Hopp til hovedinnhold

IT-sikkerheit

Nasjonale planar

4. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om omgrep, teoriar, prosessar, system og verktøy som blir nytta innanfor IT-sikkerheit
  • har kunnskap om prosessar og verktøy som blir nytta innanfor brukarrettleiing, opplæring og risikoanalyse av IT-system
  • har kunnskap om relevante teoriar og sikkerheitsmodellar som blir nytta av IT-organisasjonar
  • kjenner til bransjens eigenart og er oppdatert på endringar i truslar mot system og personvern
  • kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til avtalar, relevant regelverk og sikkerheitskrav til IT-system og personvern
  • kan vurdere sitt eige arbeid med sikkerheitshendingsforløp basert på ulike datakjelder, samsvarsanalysar og krav til gjennomføring
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling og kunnskapsheving innanfor IT-sikkerheit og forstår kva eigen bransje har å seie i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
  • har kunnskap om prosessar og verktøy som blir nytta til økonomistyring, organisasjonsstruktur og leiing på IT-feltet
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan gjere greie for val av verktøy, teknikk og metode for penetrasjonstesting
  • kan gjere greie for val av verktøy, teknikk og prosess for å sikre IT-system og ‑einingar
  • kan reflektere over eigne analysar og løysingar for auka sikring av IT-system og ‑tenester
  • kan reflektere over si eiga faglege utføring av eit sikkerheitshendingsforløp og justere denne basert på tilbakemeldingar
  • kan finne og vise til informasjon og vurdere relevansen for førebygging av truslar på system
  • kan kartleggje eit IT-system og identifisere potensielle truslar og sårbarheiter og behovet for å setje i verk tiltak
  • kan reflektere over økonomi og administrasjon i utføringa av eigne oppgåver innanfor IT-sikkerheit og justere under rettleiing
  • kan gjere greie for faglege val med omsyn til den økonomiske situasjonen til bedrifta og marknads- og leiingsutfordringar
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan utføre vedlikehaldsoppgåver for å vareta IT-sikkerheita med omsyn til spesifikasjonar og beste praksis
  • kan planleggje og gjennomføre sårbarheitsanalysar, penetrasjonstesting og herding av IT-system åleine eller som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar med yrkesaktive innanfor IT-sikkerheit om utvikling av smarte løysingar og god praksis
  • kan bidra med nye løysingar og effektiv arbeidsflyt for å sikre og herde IT-system