Hopp til hovedinnhold

Smittevern og sterilforsyning i helsetenesta

Nasjonale planar

5. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

5.1 Emne 1: Etikk, samhandling og kommunikasjon

Det innleiande emnet er felles for helsefaglege fagskuleutdanningar. Formålet med emnet er å gi studentane ei god innføring i grunnleggjande forståing av fagfeltet og yrkesutøvinga. Studentane får innføring i studieteknikk og oppgåveskriving på høgare yrkesfagleg nivå. Emnet legg vekt på kommunikasjonsverktøy, relasjonskompetanse og konflikthandtering. Etikken blir framstilt som sentral og er gjennomgåande i heile emnet.

EmneStudiepoeng
Etikk, samhandling og kommunikajon10
Læringsutbytte
Kunnskap 

Studenten

  • har kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma, relevante teoriar og arbeidsmåtar og etisk refleksjon som verktøy
  • har kunnskap om mangfald, migrasjonshelse og ulike kulturar og urfolk og kan nytte denne kunnskapen i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • har kunnskap om gruppeprosessar, kriseteori og konflikthandtering
  • har innsikt i relevant lovverk og offentlege dokument som regulerer fagfeltet, brukarmedverknad og organisering av tilbod i sektoren
  • har bransjekunnskap og kjennskap til grunnleggjande sosialpsykologiske prinsipp og korleis dei kan påverke enkeltindividet, familien og det sosiale nettverket deira
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om teknologiske løysingar og korleis desse kan påverke samhandlinga med tenestemottakaren, dei pårørande og samarbeidspartnarar
  • forstår kor viktig det er med kompetanse om relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling i eige yrke, både i møte med sårbare personar og i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma som grunnlag for refleksjon over teoretiske og praktiske problemstillingar
  • kan nytte fagleg kunnskap om teknologiske løysingar til å løyse praktiske og teoretiske problemstillingar på ein forsvarleg og etisk bevisst måte
  • kan nytte teknikkar innanfor relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling og andre faglege verktøy som er relevante for yrkesutøvinga
  • kan finne relevant informasjon og fagstoff og dessutan lovverk, forskrifter og stortingsmeldingar som er relevante for yrkesutøvinga
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for tiltak knytte til mangfald og migrasjonshelse og i møte med ulike kulturar og urfolk
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma og for korleis dei kan påverke samhandlinga mellom tenesteytaren og tenestemottakaren
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i yrkesutøvinga som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga yrkesutøving og gjennom kommunikasjon og samhandling med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar
  • kan utføre arbeidet sitt på ein lovmessig, fagleg og etisk forsvarleg måte ut frå tenestemottakarane sine behov, med fokus på å fremje eit heilskapleg menneskesyn
  • kan byggje relasjonar med fagfellar, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar basert på haldningar og verdiar knytte til eit heilskapleg menneskesyn, likeverd og respekt
  • kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester som baserer seg på behova og utfordringane til tenestemottakaren, og som har relevans for yrkesutøvinga
Tema

1a. Etikk

  • Etiske teoriar og prinsipp
  • Etiske dilemma
  • Etikk og teknologi
  • Heilskapleg menneskesyn

1b. Samhandling og kommunikasjon

  • Brukarperspektivet
  • Relasjonskompetanse og relasjonsbygging
  • Kommunikasjon i samhandling med tenestemottakar og samarbeidspartnarar
  • Gruppeprosess og konflikthandtering

1c. Lover og forskrifter

  • Lover, forskrifter og offentlege dokument som er relevante for studentane på utdanninga og for tenestemottakarane

1d. Sosiologi og psykologi

  • Utviklingspsykologi
  • Sosiale roller
  • Migrasjonshelse, kultur, mangfald og urfolk

5.2 Emne 2: Mikrobiologi, smittevern og myndigheitskrav

Emne 2 handlar om mikrobiologi og gir studenten auka kunnskap om eigenskapane og oppbygnaden til mikroorganismane, sjukdomsspreiing og korleis kroppen forsvarer seg. Vidare fokuserer emnet på smittevern og alle enkelttiltak som er med på å hindre at infeksjonar oppstår og blir spreidde i ei befolkning, og på relevant lovverk. Studenten får òg auka kunnskap om og forståing for HMS-arbeid og korleis arbeidsplassar skal vere organiserte for at arbeidstakarane ikkje skal bli utsette for uheldige fysiske eller psykiske belastingar.

EmneStudiepoeng
Mikrobiologi, smittevern og myndigheitskrav10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om mikroorganismar, spreiing av sjukdommar og korleis kroppen forsvarer seg mot sjukdom
  • har kunnskap om og teoretisk forståing for smittevern og aseptikk
  • har kunnskap om korleis smittevegar blir brotne ved reingjering, desinfeksjon og sterilisering
  • har kunnskap om HMS-arbeid og krav som følgjer av arbeidsmiljølova, og innsikt i berekraftige val
  • har kunnskap om datablad for kjemikalium
  • har kunnskap om krava som blir stilte til det fysiske miljøet til sterilforsyninga, inkludert ventilasjon
  • har kjennskap til lovverk, forskrifter og andre myndigheitskrav som regulerer og kvalitetssikrar smittevern og sterilforsyning
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om smittevern
  • forstår kva smittevern har å seie i eit samfunnsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om smittevern og aseptikk i praksis
  • kan nytte kunnskap om myndigheitskrav i yrkesutøvinga
  • kan nytte kunnskap om HMS-arbeid og gjennomføre berekraftige val
  • kan finne informasjon og fagstoff om problemstillingar innanfor smittevern som kan oppstå under arbeidet, og komme med forslag til problemløysing
  • kan finne produktinformasjon om medisinsk utstyr
  • kan kartleggje behov og utføre tiltak som er nødvendige for å oppfylle krava til det fysiske miljøet til sterilforsyninga, inkludert luftkvalitet og ventilasjon
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår kor viktig godt smittevern er med omsyn til pasientsikkerheit i eit samfunnsperspektiv
  • forstår korleis praksis er basert på kunnskap
  • nyttar kunnskapen sin og arbeider sjølvstendig med rett utstyr til rett oppgåve
  • er lojal overfor bedrifts- og yrkesetiske retningslinjer
Tema

2a. Mikrobiologi og smittevern

  • Mikroorganismar, spreiing av sjukdommar og korleis kroppen forsvarer seg mot sjukdommar
  • Kroppens oppbygnad og funksjonar
  • Smittekjeda og korleis smittevegar blir brotne ved reingjering, desinfeksjon og sterilisering
  • Basale smittevernrutinar
  • Kvalitetskrav til dekontaminerings- og steriliseringsprosessar
  • Helseinstitusjonsassosierte infeksjonar og konsekvensane av dei

2b. HMS og bygningsmessige forhold

  • Sikkerheitsdatablad, kjemikalieregister og kjemikaliehandtering
  • HMS, ergonomi og berekraftige val
  • Krava som blir stilte til det fysiske miljøet til sterilforsyninga, inkludert ventilasjon

2c. Myndigheitskrav og kvalitetsarbeid

  • Relevante lover og forskrifter
  • Rettleiingar, retningslinjer og standard
  • Kvalitetsarbeid og internkontroll

5.3 Emne 3: Lager, logistikk og sporing

Emne 3 handlar om krav til lagerforhold, logistikk i sterilforsyningskjeda og krav til sporing og dokumentasjon. I emnet vektlegges kvalitetskrav som stilles til de enkelte prosesser i sterilforsyningskjeden og betydningen av logistikk og sporing.

EmneStudiepoeng
Lager, logistikk og sporing10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om krav til handtering og kontroll av sterilt lager, lagerstyring og transport av sterilt gods
  • har kunnskap om logistikk og krav om sporbarheit av medisinsk utstyr
  • har kunnskap om IKT-verktøy og sporingssystem som blir nytta i sterilforsyningskjeda
  • kan søkje opp informasjon og fagstoff i fagkjelder for å finne løysingar på problemstillingar innanfor sterilt lager, logistikk og sporing og iverksetjing av tiltak
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om krav til handtering og kontroll av sterilt lager, lagerstyring og transport av sterilt gods
  • kan nytte kunnskap om logistikk og sporbarheiti samband med medisinsk utstyr
  • har forståing for kvalitetskrava som blir stilte i dei enkelte prosessane i sterilforsyningskjeda, inkludert handtering, oppbevaring og transport av sterile fleirgongsartiklar
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om sterilt lager, logistikk og sporing
  • forstår kor viktig sterilt lager, logistikk og sporing er i eit samfunnsperspektiv
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår at rett handtering, lagring, transport og sporing av sterilt gods er viktig for å bevare steriliteten
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i arbeid med sterilt lager, logistikk og sporing
  • forstår kor viktig samarbeid med kollegaer og kundar er for å halde oppe optimal og sikker varelogistikk for sterilt gods
  • er bevisst på sin eigen og andre sin kompetanse og kan drøfte og formidle kunnskap innanfor fagfeltet
Tema

3aSteril lagring og logistikk

  • Logistikk og økonomistyring
  • System for lagerstyring
  • Haldbarheit og krav til lagerforhold
  • Transport av sterilt gods

3b. Automatisering

  • Robotisering og automatisering av sterilforsyning
  • Dokumentasjon, sporing og merkjemetodar

5.4 Emne 4: Reprosessering av medisinsk utstyr

Emne 4 handlar om reprosessering av medisinsk utstyr, inkludert reingjering, desinfeksjon, vedlikehald og kontroll, emballering og steriliseringsmetodar. Målet er at studentane skal vite at medisinsk utstyr av ulikt materiale og med ulik utforming krev ulike prosessar innanfor sterilforsyninga, og at dei skal meistre dei ulike arbeidsoppgåvene på ein fagleg forsvarleg måte.

