Observasjons- og vurderingskompetanse
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om somatiske sjukdommar, skadar, psykiske sjukdommar og ruslidingar
- har kunnskap om særleg sårbare pasientars kompleksitet og behov
- har kunnskap om faglege verktøy som blir nytta ved observasjon, undersøking, kartlegging, dokumentasjon og rapportering av helsetilstand
- har kunnskap om førstehjelp, praktiske prosedyrar i klinisk sjukepleie, smittevern og legemiddelhandtering
- har innsikt i relevant lovverk og faglege retningslinjer som regulerer tenestetilbodet i den kommunale helse- og omsorgstenesta og i spesialisthelsetenesta
- har kunnskap om organisering og samhandling i helsetenesta
- har kunnskap om risikovurdering, pasientsikkerheit og forbetrings- og kvalitetsarbeid
- kan sørgje for å halde observasjons- og vurderingskompetansen sin oppdatert
- kan oppdatere kunnskapen sin om velferdsteknologi
- forstår kor viktig det er med systematisk kvalitetsarbeid og kunnskapsbasert praksis i helsetenesta
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan nytte kunnskap om somatiske sjukdommar, skadar, psykiske sjukdommar og ruslidingar for å vurdere, dokumentere og rapportere helsetilstand
- kan nytte kunnskap om smittevern, legemiddelhandtering og velferdsteknologiske løysingar for å kvalitetssikre helsehjelpa
- kan nytte faglege verktøy for å observere, undersøkje, kartleggje, vurdere, dokumentere og rapportere helsetilstand
- kan nytte profesjonell kommunikasjon i samhandling med pasientar, pårørande, kollegaer og anna helsepersonell
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for observasjon og vurdering av helsetilstand, personsentrert omsorg og utfordrande åtferd
- kan finne relevant informasjon og fagstoff om risikovurdering, pasientsikkerheit og forbetrings- og kvalitetsarbeid
- kan kartleggje risikofaktorar, symptom og helsetilstand og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Kandidaten
- forstår korleis yrkesrolle, ansvar og yrkesetiske prinsipp bidreg til å vareta pasientar og pårørande
- har utvikla ei etisk grunnhaldning som innfrir kravet om at hjelpa må vere omsorgsfull og fagleg forsvarleg
- kan utføre observasjon og vurdering, personsentrert omsorg, førstehjelp og praktiske prosedyrar i klinisk sjukepleie på ein fagleg forsvarleg måte
- kan byggje relasjonar med kollegaer uavhengig av avdeling og nivå i det tverrfaglege samarbeidet i helsetenesta
- kan utvikle arbeidsmetodar og tenester innanfor observasjons- og vurderingskompetanse i helsetenesta