BIM-tekniker Installasjon
nasjonale planer5. Emnebeskrivingar
Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.
5.1 Grunnlagsemne
Emne: PSI (prosess, samhandling og informasjonsflyt)
Emnet PSI handlar om omgrepa prosess, samhandling og informasjonsflyt og dermed om å forstå prosessar knytte til planlegging, gjennomføring og dokumentering av prosjekt; samhandling gjennom tverrfagleg samarbeid, fagforståing og evne til å dele, løyse og tilpasse seg til andre fag og aktørar; informasjonsflyt med beskrivingar i rapport og beriking av modellar etter behov, formål og prosessar.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
PSI | 30 (2 blir lagde til ATP) |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- forstår korleis BIM-prosessar og informasjon i modell kan endre vala av løysingar for å oppnå meir berekraftige bygg og vareta bruk inn mot FDVU
- har kunnskap om bruk av kunstig intelligens (AI) i BIM for BAE-næringa
- har kunnskap om verktøy som forenklar og automatiserer prosessar
- har kunnskap om programteknisk og BIM-fagleg stoff på norsk og engelsk
- har innsikt i informasjonsinnhenting på nett og kunnskap om preaksepterte løysingar som oppfyller funksjonskrav i bygg- og anleggsprosjekt
- har kunnskap om krav til detaljeringsnivå og kvalitet i digitale modellar og kjennskap til relevante norske standardar og bransjenormer
- har kunnskap om konseptet OpenBIM, der IFC og BCF er dei viktigaste felles filformata for samhandling i BIM-prosessar
- har kunnskap om talbehandling relatert til dei programma og problemstillingane som er aktuelle i ein arbeidssituasjon
- har kunnskap om plattformer og tekniske løysingar for kommunikasjon mellom byggjeplass og digital modell
- har kunnskap om byggjebransjen og kjenner til samspelet mellom dei ulike aktørane i bransjen gjennom bruk av til dømes Lean og VDC
- har kjennskap til ulike entrepriseformer/anbodskontraktar og dei svake og sterke sidene deira i ein gjennomføringsmodell
- forstår oppbygginga av og formålet med BIM-manualar og styringsdokument i ein samhandlingsprosess
- har kunnskap om handtering av krav til informasjon på organisasjons-, eigedels- og prosjektnivå
- har kunnskap om filhandtering og namngiving, kjenner til risikovurderingar med omsyn til tap av data og kan identifisere dei ulike filtypane som blir nytta i arbeid med BIM
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte, handtere og halde ved like teknisk utstyr som er relevant i BIM-teknikaren sin kvardag på arbeidsplassen, i møteareal og på andre samhandlingsområde
- kan nytte forskjellige tekstbehandlingsprogram, digitale ordbøker/oppslagsverk og enkle skjerm- og biletbehandlingsprogram for raskt å skrive visuelle bruksrettleiingar og rapportar til bruk i effektiv kommunikasjon med både byggjeplassen og andre aktørar i ein samhandlingsprosess
- kan nytte kommunikasjons- og samhandlingsplattformer for planlegging, deling av innhald, aktivitetar, møteverksemd, samskriving og fildeling
- kan finne informasjon og dele kunnskap og fagstoff ved å bruke nettbaserte kunnskapssystem, søkjemotorar, nettforum, faglege nettverk og bransjeorganisasjonar
- kan nytte BIM-program for å overføre filer frå BIM-programma til andre program, med vekt på forarbeid/tilrettelegging i det programmet det blir eksportert frå, og etterarbeid/tilrettelegging i det programmet det blir importert til
- kan nytte relevante BIM-verktøy i ein prosess på ein rasjonell måte for problemløysing i prosjekt, som rett oppstart, strukturert modellering og informasjonsuttak
- kan nytte informasjonskjelder som tabellar, preaksepterte løysingar, oppslagsverk, aktuelle norske standardar og bransjenormer som er relevante for ei BIM-fagleg problemstilling
- kan nytte program for talbehandling for å analysere informasjon, målingar og effektar mellom fag og behandle lister frå modelleringsprogram
- kan nytte verktøy for framdriftsplanlegging, visualisering av framdrift og avhengigheiter
- kan utforme og nytte enkle styringsdokument, inkludert BIM-gjennomføringsplan (BEP), for praktisk digitalt samarbeid i koordinering av ein byggjeprosess
- kan nytte visualiseringsverktøy for illustrasjonar og presentasjonar
- kan nytte skjermbilete for å dokumentere arbeid
- kan utvikle interaktive dokument, nytte ulike presentasjonsprogram og halde faglege presentasjonar
- kan nytte maskinvalidering knytt til BIM og BIM-prosessar
- kan nytte kunstig intelligens (KI) innanfor fagrelaterte oppgåver i prosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- kan utvikle metodar for digital samhandling og modellering og er i stand til å oppdatere kunnskapen sin innanfor BIM ved hjelp av eigenlæring og samarbeid med tverrfaglege fagmiljø
- kan oppdatere kunnskapen sin om BIM relatert til tekniske installasjonar i bygg gjennom aktuelle lover og føresegner
- kan gjere kritisk og reflektert arbeid med dokumentasjon, talbehandling og mengdeuttak
- kan utvikle og oppdatere eigen kunnskap om BIM-programvare, omgrep ogverktøy
- kan utføre relevant arbeid med å utforme og kontrollere BIM-modellar etter dei ulike målgruppene sine behov og er i stand til å definere kva som er det etterspurde detaljeringsnivået
- har forståing for utviklinga av BIM-modellar i samspelet mellom dei ulike aktørane i bygg- og anleggsbransjen
- kan utføre modellering og kontroll av digitale modellar i ein prosjekterings-/byggjeprosess etter kunden sine kvalitetskrav
- har utvikla haldningar og respekt for andre aktørar som blir nytta i situasjonar der teori og praksis møtest
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i si framferd overfor medarbeidarar, kundar og samarbeidspartnarar på grunnlag av gjensidig samarbeid og tillit som BIM-teknikar
- er i stand til å byggje relasjonar med aktørar i bransjen, kundar og andre BIM-teknikarar på tvers av fag og bedrifter
- kan byggje relasjonar med andre fagdisiplinar for å utvikle dei tverrfaglege kunnskapane og ferdigheitene sine
5.2 Fordjupingsemne
Emne: BIM-I (installasjon)
Emnet BIM-I handlar om omgrepet bygningsinformasjonsmodellering/‑modell. Forståinga og nytten er retta mot bruk av programvare, omgrep og verktøy. Innhaldet involverer rutinar ved oppstart, modellering (både fagleg og tverrfagleg), samarbeid i modell, planlegging, eigenkontroll og tverrfagleg kontroll og andre arbeidsoppgåver i eit BIM-prosjekt.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
BIM-I | (2 blir lagde til ATP) |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- kjenner til ulike BIM-program som er i vanleg bruk i bransjen, og kan identifisere dei sterke og svake sidene deira
- kan utarbeide, lese og tyde fagrelaterte teikningar innanfor bygg- og anleggssektoren
- kjenner til dei ulike teikningsgrunnlaga som er vanlege ved prosjektering av både større og mindre prosjekt, og kan identifisere krava til teikningsgrunnlag ved dei ulike fasane i prosjektet
- har kunnskap om oppbygging av modell, struktur og klassifiseringar etter bransjerelaterte standardar og andre sentrale format
- har kunnskap om korleis ein kan etablere og implementere målingar og effektar (metrics) ved bruk av digitale modellar
- har kunnskap om implementering av styringsdokument i modellar for bygg- eller anleggsprosjekt
- har kunnskap om installasjonsbransjen og kjennskap til samspelet med behovet for BIM-leveranse mellom aktørane i bygg- og anleggsbransjen i livsløpet til prosjektet
- har kunnskap om kartdatum og koordinatsystem som aktørar i bygg- og anleggsbransjen i Noreg bruker
- har kunnskap om georeferering som ein nødvendig føresetnad for å starte eit BIM-prosjekt på rett måte
- har kunnskap om løysingane for utvida verkelegheit (XR)
- har innsikt i forskrifter, normer, norske standardar og preaksepterte løysingar for bygg- og anleggsbransjen
- har innsikt i kontraktsformer, styrande dokumenta, handbøker og manualar
- har kunnskap om verktøy som forenklar og automatiserer prosessar
- har kjennskap til geografiske informasjonssystem (GIS) og forholdet mellom BIM og GIS
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte løysingar for å framstille visuelle dashbord av etablerte målingar og effektar frå modell
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for ei BIM- og yrkesfagleg problemstilling
- kan nytte ulike BIM-program til digital modellering som er relevant for bygg- og anleggsbransjen
- kan nytte relevante bransjeformat for modellering av fagleg innhald
- kan nytte forskjellig programvare for å generere relevante teikningar, mengdeuttak og dokumentasjon ut frå modellar
- kan nytte analyseverktøy for å kontrollere mellom anna framdrift, sol og skugge, tomtekvalitet og liknande med bruk av BIM-modell
- kan nytte automatisering og parametrisering av enkle og repetitive oppgåver
- kan nytte kartdatum og koordinatsystem i modelleringsprogram
- kan kartleggje dataflyt mellom programvare og behovet for ulike filformat til forskjellige formål
- kan nytte ulike format frå datafangst, bestillingstenester og andre leverandørar til å etablere grunnlagsdata og/eller bearbeide vidare
- kan nytte landmålingsinstrument for datafangst og hausting med etterarbeid gjennom bearbeiding og prosessering til bruk i ulike formål
- kan nytte digitale talbehandlingsprogram og tekstbehandlarar for bearbeiding, berekningar og dokumentasjon
- kan nytte den BIM-faglege kunnskapen sin for å koordinere digital modellering og tverrfagleg modellkontroll i eit bygg- og anleggsprosjekt
- kan nytte modellerings- og samhandlingsprogram til å kvalitetssikre mengder, klassifisere og regelsjekke eigen fagmodell
- kan nytte modellerings- og samhandlingsprogram til tverrfagleg kollisjonskontroll og til å verifisere funn og byggbarheit
- kan produsere resultatdata og tilhøyrande dokumentasjon ved hjelp av ein 3D-modell både i native format og i OpenBIM-konseptet etter behov og for fagdisiplinen sin
- kan nytte bransjerelatert modellstandard og andre relevante format til informasjonsutveksling på tvers av ulik programvare og kan nyttiggjere seg informasjonen i fleire ulike BIM-program
Generell kompetanse
Studenten
- kan utvikle BIM-kompetansen sin og metodikk for raskt å lære seg nye BIM-programvarer og prosessar og for å identifisere dei sterke og svake sidene til programma
- kan utføre modellerings- og kontrollarbeid ved å nytte fleire ulike BIM-program slik at hen kan modellere raskt, effektivt og nøyaktig, først og fremst innanfor OpenBIM
- har utvikla kompetanse i allsidig og effektiv bruk av bransjerelevante program for kvalitetskontroll og modellsjekking, særleg innanfor modellering av bygningar, men òg noko tekniske installasjonar. Programvarene skal vareta utveksling gjennom OpenBIM-format.