EmneStudiepoeng
Reprosessering av medisinsk utstyr15
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om materiale som medisinsk utstyr er produsert av, og krav som blir stilt til det
  • har kjennskap til hovudgruppene av medisinsk utstyr og kva funksjon og bruksområde dei har
  • har kunnskap om mottak av ureint medisinsk utstyr
  • har kunnskap om krav til reingjering, desinfeksjon, kontroll og vedlikehald av medisinsk utstyr
  • har kunnskap om innlastingsmetodar for reingjering og sterilisering
  • har kunnskap om ulike typar emballasje og metodar for emballering av medisinsk fleirgongsutstyr 
  • har kunnskap om steriliseringsteknologi og steriliseringsmetodar
  • har kunnskap om kontroll, vedlikehald og validering av prosessar og maskinpark innanfor reprosessering av medisinsk utstyr
  • har kunnskap om sikkerheits- og vernetiltak ved reprosessering av medisinsk utstyr
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om ulike materiale som blir brukte i medisinsk utstyr under reprosesseringsarbeid
  • kan nytte kunnskap om forsvarleg mottak av ureine instrument
  • kan nytte kunnskap om reingjering, desinfeksjon, kontroll, emballering og sterilisering av medisinsk utstyr i praksis
  • kan teste og kontrollere vaskedekontaminatorar, sterilisatorar og anna nødvendig utstyr for reprosessering av medisinsk utstyr
  • kan kartleggje behov og problemstillingar innanfor reingjering, desinfeksjon, kontroll, vedlikehald og emballering av medisinsk utstyr, finne relevant informasjon og fagstoff, foreslå nødvendige tiltak og grunngi vurderingane fagleg, etisk og juridisk
  • kan utføre steriliseringsprosessar og steriliseringskontrollar
  • kan hjelpe til med å validere vaskedekontaminatorar og sterilisatorar
  • kan utføre sikkerheitstiltak i arbeidet med instrument, verktøy og kjemikalium
Generell kompetanse

Studenten

  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av arbeidet og forstår verdien av teamarbeid og kunnskapsdeling for å vareta pasientsikkerheita
  • forstår kva dekontaminering av medisinsk utstyr og smittevern har å seie i eit samfunnsperspektiv
  • kan oppdatere og nytte den yrkesfaglege kunnskapen sin om reprosessering av medisinsk utstyr, identifisere faglege problemstillingar og foreslå tiltak
Tema

4a. Materiallære

  • Medisinsk utstyr, materiale og krav med omsyn til reprosessering
  • Grunnleggjande instrumentlære
  • Førebygging av misfarging, korrosjon og mekaniske skadar på medisinsk utstyr
  • Sikkerheits- og vernetiltak

4b. Medisinsk utstyr til gjenbruk (reprosessering)

  • Mottak av instrument og utstyr til reprosessering
  • Reingjerings- og desinfeksjonsmetodar for medisinsk utstyr
  • Kontroll og vedlikehald av medisinsk utstyr
  • Reingjering, desinfeksjon og kontroll av spesialutstyr som fleksible skop og utstyr til robotarmkirurgi
  • Emballering og pakkemetodar, inkludert materialval, forsegling og merking
  • Ulike steriliseringsmetodar
  • Kvalitetskontroll, vedlikehald og validering

5.5 Emne 5: Praksis

Praksis blir gjennomført som utplassering eller som utviklingsprosjekt på eigen arbeidsplass innanfor fagfeltet. Praksisperioden skal vare i minimum 10 veker, og utplasseringa skal ha eit omfang på minimum 225 timar. Utviklingsprosjekt på eigen arbeidsplass består i å planleggje, gjennomføre og evaluere eit forbetringsarbeid knytt til sentrale tema i utdanninga. Alle studentar i praksis, både dei som er utplasserte, og dei som gjennomfører utviklingsprosjekt på eigen arbeidsplass, skal ha rettleiing i praksisperioden.

