Hopp til hovedinnhold

Rehabilitering og velferdsteknologi

Nasjonale planar

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om rehabilitering og kvardagsrehabilitering til brukarar med funksjonsnedsetjing i den kommunale helse- og omsorgstenesta og i spesialisthelsetenesta
  • har kunnskap om rehabiliteringsprosessen for å kunne observere, kartleggje og vurdere funksjonsevna til brukarar som har behov for rehabilitering
  • har kunnskap om kommunikasjon i samhandlinga med brukarar som har behov for rehabilitering, og deira pårørande
  • har kunnskap om faglege verktøy i arbeidet med å kartleggje og dokumentere ressursar, behov og funksjonsnivå hos brukarar med behov for rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
  • har kunnskap om velferdsteknologi og tilpassing av omgivnadene som kan gjere brukaren meir sjølvstendig og bidra til at hen opplever meistring
  • har innsikt i lovverk for helse- og omsorgssektoren og nasjonale retningslinjer for arbeid med, og kvalitet på, helsetenester til brukarar med behov for rehabilitering og velferdsteknologi
  • har kunnskap om organiseringa av den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta og kjennskap til ansvar og oppgåver for aktørar og samarbeidspartar knytte til brukarar med behov for velferdsteknologi, rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
  • kan oppdatere kunnskapen sin om velferdsteknologi, rehabilitering og kvardagsrehabilitering for å styrkje brukarane si evne til kvardagsmeistring
  • forstår kva det betyr for samfunnet å ha ei heilskapleg og koordinert helseteneste som varetek befolkninga sitt behov for rehabilitering og/eller velferdsteknologi, og korleis det bidreg til verdiskaping i samfunnet
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte kunnskap om rehabiliteringsprosessen til å identifisere ressursar og behov, setje mål og setje i verk og evaluere tiltak innanfor eige kompetanse- og ansvarsområde og/eller i samarbeid med andre
  • kan nytte kunnskap om rehabilitering, kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi til å gi brukarar med funksjonsnedsetjing rettleiing om meistring og eigenomsorg
  • kan nytte kunnskap om velferdsteknologi til å identifisere behov for velferdsteknologiske løysingar og hjelpe brukarane med å skaffe slike
  • kan nytte elektroniske dokumentasjonssystem og kommunikasjonsformer og teknikkar profesjonelt i samarbeidet med brukarar, pårørande, frivillige, kollegaer og andre yrkesgrupper
  • kan nytte kartleggingsverktøy til å kartleggje tilstand, ressursar og behov for tiltak hos brukarar med funksjonsnedsetjing
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar knytte til arbeid med brukarar som har behov for velferdsteknologi, rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
  • kan kartleggje situasjonar i møte med brukarar som har behov for rehabilitering og/eller velferdsteknologi, og identifisere faglege, juridiske og etiske problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse

Kandidaten

  • har forståing for yrkesetiske retningslinjer som regulerer yrkesutøvinga i helsetenesta
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk ved at hen bidreg til brukarmedverknad, brukarintegritet og ei fagleg forsvarleg yrkesutøving
  • kan innanfor eige kompetanse- og ansvarsområde utføre rehabiliterande tiltak etter individuelle behov hos brukarar med funksjonsnedsetjing
  • kan byggje relasjonar med kollegaer og på tvers av avdelingar og tenestenivå i tenestetilbodet til brukarar med behov for velferdsteknologi, rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
  • kan gjennom kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon på arbeidsplassen bidra til å utvikle arbeidsmetodar og tenester til brukarar med behov for velferdsteknologi, rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering