Psykisk helsearbeid og rusarbeid
Nasjonale planar5. Emnebeskrivingar
Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.
5.1 Emne 1: Etikk, samhandling og kommunikasjon
Det innleiande emnet er felles for helsefaglege fagskuleutdanningar. Formålet med emnet er å gi studentane ei god innføring i grunnleggjande forståing av fagfeltet og yrkesutøvinga. Studentane får innføring i studieteknikk og oppgåveskriving på høgare yrkesfagleg nivå. Emnet legg vekt på kommunikasjonsverktøy, relasjonskompetanse og konflikthandtering. Etikken blir framstilt som sentral og er gjennomgåande i heile emnet.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Etikk, samhandling og kommunikajon | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma, relevante teoriar og arbeidsmåtar og etisk refleksjon som verktøy
- har kunnskap om mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk og kan nytte denne kunnskapen i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
- har kunnskap om gruppeprosessar, kriseteori og konflikthandtering
- har innsikt i relevant lovverk og offentlege dokument som regulerer fagfeltet, brukarmedverknad og organisering av tilbod i sektoren
- har bransjekunnskap og kjennskap til grunnleggjande sosialpsykologiske prinsipp og korleis dei kan påverke enkeltindividet, familien og det sosiale nettverket deira
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om teknologiske løysingar og korleis desse kan påverke samhandlinga med tenestemottakaren, dei pårørande og samarbeidspartnarar
- forstår kor viktig det er med kompetanse om relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling i eige yrke, både i møte med sårbare personar og i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma som grunnlag for refleksjon over teoretiske og praktiske problemstillingar
- kan nytte fagleg kunnskap om teknologiske løysingar til å løyse praktiske og teoretiske problemstillingar på ein forsvarleg og etisk bevisst måte
- kan nytte teknikkar innanfor relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling og andre faglege verktøy som er relevante for yrkesutøvinga
- kan finne relevant informasjon og fagstoff og dessutan lovverk, forskrifter og stortingsmeldingar som er relevante for yrkesutøvinga
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak knytte til mangfald og migrasjonshelse og i møte med ulike kulturar og urfolk
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma og for korleis dei kan påverke samhandlinga mellom tenesteytaren og tenestemottakaren
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i yrkesutøvinga som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga yrkesutøving og gjennom kommunikasjon og samhandling med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
- kan utføre arbeidet sitt på ein lovmessig, fagleg og etisk forsvarleg måte ut frå tenestemottakarane sine behov, med fokus på å fremje eit heilskapleg menneskesyn
- kan byggje relasjonar med fagfellar, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar basert på haldningar og verdiar knytte til eit heilskapleg menneskesyn, likeverd og respekt
- kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester som baserer seg på behova og utfordringane til tenestemottakaren, og som har relevans for yrkesutøvinga
Tema
1a. Etikk
- Etiske teoriar og prinsipp
- Etiske dilemma
- Etikk og teknologi
- Heilskapleg menneskesyn
1b. Samhandling og kommunikasjon
- Brukarperspektivet
- Relasjonskompetanse og relasjonsbygging
- Kommunikasjon i samhandling med tenestemottakar og samarbeidspartnarar
- Gruppeprosess og konflikthandtering
1c. Lover og forskrifter
- Lover, forskrifter og offentlege dokument som er relevante for studentane på utdanninga og for tenestemottakarane
1d. Sosiologi og psykologi
- Utviklingspsykologi
- Sosiale roller
- Migrasjonshelse, kultur, mangfald og urfolk
5.2 Emne 2: Helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid
Emnet omhandlar helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid både på individ- og samfunnsnivå. Det gir òg ei innføring i relevant lovverk som regulerer yrkesfeltet og yrkesutøvinga til fagarbeidaren.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kva som fremjar og hemmar god psykisk helse og førebyggjer rusmiddelproblematikk i ulike livsfasar i eit folkehelseperspektiv
- har innsikt i sjukdomsførebyggjande og helsefremjande folkehelsetiltak innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid og i lover og regelverk som regulerer fagfeltet
