Rehabilitering og velferdsteknologi
Nasjonale planar5. Emnebeskrivingar
Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.
5.1 Emne 1: Etikk, samhandling og kommunikasjon
Det innleiande emnet er felles for helsefaglege fagskuleutdanningar. Formålet med emnet er å gi studentane ei god innføring i grunnleggjande forståing av fagfeltet og yrkesutøvinga. Studentane får innføring i studieteknikk og oppgåveskriving på høgare yrkesfagleg nivå. Emnet legg vekt på kommunikasjonsverktøy, relasjonskompetanse og konflikthandtering. Etikken blir framstilt som sentral og er gjennomgåande i heile emnet.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Etikk, samhandling og kommunikajon | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma, relevante teoriar og arbeidsmåtar og etisk refleksjon som verktøy
- har kunnskap om mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk og kan nytte denne kunnskapen i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
- har kunnskap om gruppeprosessar, kriseteori og konflikthandtering
- har innsikt i relevant lovverk og offentlege dokument som regulerer fagfeltet, brukarmedverknad og organisering av tilbod i sektoren
- har bransjekunnskap og kjennskap til grunnleggjande sosialpsykologiske prinsipp og korleis dei kan påverke enkeltindividet, familien og det sosiale nettverket deira
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om teknologiske løysingar og korleis desse kan påverke samhandlinga med tenestemottakaren, dei pårørande og samarbeidspartnarar
- forstår kor viktig det er med kompetanse om relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling i eige yrke, både i møte med sårbare personar og i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma som grunnlag for refleksjon over teoretiske og praktiske problemstillingar
- kan nytte fagleg kunnskap om teknologiske løysingar til å løyse praktiske og teoretiske problemstillingar på ein forsvarleg og etisk bevisst måte
- kan nytte teknikkar innanfor relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling og andre faglege verktøy som er relevante for yrkesutøvinga
- kan finne relevant informasjon og fagstoff og dessutan lovverk, forskrifter og stortingsmeldingar som er relevante for yrkesutøvinga
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak knytte til mangfald og migrasjonshelse og i møte med ulike kulturar og urfolk
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma og for korleis dei kan påverke samhandlinga mellom tenesteytaren og tenestemottakaren
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i yrkesutøvinga som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga yrkesutøving og gjennom kommunikasjon og samhandling med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
- kan utføre arbeidet sitt på ein lovmessig, fagleg og etisk forsvarleg måte ut frå tenestemottakarane sine behov, med fokus på å fremje eit heilskapleg menneskesyn
- kan byggje relasjonar med fagfellar, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar basert på haldningar og verdiar knytte til eit heilskapleg menneskesyn, likeverd og respekt
- kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester som baserer seg på behova og utfordringane til tenestemottakaren, og som har relevans for yrkesutøvinga
Tema
1a. Etikk
- Etiske teoriar og prinsipp
- Etiske dilemma
- Etikk og teknologi
- Heilskapleg menneskesyn
1b. Samhandling og kommunikasjon
- Brukarperspektivet
- Relasjonskompetanse og relasjonsbygging
- Kommunikasjon i samhandling med tenestemottakar og samarbeidspartnarar
- Gruppeprosess og konflikthandtering
1c. Lover og forskrifter
- Lover, forskrifter og offentlege dokument som er relevante for studentane på utdanninga og for tenestemottakarane
1d. Sosiologi og psykologi
- Utviklingspsykologi
- Sosiale roller
- Migrasjonshelse, kultur, mangfald og urfolk
5.2 Emne 2: Nedsett funksjonsevne, rehabilitering og kvardagsrehabilitering
Emne 2 handlar om rehabilitering og kvardagsrehabilitering for å styrkje meistringa og betre livskvaliteten hos brukarar med funksjonsnedsetjing. Det blir lagt vekt på kartlegging for å identifisere brukarane sine ressursar og behov for tiltak knytte til rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering. Grunnleggjande for rehabilitering og kvardagsrehabilitering er medverknad og inkludering av brukarane og dei pårørande.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Nedsett funksjonsevne, rehabilitering og kvardagsrehabilitering | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om nedsett funksjonsevne, rehabilitering og kvardagsrehabilitering og om kva som fremjar kvardagsmeistring og livskvalitet
- har kunnskap om rehabiliteringsprosessen
- har kunnskap om meistringsstrategiar og kvardagsmeistring når personar opplever at helsa og funksjonsevna endrar seg
- har kunnskap om migrasjonshelse og innvandrargrupper sine tilleggsutfordringar og barrierar ved nedsett funksjonsevne og behov for rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
