Ny rapport om nasjonale planar
Publisert: 27. august 2025I perioden 2020–2023 har det i regi av Nasjonalt fagskoleråd blitt gjennomført ein revisjon av dei nasjonale planane for høgare yrkesfagleg utdanning innan tekniske fag og helse- og oppvekstfag.
I rapporten Mellom nasjonal standardisering og lokal tilpassing – bruk og vurdering av nasjonale planar i fagskulesektoren har Ideas2evidence kartlagt korleis nasjonale planar blir brukte, og i kva grad dei blir opplevde som eit nyttig verktøy. Rapporten gir òg anbefalingar for korleis arbeidet med slike planar bør innrettast framover.
Heile rapporten kan lastast ned her: