Hopp til hovedinnhold

Språkleg og kulturelt mangfald i oppvekstsektoren

Nasjonale planar

5. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

5.1 Emne 1: Etisk grunnemne i oppvekstfag

Det innleiande emnet er eit fellesemne for oppvekstfagutdanningane. Formålet med emnet er å gi studenten ei god innføring og grunnleggjande kunnskap knytt til oppvekstfag. Det skal leggjast vekt på studiemetodar og studieteknikk tilpassa nivå for høgare yrkesfagleg utdanning. Emnet tek òg for seg kva som kan påverke barnesynet, både i samfunnet og blant enkeltmenneske. Studenten får ei innføring i pedagogikk og didaktikk med tilhøyrande omgrep. Etikken blir framstilt som sentral og er gjennomgåande i heile emnet.

EmneStudiepoeng
Etisk grunnemne i oppvekstfag10 studiepoeng

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • kan gjennom ulike studiemetodar oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin
  • har innsikt i regelverk, lover, forskrifter og andre styringsdokument som er relevante for det etiske grunnemnet
  • har kunnskap om pedagogiske omgrep og didaktiske verktøy og prosessar
  • forstår si eiga yrkesetiske betydning i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv knytt til barnesyn
Ferdigheiter

Studenten

  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for yrkesetiske problemstillingar
  • kan bidra med fagleg kunnskap i dialogen rundt ulike problemstillingar på eigen arbeidsplass
  • kan ta i bruk ulike pedagogiske og didaktiske verktøy
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for aktuelle yrkesetiske verdiar og haldningar
  • har forståing for kor viktig det er å skape relasjonar med enkeltindivid
  • kan utvikle og tilpasse si eiga yrkesutøving med omsyn til pedagogiske metodar og didaktiske verktøy

Sentrale tema

1a. Studiemetodar og studieteknikk

  • Aktiv læring
  • Progresjon
  • Kritisk tenking og refleksjon
  • Etisk grunnsyn

1b. Barnesyn i stadig endring

  • Haldningar og verdisyn
  • Ulike styringsdokument
  • Profesjonsetikk/yrkesetikk
  • Forsking og utvikling
  • Pedagogiske diskursar

1c. Pedagogikk og didaktikk

  • Pedagogisk verksemd
  • Observasjon og observasjonsmetodar
  • Pedagogisk dokumentasjon og ulike pedagogiske verktøy
  • Meistring
  • Danning
  • Relasjonar

5.2 Emne 2: Språk og fleirspråklegheit

Emne 2 vil ta for seg tema innanfor språkleg utvikling. I emnet vil det bli sett søkjelys på at fleirspråklegheit er ein viktig ressurs, og på korleis vi kan støtte alle barn i den språklege utviklinga i eit rikt, variert og stimulerande lytte- og språkmiljø. I tillegg er det lagt vekt på korleis vi kan leggje til rette for og støtte barn når vi ikkje får den venta språklege/fleirspråklege utviklinga. Til slutt blir det understreka kor viktig det er å ha eit godt samarbeid med foreldra.

EmneStudiepoeng
Språk og fleirspråklegheit 10 studiepoeng

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om einspråkleg og fleirspråkleg utvikling hos barn
  • har kunnskap om kva morsmålet/førstespråket har å seie for utviklinga av norsk som andrespråk
  • har kunnskap om observasjon av språk og kor viktig det er å arbeide med den språklege utviklinga hos barn
  • kan sjå betydninga av ulike former for systematisk språkarbeid
  • forstår kor viktig det er med relasjon, dialog og samspel mellom barn, personale og foreldre
  • har innsikt i språklege forseinkingar
  • har kjennskap til ulike institusjonar som kan hjelpe i arbeidet med å fremje god språkleg utvikling

