Arbeid med rus- og avhengnadslidingar
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om omgrep, prosessar og verktøy som blir nytta innanfor helsefremjing, førebygging, behandling og rehabilitering av personar med rus- og avhengnadslidingar
- har bransjekunnskap og kjennskap til faglege verktøy i arbeidet med å kartleggje og dokumentere helsetilstand, ressursar, behov og funksjonsnivå hos personar med rus- og avhengnadslidingar
- har innsikt i lovverk som regulerer helse- og omsorgssektoren, og i nasjonale tilrådingar og retningslinjer for helsetenester til personar med rus- og avhengnadslidingar
- har bransjekunnskap og kjennskap til organiseringa av den kommunale helse- og omsorgstenesta, spesialisthelsetenesta og andre aktørar og samarbeidspartnarar i ulike behandlingsforløp ved rus- og avhengnadslidingar
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om observasjon, kartlegging, vurdering og behandling av rus- og avhengnadslidingar
- forstår kor viktig det er med ei heilskapleg og koordinert helseteneste som dekkjer befolkninga sine behov i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan bruke fagleg kunnskap om rus- og avhengnadslidingar for å forklare praktiske og teoretiske problemstillingar og behov for å setje i verk helsefremjande og førebyggjande tiltak
- kan kartleggje situasjonar i møte med personar med rus- og avhengnadslidingar og identifisere faglege, juridiske og etiske problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
- kan nytte faglege og teknologiske verktøy som elektroniske dokumentasjonssystem, digitale og teknologiske kommunikasjonsformer og andre faglege ferdigheiter og teknikkar i arbeidet med personar med rus- og avhengnadslidingar, pårørande, frivillige, kollegaer og andre yrkesgrupper
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar knytte til arbeid med personar med rus- og avhengnadslidingar
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar i arbeidet med å førebyggje konfliktar, skadar eller andre akutte situasjonar og identifisere behov for å setje i verk tiltak både for enkeltindivid og grupper
Generell kompetanse
Kandidaten
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske retningslinjer og prinsipp knytte til arbeid med personar med rus- og avhengnadslidingar
- har utvikla ei etisk grunnhaldning til mangfald, migrasjonshelse, urfolk og ulike kulturar som kjem til syne i yrkesutøvinga
- kan utføre arbeid med helsefremjande, førebyggjande, behandlande, rehabiliterande, lindrande og skadereduserande tiltak i samsvar med dei individuelle behova til personar med rus- og avhengnadslidingar
- kan byggje relasjonar med kollegaer og på tvers av fag, avdelingar og etatar i samarbeidet om tenestetilbodet til personar med rus- og avhengnadslidingar
- kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester som har relevans for fagarbeidaren si yrkesutøving i møte med personar med rus- og avhengnadslidingar