Hopp til hovedinnhold

Språkleg og kulturelt mangfald i oppvekstsektoren

Nasjonale planar

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har innsikt i lovverk, regelverk og styringsdokument som har relevans for studiet
  • har kunnskap om at fleirspråkleg og fleirkulturelt mangfald fremjar omgrepsutviklinga, læringa og den kognitive utviklinga hos barn
  • har kunnskap om omgrep og prosessar knytte til einspråkleg og fleirspråkleg utvikling og dreg nytte av aktuelt og relevant fagstoff
  • kan oppdatere kunnskapen sin om språk, fleirspråklegheit og kulturelt mangfald
  • forstår kva arbeid med språkleg og kulturelt mangfald i oppvekstsektoren betyr for samspel og tilhøyrsle i det fleirkulturelle samfunnet
  • har kunnskap om oppvekstsektoren og institusjonar i oppvekstsektoren som gir rettleiing om arbeid med barn og føresette i ulike språklege og kulturelle samanhengar

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte kunnskap om språkleg utvikling og fleirkulturelt mangfald til å fremje eit inkluderande fellesskap på arbeidsplassen 
  • kan finne informasjon i litteratur og andre faglege kjelder som er relevant for arbeidet med språkleg og kulturelt mangfald
  • bidreg til å byggje fellesskap og styrkje samanhengar mellom ulike språk, kulturar og religionar
  • kan nytte kunnskap om språkleg og kulturelt mangfald til å byggje eit inkluderande fellesskap og styrkje samanhengar mellom ulike språk, kulturar og religionar
  • kan nytte ulike former for arbeidsmetodar og språkstimulerande aktivitetar for å fremje barns kognitive og språklege utvikling
  • kan vere med og observere og identifisere faglege problemstillingar og behov for pedagogiske tiltak

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har utvikla ei etisk grunnhaldning og forståing som anerkjenner ulik språkleg og kulturell identitet hos barn
  • har forståing for etiske prinsipp, utfordringar og dilemma i møte med barn og foreldre med ulik språkleg, religiøs og kulturell tilhøyrsle
  • kan byggje tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne fagpersonar i oppvekstsektoren
  • kan byggje relasjonar med føresette og samarbeide om den heilskaplege utviklinga og læringa til barna
  • kan leggje til rette for språkleg og kognitiv utvikling i arbeid med det enkelte barnet og med barnegrupper
  • kan utvikle arbeidsmetodar for å redusere fordommar og diskriminering av barn og føresette med ulik språkleg og kulturell bakgrunn.