Hopp til hovudinnhald

Lyser ut inntil to millionar til pilotordningar for modulbasert høgare yrkesfagleg utdanning for flyktningar

Publisert: 31. oktober 2022

Det overordna målet med midlane er å stimulere til opptak av flyktningar i fagskulen og utvikling av tilpassa program for denne gruppa. Fagskulane skal sjå på samarbeidsformer mellom fagskulane, offentlege myndigheiter, frivillig sektor og næringsliv for best mogleg å inkorporere naudsyn praksiserfaring og språktrening i undervisninga.

Mann med lyseblå skjorte og mørkeblå dressjakke står med armene i kors og smiler til kamera.

- Vi lever i ei tid med kriser mange stader i verda – no òg i Europa. Då er det viktig at dei som kjem til Norge som flyktningar får gode moglegheiter til å bli inkludert i utdanning og arbeidsliv. Høgare yrkesfagleg utdanning har eit stort potensiale til å bidra her. Vi håpar at desse midlane kan stimulere til gode pilotprogram retta mot flyktningar som på sikt kan vere til nytte for heile sektoren, seier Sveinung Skule.

Prosjekta kan rette seg inn mot både stadbasert og nettbasert utdanning. Felles for alle innretningane er målet om å gi betre moglegheiter for flyktningar til å ta en fagskuleutdanning, bidra til at fleire får relevant kompetanse til å gå ut i arbeidslivet og at utdanningane er relevante for behova i arbeidslivet.

Om tildelinga

Ordninga gjeld pilotering av modulbasert utdanning for flyktningar og rettar seg mot fagskular.

Det kan søkast midlar til prosjekt med ei varigheit på opptil tre år frå og med desember 2022 til og med desember 2025.

Midlane kan brukast til utvikling av nye modular og tilpassing av eksisterande modular, drift og evaluering av modulane, og kan inkludere frikjøp av tilsette, innkjøp av tenester, produksjon av materiale og spreiingsaktivitetar.

Søknadsfristen for ordninga er tysdag 21.11 2022 kl. 1200. Alle søkarar blir informerte om utfallet av søknadsprosessen innan midten av desember.
Les meir om tildelinga og sjå heile tildelingsteksten her: Pilotordning for modulbasert høyere yrkesfaglig utdanning for flyktninger (hkdir.no)