Psykisk helsearbeid og rusarbeid
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om psykiske lidingar, psykisk helsearbeid og rusarbeid og kva omgrep, prosessar og verktøy som er sentrale på dette fagområdet
- har innsikt i sentrale lover, forskrifter og rettleiingar som regulerer rettar og plikter og gir tilrådingar innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har bransjekunnskap og veit korleis tenestene er organiserte innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid i helse-, omsorgs- og oppvekstsektoren
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om psykisk helsearbeid og rusarbeid
- forstår kor viktig arbeid med psykisk helse og rus er i eit folkehelse- og samfunnsperspektiv
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan nytte fagleg kunnskap og samhandlingskompetanse ved praktiske og teoretiske problemstillingar i psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan nytte relevante faglege verktøy og teknikkar for å fremje psykisk helse, førebyggje rusproblematikk og bidra til meistring hos ulike aldersgrupper
- kan finne informasjon og fagstoff innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid som er relevant for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar i psykisk helsearbeid og rusarbeid og behov for å setje iverk tiltak
Generell kompetanse
Kandidaten
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp, utfordringar og dilemma innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av yrket som kjem til uttrykk gjennom refleksjon og handlingar og i møte med mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk
- kan utføre psykisk helsearbeid og rusarbeid etter behova til utvalde målgrupper
- kan byggje relasjonar med pasientar/brukarar, pårørande og fagfellar, tverrfagleg og med eksterne målgrupper, innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan utvikle arbeidsmetodar for å vidareutvikle beste praksis på eigen arbeidsplass