Ferdigheiter

Studenten
  • kan bidra til å identifisere behov og setje i verk språktiltak for enkeltbarn eller grupper
  • kan leggje til rette for eit rikt, variert og stimulerande lytte- og språkmiljø
  • kan undre seg over, utforske og leike med ord og omgrep
  • kan bruke litteratur, digitale verktøy, musikk og drama for å fremje språkleg utvikling
  • kan kommunisere med foreldra for å fremje barns språklege utvikling
  • kan bidra til å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere systematisk språkarbeid
  • kan anerkjenne og bidra til at språkleg mangfald blir sett på som ein ressurs og ein fordel
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for og kunnskap om pedagogiske og didaktiske moglegheiter i alt språkarbeid
  • anerkjenner at språkleg mangfald er normaltilstanden i samfunnet, og forstår kor viktig det er å leggje til rette for språkleg inkludering
  • kan bidra til å synleggjere alle språk på arbeidsplassen
  • har eit bevisst forhold til si eiga rolle som språkleg rollemodell
  • kan bidra til arbeidsmetodar som støttar opp under god språkleg utvikling for alle barn

Sentrale tema

2a. Språk

  • Språkleg utvikling
  • Systematisk observasjon av språk
  • Ord og omgrep
  • Språklege forseinkingar
  • Det viktige personalet – språklege modellar


2b. Fleirspråklegheit

  • Ulike variantar av fleirspråklegheit
  • Betydninga av førstespråk/morsmål
  • Språkbiografi – fleirspråklegheit, språkskifte og språkbevaring
  • Omgrepsforståing og omgrepslæring
  • Fleirspråklegheit i læringssituasjonar og leik/aktivitetar


2c. Språkmiljø – korleis skape språkleg nysgjerrigheit og engasjement

  • Eit ressursorientert perspektiv på fleirspråklegheit hos barn
  • Tidleg innsats
  • Språkstimulerande aktivitetar
  • Lyttemiljø
  • Samtalar og narrativ
  • Leik og sosialt samspel
  • Rim, regler og eventyr
  • Lese med dialog
  • Musikk, dans og drama
  • Uteleikeplass, tur og natur
  • Overgangssituasjonar
  • Samarbeid med foreldra

5.3 Emne 3: Fleirkulturelt mangfald

Emne 3 omhandlar perspektiv, omgrep og tilnærming til fleirkulturelt mangfald som ein fordel og ein grunnleggjande ressurs. Emnet forklarer korleis vi gjennom å vise forståing for korleis solidariske verdiar og haldningar påverkar danningsprosessane, kan verne om barns rett til å vere unike i fellesskapet. Emnet tek òg for seg korleis vi kan møte, skape og ta vare på eit mangfaldig og inkluderande fellesskap med særleg vekt på foreldresamarbeid.

EmneStudiepoeng
Fleirkulturelt mangfald10 studiepoeng

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om geografiske, kulturelle, religiøse og individuelle likskapar og forskjellar
  • har kunnskap om solidaritet og solidariske verdiar og haldningar
  • har kunnskap om korleis fleirkulturalitet bidreg til å fremje omgrepsutviklinga, læringa og den kognitive utviklinga hos barn
  • har innsikt i kva slags fordommar og stereotypiar som finst om minoritetar og majoritetar i samfunnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagkunnskapen sinommangfald og korleis ein kan møte og vareta mangfald og utvikle eit inkluderande fellesskap
  • kan anerkjenne og bidra til at kulturelt mangfald blir sett på som ein ressurs og ein fordel
  • fremjar solidaritet og solidariske verdiar og haldningar i barnegruppa og blant foreldre og personale
  • kan vise ei relasjonell og kultursensitiv tilnærming til fleirkulturelle barn og familiar
  • kjenner igjen fenomen knytte til fordommar og stereotypiar
Generell kompetanse

Studenten

  • har utvikla forståing for korleis hen kan bidra til å anerkjenne og synleggjere mangfald i praksis
  • kan identifisere det mangfaldet som barn er ein del av, og jobbe med å skape eit mangfaldig og inkluderande fellesskap
  • forstår korleis solidariske verdiar og haldningar påverkar danningsprosessane hos barn
  • kan bidra til å verne om barns rett til å vere ein unik ogviktig ressurs i fellesskapet
  • har kunnskap om korleis ein arbeider for å redusere fordommar, diskriminering og sosial utstøyting

Sentrale tema

3a. Å forstå mangfaldige kontekstar

  • U-kurva
  • Segregering, integrering, assimilering og inkludering 
  • Nasjonale minoritetar i Noreg
  • Kultur, religion og livsstil
  • Verdiar, haldningar og handlingar
  • Solidaritet, medmenneskelegheit og kultursensitivitet
  • Fordommar, stereotypiar og rasisme


3b. Å arbeide i ein mangfaldig kontekst

  • Kulturell bagasje
  • Ulikehaldningartil barn og oppseding alt etter om ein har eit individualistisk ellereit kollektivistisk syn
  • Mangfald og gjensidig respekt
  • Relasjonsbygging
  • Kulturforståing
  • Kultursensitivitet

3c. Samarbeid og styringsdokument

  • Samarbeid med heimen
  • Møte mellom menneske – kommunikasjon
  • Inkludering gjennom gjensidig dialog og respekt
  • Støtte og rettleiing
  • Aktuelle instansar, lover og styringsdokument

5.4 Emne 4: Oppvekst i eit fleirkulturelt samfunn

I dette emnet ser vi først på kulturell og sosial identitetsutvikling knytt til barns psykososiale miljø. Deretter ser vi på korleis ulike livserfaringar påverkar barns liv og evna til å oppleve meistring i sitt eige liv. Til slutt ser vi på korleis ein kan jobbe med barn og foreldre ut frå eit ressursorientert perspektiv.

EmneStudiepoeng
Oppvekst i eit fleirkulturelt samfunn10 studiepoeng

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om relevante teoriar og omgrep innanfor tema som psykososialt miljø, livsbelastingar, identitetsutvikling og sosial inkludering 
  • har kunnskap om kommunikasjon i fleirkulturelle kontekstar
  • har kunnskap om korleis ein kan skape relasjonar og samarbeide ut frå eit ressursorientert perspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nyttefagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar som gjeld identitetsutvikling, sosial inkludering og læring hos barn med fleirkulturell bakgrunn
  • kan observere og identifisere problem som har med det psykososiale miljøet å gjere, og kan avdekkje behov
  • bidreg til å setje i verk psykososiale tiltak
  • kan nytte kunnskap om mangfald som ressurs i møte med foreldre og barn
Generell kompetanse

Studenten

  • har fått innsikt i betydninga av si eiga rolle i fleirkulturelle kontekstar
  • kan reflektere over sin eigen kulturelle identitet og bagasje
  • kan anerkjenne livserfaringa til barn og foreldre i eit mangfaldig og påfølgjande ressursorientert perspektiv
  • kan utføre arbeid som fremjar og skaper eit trygt og robust psykososialt miljø i tråd med behova til barnegruppa og det enkelte barnet

Sentrale tema

4a. Oppvekst i eit fleirkulturelt samfunn

  • Barn av arbeidsinnvandrarar, asylsøkjarar og flyktningar 
  • Identitetsutvikling og sosial og kulturell inkludering 
  • Tilhøyrsle og sosial inkludering
  • Kjønn og sosiale normer 
  • Roller, lojalitet og respekt
  • Fleirkulturell identitet og integritet 
  • Fleirkulturell ambivalens 
  • Kulturell avstand

4b. Livserfaringar og livsbelastingar

  • Kompetanse om flukt, krig, stress og traume
  • Beskyttelses- og risikofaktorar
  • Resiliens 
  • TBO og psykososial oppfølging av barn med fluktbakgrunn
  • Psykososialt miljø
  • Livsmeistring

