Hopp til hovedinnhold

​​Brønnservice​

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

2.1 Om fagretninga: Petroleum

Utviklinga i energisektoren skjer i høgt tempo, og teknologien blir stadig meir avansert. Norsk offshoreindustri har mykje formell kompetanse innanfor boring, brønn, havbotnteknologi og prosess. For at kompetansen skal kunne sikrast og utviklast vidare, krevst det ei fleksibel fagskuleutdanning som varetek opplæringsbehovet i industrien og dei nasjonale målsetjingane for utdanninga.

Fagretninga omfattar fordjupingane

  • boring
  • brønnservice
  • havbotninstallasjonar
  • olje- og gassbehandling

2.2 Om fordjupinga: Brønnservice

Utdanninga er retta mot personar med fagbrev innanfor dei ulike brønnfaga eller med annan relevant bakgrunn og praksis. Brønnservice er ei fordjuping som omfattar dei ulike fasane av ferdigstilling og vedlikehald av brønnar. Utdanninga skal leie til at kandidaten kan utføre brønntekniske arbeidsoppgåver og bidra til å optimalisere produksjonen etter spesifikasjonar og krav frå operatøren, kundane og myndigheitene. Bestått utdanning saman med nødvendig praksis og påkravde sertifikat tilfredsstiller kompetansekrava til arbeidsleiar. Fagskuleteknikaren vil òg vere godt eigna til andre stillingar i petroleums- og energisektoren.