Hopp til hovedinnhold

Arbeid med rus- og avhengnadslidingar

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Høgare yrkesfagleg utdanning innanfor arbeid med rus- og avhengnadslidingar skal gi kompetanse til å løyse oppgåver knytte til rus- og avhengnadslidingar. Utdanninga er retta mot personell i ulike delar av helse- og omsorgstenesta og i oppvekstsektoren. Utdanninga skal ha søkjelys på det førebyggjande og helsefremjande arbeidet i eit folkehelseperspektiv. Vidare skal utdanninga stimulere til utvikling av fagleg og personleg tryggleik og auka kompetanse i møte med menneske med rus- og avhengnadslidingar, pårørande og samarbeidspartnarar.

Rus- og avhengnadslidingar er eit samansett problemområde med eit stort spekter av lidingar og utfordringar knytte til både skadeleg rusbruk og ulike problem og symptom ved avhengnadslidingar. Studentane skal ha ei heilskapleg forståing av dette, av korleis sosiokulturelle mekanismar i samfunnet bidreg til at enkelte utviklar rus- og avhengnadslidingar, og av korleis dette endrar seg over tid. Brukarmedverknad og varetaking av pasientrettar står sentralt i arbeidet med rus- og avhengnadslidingar. Utdanninga skal gi studentane innsikt i kor viktig dette er, og dei skal få innsikt i arbeid med erfaringsbasert tilnærming og likemannsarbeid.

Etter fullført utdanning skal studentane kunne ta initiativ til, organisere og setje i verk tiltak for pasientane og dei pårørande og i samarbeid med andre yrkesgrupper reflektere over yrkesutøvinga si med høg yrkesetisk forståing. Utdanninga skal gjere studentane meir bevisste på kor viktig profesjonalitet i eiga rolle og yrkesutøving er i arbeidet med pasientsikkerheit og kvalitetsforbetring, og på korleis den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta er organisert og samhandlar.