- har bransjekunnskap og veit korleis det helsefremjande arbeidet innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid er organisert på kommunalt og statleg nivå
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om psykisk helsearbeid og rusarbeid
- forstår kor viktig det helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeidet innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid er i eit folkehelseperspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap til å fremje det helsefremjande og sjukdomsførebyggjande perspektivet i praktiske og teoretiske problemstillingar innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan nytte relevante faglege verktøy og teknikkar til å planleggje og gjennomføre sjukdomsførebyggjande og helsefremjande tiltak innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan finne informasjon om nasjonale føringar for helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid og fagstoff som bidreg til å forklare praktiske og teoretiske problemstillingar innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak i det helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeidet innanfor psykisk helse og rus
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp, lover og retningslinjer som gjeld for det helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeidet i psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i yrkesutøvinga og i arbeidet med det helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeidet både på individnivå og samfunnsnivå
- kan utføre helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid i møte med personar med risiko for å utvikle problem med psykisk helse og rus, pårørande og fagfellar i yrkesfeltet
- kan byggje relasjonar med fagfellar i eit tverrfagleg samarbeid og med andre aktørar innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan utvikle arbeidsmetodar som er relevante for fagarbeidaren si rolle i arbeid med problematikk knytt til psykisk helse og rus
Aktuelle tema
- Folkehelseperspektivet
- Helsefremjande arbeid
- Sjukdomsførebyggjande arbeid
- Aktørar i det helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeidet og organiseringa av dette
- Helsefremjande og sjukdomsførebyggjande tiltak
- Lover, forskrifter og føringar som er relevante i arbeid med folkehelse og helsefremjing
5.3 Emne 3: Psykiske lidingar og ruslidingar – symptom og behandling
Emnet gir innsikt i ulike forståingsmodellar og kunnskap om kva som kan påverke den psykiske helsa i forskjellige utviklingsfasar. Det gir òg kunnskap om ulike psykiske lidingar og ruslidingar i eit livsløpsperspektiv.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Psykiske lidingar og ruslidingar – symptom og behandling | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om dei ulike forståingsmodellane innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid og om omgrep, prosessar og faglege verktøy som blir nytta på fagfeltet
- har innsikt i diagnosegrupper, særtrekk og relaterte tilstandar innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid og i relevant regelverk knytt til oppfølging av personar som har problem med psykisk helse og rus
- har bransjekunnskap og kjennskap til ulike psykiske lidingar og ruslidingar i ulike livsfasar og korleis desse kan førebyggjast og behandlast
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om sårbarheit for å utvikle psykiske lidingar og ruslidingar
- forstår si eiga yrkesrolle i møte med personar med sårbarheit for å utvikle psykiske lidingar og ruslidingar og deira pårørande
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap om utviklingsteori og ulike forstyrringar i møte med personar med sårbarheit for å utvikle psykiske lidingar og ruslidingar og deira pårørande
- kan nytte relevante faglege verktøy og teknikkar for å kartleggje symptom på, eller fare for, sjølvskading, sjølvmordsforsøk og sjølvmord hos ulike aldersgrupper
- kan finne relevant informasjon og fagstoff om symptom på sårbarheit for å utvikle psykiske lidingar og ruslidingar og endringar i symptombiletet
- kan kartleggje ein situasjon, identifisere tidlege teikn på psykiske plager i ulike aldersgrupper og livsfasar ogidentifisere behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp i møte med personar med psykiske lidingar og ruslidingar og deira pårørande
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i yrkesutøvinga og i møte med personar med psykiske lidingar og ruslidingar
- kan utføre arbeid knytt til behov hos sårbare menneske som har risiko for å utvikle utfordringar med psykisk helse og rus, eller som alt har slike utfordringar
- kan byggje relasjonar med fagfellar og på tvers av fag for å skape rammer rundt personar med psykiske lidingar eller ruslidingar
- kan utvikle arbeidsmetodar for å kartleggje og identifisere tidlege teikn på psykiske plager i ulike aldersgrupper og livsfasar
Tema
- Normalitet og avvik
- Psykiske lidingar og ruslidingar i eit heilskapleg perspektiv (biologiske, psykologiske og sosiologiske forståingsmodellar)
- Psykiske lidingar og ruslidingar:
- diagnosegrupper
- ROP-lidingar
- førebyggingsstrategiar og behandlingsmetodar
- Sjølvmord, sjølvmordsforsøk og sjølvskading
- Utviklingsforstyrringar, åtferdsforstyrringar og kjenslemessige forstyrringar som oppstår i barndom og ungdomsalder
- Vald og seksuelle overgrep
- Barn som pårørande
- Aldring og sårbarheit for psykiske lidingar og ruslidingar, inkludert demens
5.4 Emne 4: Målretta miljøarbeid – brukarmedverknad og relasjonskompetanse i praksis
Emnet omhandlar bruk av målretta miljøarbeid for å fremje helse og førebyggje psykiske lidingar og ruslidingar. Det gir òg innsikt i ulike metodar, tiltak, rettar og plikter knytte til psykisk helsearbeid og rusarbeid.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Målretta miljøarbeid – brukarmedverknad og relasjonskompetanse i praksis | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om omgrep, prosessar og faglege verktøy, metodar og tiltak innanfor målretta miljøarbeid som kan bidra til å førebyggje psykiske helseplager og rusmiddelproblematikk
- har innsikt i lov- og regelverk som er relevant for psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har bransjekunnskap og kjennskap til målretta miljøarbeid i arbeidet med personar med psykiske lidingar og ruslidingar
- har bransjekunnskap og kjennskap til ulike tilbod for personar med psykiske lidingar og ruslidingar
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om psykisk helsearbeid og rusarbeid
- forstår kva målretta miljøarbeid har å seie i møte med psykiske lidingar og ruslidingar
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap for å førebyggje bruk av tvang og makt i psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan nytte relevante faglege verktøy og teknikkar i kommunikasjon og samhandling med pasientar/brukarar i ulike aldersgrupper
- kan finne informasjon og fagstoff om målretta miljøarbeid som er relevant for brukarmedverknad, relasjonsbygging og samhandling med pasientar/brukarar og pårørande
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak innanfor målretta miljøarbeid med personar med problematikk knytt til psykiske lidingar og ruslidingar
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp som gjeld innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har utvikla ei etisk grunnhaldning til bruk av makt og tvang og til bruk av metodar, strategiar og tiltak innanfor målretta miljøarbeid
- kan utføre målretta miljøarbeid i samsvar med behova til personar med psykiske lidingar og ruslidingar og deira pårørande
- kan byggje relasjonar med fagfellar og på tvers av fag for å vareta behov for omsorg, behandling og oppfølging hos personar med psykiske lidingar og ruslidingar
- kan utvikle arbeidsmetodar som varetek tverrfagleg, tverretatleg og tverrsektorielt samarbeid som har relevans for psykisk helsearbeid og rusarbeid
Tema
- Brukarmedverknad
- Aktuelle lovverk, styringsdokument og rettleiingar
- Tvang og makt
- Målretta miljøarbeid
- metodar, strategiar og tiltak i miljøarbeid
- Utvikling av relasjonskompetanse og evne til refleksjon
- Samhandling og kommunikasjon
- rettleiing av pasientar/brukarar og pårørande
- fleirkulturell forståing i kommunikasjon og samhandling – bruk av tolk
- tverrsektorielt, tverretatleg og tverrfagleg samarbeid
- Brukarorganisasjonar og frivilligheit
- Likemannsarbeid og sjølvhjelpsgrupper
5.5 Emne 5: Praksis i psykisk helsearbeid og rusarbeid
Praksis blir gjennomført som utplassering eller som utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass innanfor fagfeltet. Utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass består i å førebu, planleggje, gjennomføre og evaluere eit forbetringsarbeid knytt til sentrale tema i utdanninga. Alle studentar i praksis, både dei som er utplasserte, og dei som gjennomfører utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass, skal ha rettleiing i praksisperioden. Vurderinga av praksis skal ta utgangspunkt i det overordna læringsutbyttet for utdanninga.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Praksis i psykisk helsearbeid og rusarbeid | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om psykiske lidingar, psykisk helsearbeid og rusarbeid og kva omgrep, prosessar og verktøy som er sentrale på dette fagområdet
- har innsikt i sentrale lover, forskrifter og rettleiingar som regulerer rettar og plikter og gir tilrådingar innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har bransjekunnskap og veit korleis tenestene er organiserte innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid i helse-, omsorgs- og oppvekstsektoren
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om psykisk helsearbeid og rusarbeid
- forstår kor viktig arbeid med psykisk helse og rus er i eit folkehelse- og samfunnsperspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap og samhandlingskompetanse ved praktiske og teoretiske problemstillingar i psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan nytte relevante faglege verktøy og teknikkar for å fremje psykisk helse, førebyggje rusproblematikk og bidra til meistring hos ulike aldersgrupper
- kan finne informasjon og fagstoff innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid som er relevant for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar i psykisk helsearbeid og rusarbeid og behov for å setje iverk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp, utfordringar og dilemma innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av yrket som kjem til uttrykk gjennom refleksjon og handlingar og i møte med mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk
- kan utføre psykisk helsearbeid og rusarbeid etter behova til utvalde målgrupper
- kan byggje relasjonar med pasientar/brukarar, pårørande, fagfellar og tverrfaglege og eksterne målgrupper innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan utvikle arbeidsmetodar for å vidareutvikle beste praksis på eigen arbeidsplass
5.6 Emne 6: Fordjuping i psykisk helsearbeid og rusarbeid
Studenten skal skrive ei fordjupingsoppgåve om eit sjølvvalt tema og ei sjølvvald problemstilling og med utgangspunkt i det overordna læringsutbyttet for utdanninga. Studenten skal vise evne til å bruke relevant teori og erfaringar frå si eiga yrkesutøving til å drøfte den aktuelle problemstillinga. Studenten skal ha tilbod om rettleiing under arbeidet med fordjupingsoppgåva.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Fordjuping i psykisk helsearbeid og rusarbeid | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om psykiske lidingar, psykisk helsearbeid og rusarbeid og kva omgrep, prosessar og verktøy som er sentrale på dette fagområdet
- har innsikt i sentrale lover, forskrifter og rettleiingar som regulerer rettar og plikter og gir tilrådingar innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har bransjekunnskap og veit korleis tenestene er organiserte innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid i helse-, omsorgs- og oppvekstsektoren
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om psykisk helsearbeid og rusarbeid
- forstår kor viktig arbeid med psykisk helse og rus er i eit folkehelse- og samfunnsperspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap og samhandlingskompetanse ved praktiske og teoretiske problemstillingar i psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan nytte relevante faglege verktøy og teknikkar for å fremje psykisk helse, førebyggje rusproblematikk og bidra til meistring hos ulike aldersgrupper
- kan finne informasjon og fagstoff innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid som er relevant for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar i psykisk helsearbeid og rusarbeid og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp, utfordringar og dilemma innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av yrket som kjem til uttrykk gjennom refleksjon og handlingar og i møte med mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk
- kan utføre psykisk helsearbeid og rusarbeid etter behova til utvalde målgrupper
- kan byggje relasjonar med pasientar/brukarar, pårørande, fagfellar og tverrfaglege og eksterne målgrupper innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan utvikle arbeidsmetodar for å vidareutvikle beste praksis på eigen arbeidsplass