Hopp til hovedinnhold

Språkleg og kulturelt mangfald i oppvekstsektoren

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Det norske samfunnet er prega av språkleg og kulturelt mangfald. Personale i oppvekstsektoren speler ei svært viktig rolle når det gjeld å støtte barn i den språklege utviklinga og den kulturelle danninga. Det er ikkje alltid like enkelt å vite korleis ein kan støtte barn i utviklinga av dei ulike språka og kulturelle uttrykka. Med viktig og oppdatert kunnskap kan personalet i stor grad bidra til å møte mangfald og utvikle eit inkluderande fellesskap for alle barn.