EmneStudiepoeng
Praksis5
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om hygiene, mikrobiologi og smittevern
  • har kunnskap om reprosessering av medisinsk utstyr
  • har kunnskap om logistikk og sporing av medisinsk utstyr
  • har innsikt i gjeldande lover, forskrifter og myndigheitskrav
  • kan oppdatere kunnskapen sin i arbeidet med sterilforsyning som førebygging og helsefremjande funksjon i eit større samfunnsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om hygiene og praktisk smittevern
  • kan nytte teoretisk og praktisk kunnskap om dekontaminering og sterilisering for å førebyggje smitte til pasientar og omgivnader
  • kan kontrollere og bruke teknisk utstyr i dekontaminerings- og steriliseringsprosessar og kommunisere om det ved å bruke terminologi frå fagfeltet
  • kan kartleggje og identifisere faglege problemstillingar innanfor sterilforsyninga og finne informasjon og fagstoff i fagkjelder for å komme fram til løysingar og foreslå tiltak
  • kan ved praksis på eigen arbeidsplass bidra til kvalitetsforbetring i utviklingsarbeid innanfor eit avgrensa område
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår etiske utfordringar og dilemma, reflekterer over eigen praksis og kan grunngi vurderingane sine etisk og juridisk
  • kan arbeide etter yrkesetiske retningslinjer og halde teie- og opplysningsplikta
  • forstår sitt eige fagområde, går ikkje utover kompetanseområdet sitt og har evne og vilje til å ta imot rettleiing
  • kan utføre arbeid som ein del av eit team og samarbeide med både eigne og andre faggrupper som inngår i sterilforsyning og smittevern, eller som har behov for sterilforsyningstenester

5.6 Emne 6: Fordjuping

Studenten skal gjennomføre eit fordjupingsarbeid om eit sjølvvalt tema og ei sjølvvald problemstilling knytt til eitt eller fleire tema innanfor utdanningsemna. Studenten skal gjennom fordjupingsarbeidet vise refleksjon og bruke både teori og erfaringar frå si eiga yrkesutøving til å drøfte den aktuelle problemstillinga. Studenten skal ha tilbod om rettleiing under arbeidet med fordjupingsoppgåva.

EmneStudiepoeng
Fordjupning5
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande helsefag
  • har kunnskap om mikrobiologi og smittevern
  • har kunnskap om korleis medisinsk utstyr av ulikt materiale og med ulike funksjonar skal reingjerast, desinfiserast, haldast ved like og emballerast
  • har kunnskap om ulike metodar for sterilisering og steriliseringskontroll
  • har kunnskap om krav til logistikk av sterile varer og sterilt utstyr, inkludert sporing og steril lagring og transport
  • har innsikt i lover, forskrifter, standardar og andre myndigheitskrav som gjeld sterilforsyning, smittevern, medisinsk utstyr og arbeidsmiljø
  • har innsikt i arbeid med internkontroll og kvalitetsforbetring
  • kan oppdatere kunnskapen sin i arbeidet med smittevern og sterilforsyning
  • har innsikt i berekraftige arbeidsprosessar innanfor sterilforsyning
  • forstår at sterilforsyning i pasientsikkerheitsarbeid er viktig som grunnleggjande førebygging og helsefremjande funksjon i eit berekraftig folkehelse- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om metodar, prinsipp og strategiar innanfor mikrobiologi og smittevern i helsetenesta
  • kan nytte kunnskap innanfor sterilforsyning, både teoretisk og praktisk, og bruke terminologien frå fagfeltet i kommunikasjonen
  • kan nytte ulike dekontamineringsmetodar for å førebyggje smitte til pasient og omgivnader
  • kan nytte kunnskap om logistikk av sterile varer og sterilt utstyr, inkludert sporing og steril lagring og transport
  • kan nytte fagleg kunnskap om bruk, vedlikehald og kontroll av prosessar og medisinsk-teknisk utstyr som er vanleg i arbeid med sterilforsyning
  • kan nytte kunnskap om HMS og arbeide etter ergonomiske prinsipp 
  • kan nytte kunnskap om og ta berekraftige val innanfor sterilforsyning
  • kan bruke avvikssystemet og bidra med kvalitetsforbetring på arbeidsplassen
  • kan søkje opp informasjon og fagstoff i fagkjelder for å finne løysingar på problemstillingar som har med sterilforsyning i helsetenesta å gjere
  • kan kartleggje og identifisere faglege problemstillingar som gjeld sterilforsyning i helsetenesta, og foreslå tiltak
  • kan finne og nytte relevante lover og myndigheitskrav
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår etiske utfordringar og dilemma, reflekterer over praksisen sin og grunngir vurderingane sine fagleg, etisk og juridisk
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøvinga av sterilforsyning og kan utføre arbeidet sitt som eit viktig ledd i behandlingstenesta med pasienten i sentrum
  • forstår funksjonen sin og ansvarsområdet sitt og kan byggje relasjonar med kollegaer på tvers av avdelingar
  • kan bruke kompetansen sin og ferdigheitene sine til å utøve metodar innanfor sterilforsyning for å sikre smittevernet
  • kan bruke kompetansen sin og ferdigheitene sine til å utvikle metodar og tenester som er relevante for sterilforsyning i helsetenesta