- har kunnskap om kartleggingsverktøy som blir brukte for å vurdere funksjonsnivå og ressursar hos brukarar med behov for rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
- har innsikt i lover og forskrifter knytte til rehabiliteringsprosessen og konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne
- har kunnskap om kva medverknad og inkludering betyr for brukarar med nedsett funksjonsevne
- har kunnskap om kva rehabilitering og kvardagsrehabilitering betyr i eit samfunnsperspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap om rehabilitering og kvardagsrehabilitering til å gi brukarar med funksjonsnedsetjing rettleiing om kvardagsmeistring og eigenomsorg
- kan nytte kunnskap om innvandrargrupper sine tilleggsutfordringar og barrierar ved nedsett funksjonsevne og behov for rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
- kan nytte kartleggingsverktøy til å kartleggje og rapportere om tilstand, ressursar og behov for tiltak knytte til funksjonsnivå, rehabilitering og kvardagsrehabilitering
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for eiga yrkesrolle, eige ansvar og eigne oppgåver knytte til rehabilitering og kvardagsrehabilitering hos brukarar med nedsett funksjonsevne
- kan samarbeide med brukarar med behov for rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering på ein måte som varetek kvardagsmeistring og brukarmedverknad, og som er fagleg forsvarleg
Sentrale tema
2a. Nedsett funksjonsevne
- Nedsett funksjonsevne hos barn, unge, vaksne og eldre
- Nedsett funksjonsevne av fysisk, sansemessig, miljømessig, kognitiv, psykisk og sosial karakter
- Forståing av funksjonshemming og nedsett funksjonsevne i eit historisk og framtidsretta perspektiv
- Konvensjon om rettane til personar med nedsett funksjonsevne
- Samanhengen mellom samfunnsskapte barrierar og rehabiliteringsbehov
2b. Medverknad og inkludering
- Empowerment
- Pasient- og brukarstyring
- Brukar- og pårørandemedverknad
- Samval
- Inkludering og integrering
- Språkleg og kulturell tilrettelegging
- Minoritetshelse ved nedsett funksjonsevne og behov for rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
2c. Rehabilitering
- Rehabilitering i eit historisk og framtidsretta perspektiv
- Rehabilitering
- Rehabiliteringspyramiden
- Tverrfagleg og fleirfagleg samarbeid
- Rehabiliteringsprosessen
- Systematisk kartlegging av ressursar og moglegheiter
- Mål- og planarbeid, iverksetjing av tiltak, evaluering og vidare oppfølging
2d. Kvardagsmeistring og kvardagsrehabilitering
- Kvardagsmeistring
- Livskvalitet
- Kvardagsrehabilitering
- Kva er viktig for deg?
- Meistringsstrategiar
- Førebyggje tap av funksjonsevne og funksjonssvikt
- Kvardagsaktivitet og målretta bruk av trening
- Aktiv omsorg
5.3 Emne 3: Velferdsteknologi
Emne 3 handlar om kva velferdsteknologi er, kvifor det er viktig i dagens og framtidas helseteneste, og korleis det kan gjennomførast i tenesta. Studenten skal få auka kompetanse på å kartleggje brukarane sine behov og identifisere behov for velferdsteknologiske løysingar. Emnet legg vidare vekt på å auke det etiske medvitet omkring bruk av velferdsteknologi. Studenten skal få innsikt i lover og forskrifter som regulerer bruk av velferdsteknologiske løysingar, mellom anna med tanke på informasjonssikkerheit og personvern.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Velferdsteknologi | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- veit kva velferdsteknologi og universell utforming er
- har kunnskap om systematisk kartlegging av brukarens behov for og anskaffing av velferdsteknologi
- har innsikt i lover og forskrifter som gjeld anskaffing og bruk av velferdsteknologi
- har kjennskap til velferdsteknologiske løysingar på rehabiliteringsfeltet
- kan oppdatere kunnskapen sin om korleis velferdsteknologi kan gjere brukaren meir sjølvstendig og bidra til at hen opplever meistring
- forstår kor viktig tenesteinovasjon og implementering av velferdsteknologi er for å utvikle helsetenesta til brukarar med nedsett funksjonsevne
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap om velferdsteknologi til å informere om velferdsteknologiske løysingar og hjelpe brukarar med å skaffe slike
- kan kartleggje og identifisere ressursar og behov for velferdsteknologiske løysingar hos brukarar med nedsett funksjonsevne
- kan kartleggje situasjonen til brukarar med behov for velferdsteknologi og identifisere juridiske og etiske problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- forstår korleis velferdsteknologi og universell utforming påverkar meistringa og livskvaliteten til personar med nedsett funksjonsevne
- har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk gjennom varetaking av brukarintegritet, brukarmedverknad og ein fagleg forsvarleg bruk av velferdsteknologi
- kan delta i tenesteinovasjon og implementering av velferdsteknologi for å utvikle og skape betre tenester
Sentrale tema
3a. Velferdsteknologi og tenesteinovasjon
- Velferdsteknologi – kva, kvifor og korleis?
