Rehabilitering og velferdsteknologi
Nasjonale planar2. Om utdanninga
Høgare yrkesfagleg utdanning i rehabilitering og velferdsteknologiskalbidra til å styrkje kompetansen i møte med brukarar med behov for rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering. Målet med utdanninga er å utdanne reflekterte yrkesutøvarar med høg yrkesetisk forståing som tek initiativ til, kartlegg, planlegg, set i verk og evaluerer tiltak i samarbeid med brukarane, dei pårørande, frivillige medarbeidarar og andre yrkesgrupper. Det skal leggjast til rette for at brukarane kan oppleve meistring i kvardagen uansett funksjonsnivå, og at dei kan leve eit meiningsfullt liv sjølv om dei har alvorlege sjukdommar og lidingar.
Rehabilitering og kvardagsrehabilitering tek utgangspunkt i livssituasjonen og måla til den enkelte brukaren. Rehabilitering er målretta samarbeidsprosessar på ulike arenaer mellom brukarar, pårørande og tenesteytarar. Prosessane er kjenneteikna av koordinerte, samanhengande og kunnskapsbaserte tiltak. Formålet er at den enkelte brukaren, som har eller står i fare for å få avgrensingar i den fysiske, psykiske, kognitive eller sosiale funksjonsevna, skal få sjansen til å oppnå best mogleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og deltaking i utdanning og arbeidsliv, sosialt og i samfunnet elles.
Kvardagsrehabilitering kan vere eitt av fleire tiltak for å bidra til betre helse, kvardagsmeistring og ein aktiv alderdom. Kvardagsrehabilitering er førebygging og rehabilitering mens brukaren bur i sin eigen heim. Eit sentralt spørsmål er: Kva er viktig for deg no?
Velferdsteknologi er ei fellesnemning på tekniske installasjonar og løysingar som kan betre den enkelte si evne til å klare seg sjølv i eigen bustad, og som kan bidra til å sikre verdigheit og livskvalitet for brukaren. Målet med velferdsteknologi er å skape ein tryggare og enklare kvardag for både brukarar, pårørande og helsepersonell. Kompetanse om velferdsteknologi er viktig for å klare å sjå teknologien i ein helse- og omsorgskontekst og i samhandling med brukarane og dei pårørande.