BIM-tekniker Installasjon
nasjonale planer2. Om utdanninga BIM-teknikar Installasjon
Studieløpet BIM-teknikar er ei eittårig utdanning (60 studiepoeng) som har eksistert sidan 2008 og ligg under fagretninga informasjonsmodellering. BIM står for bygningsinformasjonsmodellering og er ei samlenemning for digital metodikk i planlegging, modellering og kontroll av bygg- og anleggsprosjekt.
Den raske digitale utviklinga i samfunnet er noko bransjen må utnytte for å oppnå betre produktivitet, større miljøgevinstar og betre og meir interessante arbeidsforhold både for prosjekterande og utførande. BIM-metodikken blir i dag nytta til prosjektering, koordinering, bygging og kontroll av både bygningar, tekniske anlegg og infrastruktur som veg og bane, men han er ofte fragmentert og sjølvlærd av deltakarar som ikkje har stått for den fysiske bygginga, og som dermed manglar ein sentral dimensjon.
Bransjen treng derfor praktisk, tverrfagleg og oppdatert digital kompetanse som er bygd på eit fagbrev. Det trengst kompetanse innanfor eit breitt spekter av digitale program og metodikkar, også innanfor automatisering og bruk av kunstig intelligens. BIM-teknikaren skal kunne fungere som kreativ problemløysar, tilretteleggjar, møteleiar og modellbyggjar med ein kasse full av digitale verktøy. Hen skal vere eit bindeledd og nav i den digitale koordineringa mellom arkitektar, ingeniørar, tiltakshavarar og bygningsarbeidarar.
Det er tilrådd å leggje opp til ei god blanding av undervisning og prosjektarbeid på tvers av emna, der tverrfaglege prosjekt, og gjerne samarbeidsprosjekt mellom ulike skular, har ein naturleg plass. Undervisningsmetodikken bør fremje studentane si evne til å lære å lære, slik at dei kan tileigne seg metodar for å tolke, forstå og raskt meistre dei mange forskjellige digitale programma og metodane som blir brukte i bransjen.
BIM-teknikar-utdanninga omfattar tre ulike studieretningar:
BIM-teknikar – anlegg og infrastruktur
BIM-teknikar – installasjon
BIM-teknikar – konstruksjon
2.1 Omgrepsavklaringar
PSI = prosess, samhandling og informasjonsflyt
BIM = bygningsinformasjonsmodellering/‑modell
ATP = avsluttande tverrfagleg prosjekt
2D = nemning på flate teikningar, t.d. planteikningar
3D-modellering = det å teikne/modellere ein bygning i alle tre dimensjonar
4D-funksjonalitet = visning av framdrift gjennom modellen
AR = Augmented Reality (utvida verkelegheit)
VR = Virtual Reality (kunstig verkelegheit)
XR = Extended Reality (samleomgrep som kombinerer verkelegheit og virtuelle data)
IFC = Industry Foundation Classes – ein standard som gjer det mogleg å standardisere all informasjonen som blir laga og utveksla (dvs. som blir kommunisert) i eit byggjeprosjekt
SOSI = samordna opplegg for stadfesta informasjon – ei standardisering og eit filformat for utveksling av digitale geodata
OPF = Open Photogrammetry Format (ope fotogrammetriformat)
ICE = Integrated Concurrent Engineering (samhandlande digital prosjektering)
VDC = Virtual Design and Construction (heilskapleg metodikk for digital prosjektering)
MMI = modellmodenheitsindeks – fortel kor moden modellen er, dvs. kva for ein fase av byggjeprosessen modellen er tilpassa for augeblikket (blir kalla LOIN – Level of Information Need)
OpenBIM = aktørane er ikkje låste til eit spesielt program, informasjonsutveksling skjer på opne standardiserte format
BCF = BIM Collaboration Format (eit standardisert samhandlingsformat for BIM-prosjekt)
CDE = Common Data Environment (felles datamiljø)
BEP = BIM Execution Plan (BIM-gjennomføringsplan)
Styringsdokument = skriftlege retningslinjer som prosjektet blir styrt etter
Grunnlagsdata = nemning for eksisterande forhold, som finst der i dag, før byggjeprosessen blir starta
Kartdatum = referansesystem som beskriv den geometriske forma på jorda og dannar grunnlaget for koordinatsystem
Koordinatsystem = ein metode for å overføre jordoverflata til eit flatt kart med eller utan høgd
Fotogrammetri = måling i fotografiske bilete, fotogram, for å bestemme dei geometriske eigenskapane til eit fotografert objekt, til dømes form, storleik og plassering. Resulterer ofte i ei punktsky, ein overflatemodell eller eit ortografisk foto.
Landmålingsinstrument = totalstasjon, GNSS (Global Navigation Satellite System), punktskyskannar, drone og maskinstyring
GIS = geografisk informasjonssystem
Metrics = målingar og effektar som er definerte i eit BIM-prosjekt, kan vere for sjølve prosjektet, ein kunde, samfunnet o.a.
Klassifisering = det å dele inn omgrep/ting i eigne klassar. Handlar mellom anna om merkjesystem for inndeling i lokasjon, system, type o.a.
KI = kunstig intelligens (Artificial Intelligence)
As built = som bygd
FDVU = forvalting, drift, vedlikehald og utvikling