- Personsentrert tilnærming og brukarmedverknad
- Tilrettelegging av omgivnadene
- Universell utforming
- Tenesteinovasjon og implementering av velferdsteknologi
- E-helse og digitalisering
3b. Faglege, etiske og juridiske vurderingar knytte til velferdsteknologi
- Kartlegging av behov, vurdering og anskaffing av velferdsteknologi
- Etiske og juridiske perspektiv ved bruk av velferdsteknologi
- Informasjonssikkerheit og personvern
5.4 Emne 4: Yrkesutøving og tenestetilbod
Emne 4 skal gjere studentane meir bevisste på kor viktig profesjonalitet og ansvarlegheit i eiga rolle og yrkesutøving er for kommunikasjon, medarbeidarskap, rettleiing og fagutvikling på arbeidsplassen. Emnet handlar òg om ulike aktørar i rehabiliteringsprosessen, og om korleis rehabilitering blir organisert i den kommunale helse- og omsorgstenesta og i spesialisthelsetenesta.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Yrkesutøving og tenestetilbod | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om profesjonell kommunikasjon i møte med brukarar som har behov for rehabilitering og/ellerkvardagsrehabilitering, pårørande og kollegaer
- har kunnskap om rettleiing og pedagogiske prinsipp i yrkesutøvinga
- har kunnskap om det rehabiliterande tenestetilbodet i den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta
- har innsikt i pasienttilpassa forløp for brukarar som har behov for rehabilitering
- har kjennskap til kva ansvar og oppgåver ulike aktørar og samarbeidspartar har knytt til brukarar med behov for rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
- har kunnskap om tverrfagleg samarbeid og koordinering av helsetenester til brukarar med behov for rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
- har kunnskap om frivillige aktørar og interesse- og brukarorganisasjonar
- har innsikt i kunnskapsbasert praksis
- har kunnskap om fagutvikling og innovasjon i helse- og omsorgssektoren
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap om medarbeidarskap og organisasjonskultur til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- kan nytte kommunikasjonsformer og teknikkar profesjonelt når hen samarbeider med, gir rettleiing til og underviser brukarar som har behov for velferdsteknologi, rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering, pårørande og kollegaer
- kan nytte relasjonskompetanse i samarbeid med brukarar, pårørande, frivillige aktørar og interesse- og brukarorganisasjonar
- kan finne informasjon og fagstoff til å kunne arbeide kunnskapsbasert og delta i fagutvikling på arbeidsplassen
Generell kompetanse
Studenten
- kan byggje relasjonar og delta i tverrfagleg samarbeid med kollegaer på tvers av fag, avdelingar og tenestenivå
- kan gjennom kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til å utvikle arbeidsmetodar og tenestetilbod til brukarar med behov for velferdsteknologi, rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
Sentrale tema
4a. Aktørar, organisering og samhandling i tenestetilbodet
- Rehabilitering i spesialisthelsetenesta
- Rehabilitering og kvardagsrehabilitering i den kommunale helse- og omsorgstenesta
- Førebyggjande heimebesøk
- Lærings- og meistringssenter
- Interesse- og brukarorganisasjonar
- Frisklivssentralar
- Frivillige aktørar
- Samhandling og koordinering av tenester
- Pasienttilpassa forløp
- Individuell plan og koordinator
4b. Yrkesutøving og kommunikasjons- og rettleiingskompetanse
- Yrkesrolle og identitet
- Relasjonskompetanse
- Tverrfagleg samarbeid
- Samarbeid med pårørande og frivillige aktørar
- Barn og unge som pårørande
- Kommunikasjons- og rettleiingskompetanse
- Grunnleggjande pedagogiske prinsipp og undervisning
- Dokumentasjon
- Kunnskapsbasert praksis
- Fagutvikling
5.5 Emne 5: Praksis i rehabilitering og velferdsteknologi
Praksis blir gjennomført som utplassering eller som utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass innanfor fagfeltet. Utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass består i å førebu, planleggje, gjennomføre og evaluere eit forbetringsarbeid knytt til sentrale tema i utdanninga. Alle studentar i praksis, både dei som er utplasserte, og dei som gjennomfører utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass, skal ha rettleiing i praksisperioden.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Praksis i rehabilitering og velferdsteknologi | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om velferdsteknologi, rehabilitering og kvardagsrehabilitering og om kva som fremjar kvardagsmeistring og livskvalitet
- har kunnskap om kartleggingsverktøy som blir brukte for å observere og dokumentere ressursar og funksjonsnivå hos brukarar med behov for rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
- har kunnskap om organiseringa av tenestetilbodet knytt til rehabilitering og kjennskap til ansvar og oppgåver for aktørar og samarbeidspartar
- har innsikt i kunnskapsbasert praksis og kunnskap om fagutvikling og kan oppdatere kunnskapen sin om utviklingsprosjekt i helsetenesta
- kan oppdatere kunnskapen sin om velferdsteknologi og tilpassing av omgivnadene som kan gjere brukaren meir sjølvstendig og bidra til at hen opplever meistring
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap om rehabiliteringsprosessen til å planleggje og setje i verk rehabiliterande tiltak i samarbeid med brukaren
- kan nytte kunnskap om velferdsteknologi til å informere om velferdsteknologiske løysingar og hjelpe brukarar med å skaffe slike
- kan nytte kommunikasjonsformer og teknikkar profesjonelt i samarbeidet med brukarar, pårørande, frivillige, kollegaer og andre yrkesgrupper
- kan nytte kartleggingsverktøy til å kartleggje ressursar og funksjonsnivå og identifisere behov for rehabiliterande tiltak hos brukarar med nedsett funksjonsevne
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar knytte til rehabilitering i praksis
- kan kartleggje situasjonar i praksis og identifisere faglege og etiske problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
- kan kartleggje brukarane sin situasjon og identifisere ressursar og behov for velferdsteknologiske løysingar
Generell kompetanse
Studenten
- har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk gjennom varetaking av brukarintegritet, brukarmedverknad og ein fagleg forsvarleg praksis
- kan utføre rehabiliterande tiltak som fremjar ressursar og varetek individuelle behov hos brukarar med nedsett funksjonsevne
- kan byggje relasjonar med kollegaer og på tvers av avdelingar og tenestenivå i det rehabiliterande tenestetilbodet til brukarar med nedsett funksjonsevne
- kan gjennom kunnskapsdeling, bevisstgjering og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til kvalitetsforbetring i tenestetilbodet til brukarar med behov for velferdsteknologi, rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
I tillegg gjeld følgjande læringsutbyttebeskriving for utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass:
Studenten
- kan bidra til kvalitetsforbetring i rehabilitering på arbeidsplassen ved å førebu, planleggje, gjennomføre og evaluere utviklingsarbeid innanfor eit avgrensa område
5.6 Emne 6: Fordjuping i rehabilitering og velferdsteknologi
Studenten skal skrive ei fordjupingsoppgåve om eit sjølvvalt tema og ei sjølvvald problemstilling og med utgangspunkt i det overordna læringsutbyttet for utdanninga. Studenten skal vise evne til å bruke relevant teori og erfaringar frå si eiga yrkesutøving til å drøfte den aktuelle problemstillinga. Studenten skal ha tilbod om rettleiing under arbeidet med fordjupingsoppgåva.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Fordjuping i rehabilitering og velferdsteknologi | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har innsikt i kunnskapsbasert praksis
- har kunnskap om fagutvikling og kan oppdatere kunnskapen sin om nasjonale planar, utviklingsprosjekt og innovasjon i helse- og omsorgssektoren
- kan oppdatere kunnskapen sin om velferdsteknologi, rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering til brukarar med nedsett funksjonsevne
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap til å forklare, vurdere og reflektere fagleg, etisk og juridisk over ei vald problemstilling knytt rehabilitering og velferdsteknologi
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for ei vald problemstilling knytt til velferdsteknologi, rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
- kan vurdere kritisk ulike kjelder til informasjon og fagstoff
- kan innanfor eige ansvars- og arbeidsområde kartleggje situasjonar og identifisere behov for og planleggje, setje i verk og evaluere tiltak knytte til rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering av brukarar med nedsett funksjonsevne
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for yrkesetiske retningslinjer som regulerer yrkesutøvinga i helsetenesta
- har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk ved refleksjon rundt korleis ein kan vareta integritet, brukarmedverknad og fagleg forsvarlegheit hos brukarar med behov for velferdsteknologi, rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
- kan gjennom kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til å betre kvaliteten på rehabiliteringstilbodet til brukarar med nedsett funksjonsevne