- har utvikla ei etisk haldning til og forståing av kunstig intelligens (KI) og fornuftig bruk av kunstig intelligens i BIM-programvare, verktøy og løysingar
Emne: ATP (avsluttande tverrfagleg prosjekt)
Emnet ATP blir gjennomført i slutten av studiet. Her skal studenten nytte kompetanse frå gjennomførte emne og prosjekt og fordjupe seg i ei fagleg relevant problemstilling innanfor eit gitt tema og eit gitt formål. Basert på underlag blir prosjektet gjennomført med individuell rapportskriving i tverrfaglege grupper der kvar student leverer ein individuell rapport og individuelle modellfiler. Prosjektet blir avslutta med ein munnleg presentasjon av arbeidet. Arbeidet til studentane blir vurdert av intern og ekstern sensor.
Det er eit krav at det avsluttande tverrfaglege prosjektet skal spegle ei tverrfagleg forståing av studiet og utviklingsbehova i bransjen.
I ei god gjennomføring av det avsluttande tverrfaglege prosjektet er følgjande ønskjeleg:
- samarbeid med tverrfaglege yrkesdisiplinar
- fordjuping i tema og formål som er definerte for prosjektet
- bruk av reelle problemstillingar frå bransjen
- referansar til arbeid med emna i studiet
Emne | Studiepoeng |
---|---|
ATP | 4 (2 frå PSI og 2 frå BIM-I) |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har særskild kunnskap om ei sjølvvald problemstilling innanfor BIM-utdanninga sine overordnande beskrivingar av læringsutbytte
- har bransjekunnskap til å lage ei problemstilling for samspelet mellom teori og praksis
- har kunnskap om georeferering som ein nødvendig føresetnad for å starte eit BIM-prosjekt på rett måte
- har kunnskap om oppbygging av styringsdokument for digital samhandling gjennom mellom anna CDE i eit avsluttande tverrfagleg prosjekt
- har kunnskap om samspelet mellom aktørane i eit avsluttande tverrfagleg prosjekt
- har kunnskap om filhandtering og namngiving, kjenner til risikovurderingar med omsyn til tap av data og kan identifisere dei ulike filtypane som blir nytta i arbeid med BIM
- har kunnskap om verktøy som forenklar og automatiserer prosessar
- kan vurdere sitt eige arbeid i lys av normer og krav
Ferdigheiter
Studenten
- kan utforme og nytte nødvendige styringsdokument, inkludert BEP- og BIM-manualar, for praktisk digitalt samarbeid i koordinering av eit avsluttande tverrfagleg prosjekt
- kan nytte relevante BIM-verktøy på ein rasjonell måte etter eit definert problemløysingsformål, til dømes rett oppstart og nøyaktig modellering
- kan nytte relevante bransjeformat for modellering av fagleg innhald
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan nytte programvare for å generere relevante teikningar og dokumentasjon ut frå digitale modellar
- kan nytte modellerings- og samhandlingsprogram til tverrfagleg kollisjonskontroll og verifisering av resultat og gjennomførbarheit sett opp mot formål og problemstilling
- kan nytte tekstbehandlingsprogram til å skrive ein visuell rapport som eignar seg for presentasjon av arbeidet med individuell problemstilling i eit avsluttande tverrfagleg prosjekt
- kan nytte bransjerelatert modellstandard og andre relevante opne format til informasjonsutveksling på tvers av ulik programvare og kan nyttiggjere seg informasjonen i fleire ulike BIM-program
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for og tek omsyn til samspelet mellom dei ulike aktørane i eit avsluttande tverrfagleg prosjekt
- kan byggje relasjonar med aktørar og andre BIM-teknikarar på tvers av fag i eit avsluttande tverrfagleg prosjekt
- kan utvikle arbeidsmetodar for BIM-programvare, verktøy og prosessar
- kan utføre modelleringsarbeid knytt til formål og problemstilling
- kan gjennomføre kontrollarbeid ved å nytte fleire ulike BIM-program
- har forståing for korleis BIM kan bidra til færre feil, mindre svinn og auka berekraft