk sjukepleie, smittevern og legemiddelhandtering
  • har innsikt i relevant lovverk og faglege retningslinjer som regulerer tenestetilbodet i den kommunale helse- og omsorgstenesta og i spesialisthelsetenesta
  • har kunnskap om organisering og samhandling i helsetenesta
  • har kunnskap om risikovurdering, pasientsikkerheit og forbetrings- og kvalitetsarbeid
  • kan sørgje for å halde observasjons- og vurderingskompetansen sin oppdatert
  • kan oppdatere kunnskapen sin om velferdsteknologi
  • forstår kor viktig det er med systematisk kvalitetsarbeid og kunnskapsbasert praksis i helsetenesta
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om somatiske sjukdommar, skadar, psykiske sjukdommar og ruslidingar for å vurdere, dokumentere og rapportere helsetilstand
  • kan nytte kunnskap om smittevern, legemiddelhandtering og velferdsteknologiske løysingar for å kvalitetssikre helsehjelpa
  • kan nytte faglege verktøy for å observere, undersøkje, kartleggje, vurdere, dokumentere og rapportere helsetilstand
  • kan nytte profesjonell kommunikasjon i samhandling med pasientar, pårørande, kollegaer og anna helsepersonell
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for observasjon og vurdering av helsetilstand, personsentrert omsorg og utfordrande åtferd
  • kan finne relevant informasjon og fagstoff om risikovurdering, pasientsikkerheit og forbetrings- og kvalitetsarbeid
  • kan kartleggje risikofaktorar, symptom og helsetilstand og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår korleis yrkesrolle, ansvar og yrkesetiske prinsipp bidreg til å vareta pasientar og pårørande
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som innfrir kravet om at hjelpa må vere omsorgsfull og fagleg forsvarleg
  • kan utføre observasjon og vurdering, personsentrert omsorg, førstehjelp og praktiske prosedyrar i klinisk sjukepleie på ein fagleg forsvarleg måte
  • kan byggje relasjonar med kollegaer uavhengig av avdeling og nivå i det tverrfaglege samarbeidet i helsetenesta
  • kan utvikle arbeidsmetodar og tenester innanfor observasjons- og vurderingskompetanse i helsetenesta