4c. Ressursorientert perspektiv på barn med fleirkulturell bakgrunn

  • Ressursorientert perspektiv på barn og foreldre med fleirkulturell bakgrunn 
  • Foreldreengasjement og involvering

5.5 Emne 5: Praksis i språkleg og kulturelt mangfald i oppvekstsektoren

Praksis blir gjennomført som utplassering eller som utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass innanfor fagfeltet. Utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass består i å førebu, planleggje, gjennomføre og evaluere eit forbetringsarbeid knytt til sentrale tema i utdanninga. Alle studentar i praksis, både dei som er utplasserte, og dei som gjennomfører utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass, skal ha rettleiing i praksisperioden.

EmneStudiepoeng
Praksis i språkleg og kulturelt mangfald i oppvekstsektoren10 studiepoeng

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om fleirspråkleg og fleirkulturelt mangfald som har relevans for yrkespraksisen
  • har kunnskap om relevante pedagogiske og didaktiske verktøy for planlegging, dokumentasjon og vurdering som blir brukte i praksis
  • har innsikt i relevant lovverk og styringsdokument som gjeld for praksisstaden
  • har kunnskap om rammer og føresetnader på praksisstaden
Ferdigheiter

Studenten

  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for praksisperioden
  • kan synleggjere kunnskap om fleirspråkleg og fleirkulturelt mangfald som ressurs i praksisperioden
  • kan ta i bruk relevante pedagogiske og didaktiske verktøy for planlegging, dokumentasjon og vurdering i praksisperioden
  • kan bidra med fagleg kunnskap i dialog med praksisrettleiaren om studieemna på praksisstaden
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for yrkesetiske prinsipp i møte med fleirspråkleg og fleirkulturelt mangfald blant barn, foreldre og personale på praksisstaden
  • kan skape relasjonar med, inkludere og samarbeide med foreldre, kollegaer og andre fag- og ressurspersonar
  • kan bidra til å utvikle gode arbeidsmetodar gjennom kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon i praksis

5.6 Emne 6: Fordjuping i språkleg og kulturelt mangfald i oppvekstsektoren

Studenten skal skrive ei fordjupingsoppgåve om eit sjølvvalt tema og ei sjølvvald problemstilling og med utgangspunkt i det overordna læringsutbyttet for utdanninga. Studenten skal vise evne til å bruke relevant teori og erfaringar frå si eiga yrkesutøving til å drøfte den aktuelle problemstillinga. Studenten skal ha tilbod om rettleiing under arbeidet med fordjupingsoppgåva.

EmneStudiepoeng
Fordjuping i språkleg og kulturelt mangfald i oppvekstsektoren10 studiepoeng

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har innsikt i lover og styringsdokument som er relevante for det valde temaet og problemstillinga i fordjupingsoppgåva
  • har kunnskap om oppgåveskriving og gjennomføring av eit praksisretta fordjupingsarbeid
  • har teoretisk kunnskap om fleirspråkleg og fleirkulturelt mangfald
Ferdigheiter

Studenten

  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for det valde temaet og problemstillinga i fordjupingsoppgåva
  • kan bruke teoretisk kunnskap i samanheng med praktiske problemstillingar innanfor temaet i fordjupingsoppgåva
  • kan med utgangspunkt i relevant teori drøfte faglege problemstillingar og eventuelle tiltak som kan fremje fleirspråkleg og fleirkulturelt mangfald
Generell kompetanse

Studenten

  • forstår yrkesetiske prinsipp knytte til dokumentasjon, personvern og anonymisering i oppgåveskrivinga
  • har utvikla god fagleg forståing og ei etisk grunnhaldning som speglar studiet sitt ressursperspektiv på arbeid med språkleg og kulturelt mangfald
  • har forståing for korleis ein etter studiet kan bidra til eit mangfaldig og inkluderande fellesskap ut frå eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv