Hopp til hovedinnhold

Prosessteknikk

Nasjonale planar

5. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

5.1 Reiskapsemne

Realfagleg reiskap

EmneTema
Realfagleg reiskap 10 studiepoeng Blir tilordna av den enkelte tilbydaren
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om realfag som reiskap innanfor fagområdet sitt
  • har kunnskap om realfaglege omgrep, teoriar, analysar, strategiar, prosessar og verktøy som blir nytta
  • kan utføre berekningar, overslag og problemløysing med relevans for dimensjonering og andre problemstillingar innanfor studieretninga
  • kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med matematiske og fysiske lover
  • kan utvide kunnskapen sin og har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor realfag
  • kjenner til matematikkens og fysikkens eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av reknemetoden som blir brukt til å løyse faglege problem
  • kan gjere greie for val av digitale verktøy som blir brukte til problemløysing innanfor realfaglege tema
  • kan nytte digitale hjelpemiddel til å løyse likningar og andre matematiske oppgåver
  • kan vurdere resultat av berekningar og reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne og vise til relevant informasjon og fagstoff i formelsamlingar, tabellar og fagbøker
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere realfaglege problemstillingar
  • har kjennskap til og kan nytte grunnleggjande fysiske lover og fysikkens metodikk
  • kan tolke og bruke modellar som blir nytta innanfor matematikk og fysikk
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe ved å nytte realfag i tråd med etiske krav, retningslinjer og målgruppa sine behova
  • har innsikt i kva føresetnader og forenklingar hen har gjort i berekningane sine
  • har innsikt i rekkjevidda og avgrensingane til metodane som blir brukte
  • kan utveksle synspunkt og samarbeide med fagfellar om fagspesifikke problemstillingar med realfag som tverrfagleg fundament, og dermed bidra til organisasjonsutvikling

Kommunikasjon

EmneTema
Kommunikasjon 10 studiepoeng Blir tilordna av den enkelte tilbydaren
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande kommunikasjonsteori
  • kjenner til kva kulturell identitet har å seie for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
  • har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
  • har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
  • har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
  • kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldetilvising, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
  • har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og produksjon
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling, og korleis ein kan svare på henne
Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
  • kan bruke relevante omgrep for å analysere sin eigen og andres tekst
  • kan reflektere over og revidere tekstar
  • kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
  • kan byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
  • kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke han kritisk, formålstenleg og etterretteleg
  • kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
  • kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjonen, målet og mottakaren
  • kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i ein profesjonell samanheng
  • kan uttrykkje seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
  • kan planleggje, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
  • kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
  • kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetjing
  • meistrar relevante kommunikasjonsverktøy
  • kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
  • kan samarbeide om tekstproduksjon

Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

EmneTema
LØM 10 studiepoeng Økonomistyring Organisasjon og leiing Marknadsføringsleiing
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale omgrep innanfor økonomi, organisasjon og marknadsføring knytte til føretaksleiing
  • har kunnskap om lønnskostnader
  • har kunnskap om mål, tiltak og handlingsplanar
  • kjenner til aktuelle lover og avtalar innanfor emnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan kartleggje eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalysar
  • kan gjere greie for den økonomiske statusen i bedrifta ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke dei i analysar og kalkylar
  • kan vurdere betalingsevna og kapitalbehovet til bedrifta
  • kan planleggje økonomiske milepælar ved å utarbeide budsjett og gjere greie for økonomisk måloppnåing ved å vurdere eventuelle avvik
  • kan gjennomføre ein investeringsanalyse og reflektere over lønnsemda i ei mogleg framtidig investering
  • kan bruke rekneark i arbeidet med rekneskap, budsjett, analysar og kalkylar
  • kan gjere ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
  • kan vurdere organisasjonsstrukturen og kulturen og arbeidsmiljøet for å vidareutvikle verksemda
  • kan kommunisere med, leie og motivere personalet på måtar som fremjar effektivitet og trivsel
  • kan identifisere, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
  • kan planleggje og gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, frå behovsanalyse til introduksjon
  • kan gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kunden si kjøpsåtferd i desse
  • kan vurdere val av marknadskommunikasjonstiltak i aktuelle medium og tilpasse bodskap til utvalde målgrupper i dei aktuelle media
  • kan vurdere kva produkt bedrifta bør satse på, i kva marknader satsinga bør skje, og kva distribusjonskanalar ein bør nytte
  • kan vurdere val av verksemds- og marknadsstrategi
Generell kompetanse

Studenten

  • kan innanfor gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt
  • kan etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremjar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
  • har digital kompetanse til å søkje kunnskap og informasjon og kan tolke og bruke informasjonen i det vidare arbeidet
  • kan kommunisere internt og eksternt og nytte digitale verktøy til dette
  • kan utarbeide relevante faglege dokument som til dømes pristilbod, tiltaks-/handlingsplanar, arbeidsavtalar, møteinnkallingar med saksframlegg, forretningsplanar og marknadsplanar
  • kan reflektere over samfunnsutviklinga og relatere utviklinga til bedrifta sin situasjon

5.2 Grunnlagsemne

Innleiande kjemi

EmneStudiepoeng
Innleiande kjemi12
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om atomteori, periodesystemetog kjemiske bindingar
  • har kjennskap til namnsetjingsreglane til IUPAC
  • har kunnskap om ulike kjemiske reaksjonar og reaksjonslikningar i uorganisk og organisk kjemi, inkludert energiendringar ved reaksjonar
  • har kunnskap om relevante berekningar i uorganisk og organisk kjemi
  • har kunnskap om grunnleggjande elektrokjemi
  • har kunnskap om organiske forbindelsar og eigenskapane deira
  • har kjennskap til framstilling, bruk og analyse- og separasjonsmetodar innanfor organisk kjemi
  • kjenner til kjemifagets historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor fagretninga kjemi
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for periodesystemet og nytte kjemiske tabellar som verktøy for å forklare eigenskapane til grunnstoff og forbindelsane deira
  • kan gjere greie for reaksjonslikningar og utføre aktuelle berekningar innanfor uorganisk og organisk kjemi
  • kan utføre forsøk på ein sikkerheitsmessig forsvarleg måte ogskal kunne vurdere feilkjelder og observere, tolke, reflektere og presentere resultat
  • kan gjere greie for eigenskapar ved organiske forbindelsar, framstilling og bruk 
  • kan finne og vise til informasjon frå stoffkartotek og aktuelle oppslagsverk og vurdere relevansen for ei kjemisk problemstilling
  • kan kartleggje ein kjemisk reaksjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for justeringar og tiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • kan vise god forståing for kjemiske stoff og reaksjonar
  • kan planleggje, gjennomføre og dokumentere arbeid på eit kjemilaboratorium, åleine og som deltakar i ei gruppe, på ein sikkerheits- og miljømessig effektiv og etisk rett måte
  • kan utveksle synspunkt og delta i faglege diskusjonar
Tema
  • Generell og uorganisk kjemi
  • Organisk kjemi

HMS og berekraft

EmneStudiepoeng
HMS og berekraft8
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande HMS
  • kan vurdere sitt eige og andres HMS-arbeid i lys av gjeldande normer og krav
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor HMS
  • har kunnskap om lover og forskrifter som gjeld for HMS-arbeidet i ei prosessbedrift
  • har kunnskap om korleis HMS-organisasjonen i arbeidslivet er oppbygd, og om dei vanlegaste prinsippa for kvalitets- og HMS-systemet
  • har kunnskap om dei vanlegaste eksponeringsfaktorane i arbeidslivet og om risiko og risikovurdering og kjenner til dei vanlegaste formene for risikoreduserande tiltak
  • har kunnskap om fornuftig ressursutnytting og avfallsbehandling og andre prinsipp for grøn kjemi
  • kan vurdere betydinga av utslepp frå moderne industri og samfunnsliv i lys avnormer og krav som gjeld forureining av jord, luft og vatn
  • har kunnskap om økologi, energiformer og reinare produksjon
  • har kunnskap om fornybare og ikkje-fornybare energikjelder og miljøkonsekvensar ved bruk av desse
Ferdigheiter 

Studenten

  • kan reflektere over eit sikkert arbeidsmiljø og ut frå dette planleggje og setje i verk systematiske tiltak for å forhindre skade på menneske, materiell og miljø
  • kan gjere greie for val av HMS-tiltak knytte til kjemitekniske prosessar
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for aktuelle problemstillingar knytte til HMS
  • kan gjere greie for risikoanalyse og avviksregistrering og korleis dei skal behandlast
  • kan gjere greie for miljømessige forhold ved framstilling, bruk og avhending av kjemiske stoff og for den toksikologiske effekten kjemiske stoff har på levande organismar
  • kan gjere greie for faremomenta ved å ha prosessutstyr i eit eksplosjonsfarleg eller helsefarleg område
  • kan gjere greie for etiske og samfunnsmessige utfordringar i ei prosessbedrift
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bidra til eit godt og sikkert fysisk og psykisk arbeidsmiljø med fokus på aktivt vernearbeid
  • kan bidra til organisasjonsutvikling innanfor HMS og berekraft
  • kan planleggje og gjennomføre interne HMS-inspeksjonar, vernerundar og HMS-revisjonar, åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn frå miljøkjemi og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis for berekraft og ressursutnytting
  • kan gjere greie for dei miljømessige konsekvensane prosessindustri kan ha, og korleis ein kan unngå utslepp av farlege stoff
Tema
  • HMS
  • Berekraft og miljøkjemi

Generell kjemiprosess

EmneStudiepoeng
Generell kjemiprosess10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har generell kunnskap om prosesskjemiske og tekniske installasjonar i eit prosessanlegg
  • har kunnskap om varmetransport gjennom leiing, konveksjon og stråling
  • har generell kunnskap om strøyming og strøymingstypar
  • har generell kunnskap om materiale som blir nytta i generelle kjemiprosessar, og om deformasjon av materiale og varmebehandling
  • har generell kunnskap om korrosjon og korrosjonsvern
Ferdigheiter 

Studenten

  • kan gjere greie for varmeveksling og relevante berekningar av varmetransport og varmetap
  • kan gjere greie for relevante berekningar av væskestraum og pumper
  • kan gjere greie for val av pumper og ventilar i prosessindustrien med tanke på prosessapparat og materiale
  • kan gjere greie for val av ulike apparat som blir brukte i prosessindustrien
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff innanfor kjemiprosess og vurdere relevansen for ei fagleg problemstilling
  • kan gjere greie for val av metall, ikkje-metall, plast og komposittmateriale ut frå eigenskapar, bruksområde og gjenbruk
  • kan gjere greie for ulike typar korrosjon i ulike miljø
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og dokumentere arbeid på maskiner og prosessutstyr som blir nytta i ein kjemiprosess, åleine og som deltakar i ei gruppe
  • kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor kjemiprosess
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn frå kjemiprosess og delta i diskusjonar
  • kan gjere greie for dei mest aktuelle materiala som blir brukte i prosessindustrien, og eigenskapane deira
  • har kunnskap om dei vanlegaste formene for korrosjon, slitasje og skade som kan oppstå på dei forskjellige materiala i bruk
Tema
  • Anvendt prosessteknikk
  • Materiallære

5.3 Fordjupingsemne

Prosjekt- og kvalitetsleiing

EmneStudiepoeng
Prosjekt- og kvalitetsleiing 10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande prosjekt- og kvalitetsleiing
  • har kunnskap om styringsverktøy for igangsetjing, planlegging og gjennomføring av prosjekt
  • har kunnskap om kvalitetsomgrep
  • har kunnskap om utarbeiding, bruk og vedlikehald av IK- og KS-system i samsvar med lover, forskrifter og standardar
  • kan vurdere sitt eige og andres prosjekt- og kvalitetsarbeid i lys av gjeldande normer og krav
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor prosjekt- og kvalitetsleiing
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for aktivitetar som kontrollerer og sikrar kvalitet
  • kan gjere greie for styringa av eit prosjekt med omsyn til tid, kostnad og kvalitet
  • kan gjere greie for dei faglege vala sine
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for aktuelle problemstillingar knytte til prosjekt- og kvalitetsleiing
  • kan reflektere over si eiga fagutøving og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre eit prosjekt og utarbeide relevant dokumentasjon
  • kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar om korleis leiing kan utøvast
  • kan bidra til organisasjonsutvikling innanfor prosjekt- og kvalitetsarbeid
Tema
  • Prosjektstyring
  • Kvalitetsstyring og internkontroll

Kjemiteknisk prosess

EmneStudiepoeng
Kjemiteknisk prosess20
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har generell kunnskap om berekning og dimensjonering av forskjellig prosessteknisk utstyr og om oppbygnad og funksjon, med utgangspunkt i relevante og praktiske situasjonar
  • har kunnskap om separasjonsmetodar for væske, gass og fast stoff
  • har kunnskap om entalpi- og entropidiagram for dampframstilling og damputnytting og om trykkentalpidiagram for berekning av effekt i kjøleanlegg og varmepumper
  • har generell kunnskap om vedlikehaldsteori, metodar, filosofi og omgrep og om nødvendige berekningar innanfor vedlikehald
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av prosessteknisk utstyr ut frå oppbygnad, verkemåte og bruksområde
  • kan gjere greie for val av termisk og mekanisk separasjonsutstyr for gassar, væsker og fast stoff med tanke på funksjon og verkemåte
  • kan gjere greie for val av nødvendige prosesskjemiske og prosesstekniske installasjonar ut frå berekningar og dimensjonering
  • kan reflektere over val av metodar, omgrep og resultat av statistiske berekningar innanfor vedlikehald
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff om kjemiteknisk prosess og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
  • kan reflektere over resultata av reservedelsanalysar og berekna reservedelsberedskap
Generell kompetanse

Studenten

  • kan vurdere val og bruk av kjemiteknisk utstyr og utføre berekningar som har med dette å gjere
  • kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor kjemiteknisk prosess og på tvers av fag og med eksterne målgrupper
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn frå kjemiteknisk prosess og delta i diskusjonar om utvikling
  • kan vere med på å utarbeide planar for gjennomføring av vedlikehaldsarbeid som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan planleggje inspeksjon for å oppdage skadar, feil og driftsforstyrringar i enkeltkomponentar, åleine og som deltakar i ei gruppe
  • kan utføre arbeidet sitt etter ønska til kunden og krava frå myndigheitene
Tema
  • Kjemiteknikk
  • Vedlikehald

Teknisk systemforståing

EmneStudiepoeng
Teknisk systemforståing15
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har generell kunnskap om flytskjema, teiknereglar og symbol som blir nytta i eit prosessanlegg
  • har kunnskap om aktuelle målestorleikar som mengd, trykk, temperatur og nivå
  • har kunnskap om ulike målings-, styrings- og reguleringsprinsipp som er aktuelle i dei forskjellige prosessane
  • har kunnskap om DAK i samanheng med planlegging, dokumentering og simulering
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av verktøy og metodar for planlegging, oppfølging og styring av eit prosessanlegg
  • kan gjere greie for korleis ein nyttar dei ulike målings-, styrings- og reguleringsprinsippa som er aktuelle, for å oppnå best mogleg prosess under drift
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff om teknisk systemforståing i eit prosessanlegg og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
  • kan kartleggje måle- eller styretekniske system og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak for å optimalisere og sikre eit prosessanlegg
  • kan gjere greie for val av skjema og dokument som er nødvendige for å drive eit prosessanlegg
  • kan gjere greie for bruk av DAK til å planleggje, dokumentere og simulere eit prosessanlegg
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og drifte eit prosessanlegg på ein miljøvennleg,økonomisk og sikker måte som leiar eller deltakar i ei gruppe, ved hjelp av måling, styremetode og reguleringsteknikk
  • kan utføre arbeidet sitt etter ønska til kundane og krava frå myndigheitene
  • kan utveksle synspunkt med fagfellar og delta i diskusjonar om utvikling
  • kan nytte flytskjema for arbeid og utvikling i eit prosessanlegg
Tema
  • Målings-, styrings- og reguleringsteknikk
  • Prosesslære ved DAK

Prosessteknologiske metodar

EmneStudiepoeng
Prosessteknologiske metodar5
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om forskjellig laboratorieutstyr i prosessindustrien
  • har kunnskap om analyseinstrument og metodar
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for prinsipp som gjeld forutstyr som er nytta
  • kan gjere prosessteknisk laboratoriearbeid og utføre analysar med ulike analyseinstrument
  • kan dokumentere og framstille resultat ved rapportskriving
  • kan gjere greie for faremoment ved behandling av kjemiske stoff og bruk av prosessteknisk laboratorieutstyr
  • kan observere data og moglege feilkjelder og vurdere og justere innstillingar på laboratorieutstyr
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre eit praktisk forsøk
  • kan vurdere resultat, feilkjelder og sporbarheit i ein kjemisk analyse
  • kan forklare formålet med å kalibrere analyseinstrument
  • kan sjå samanhengar mellom teori og utført prosessteknisk laboratoriearbeid
  • kan skrive ein laboratorierapport slik at dataa er reproduserbare
Tema
  • Praktisk laboratoriearbeid

Hovudprosjekt

EmneStudiepoeng
Hovudprosjekt10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om korleis ein skriv ein prosjektrapport
  • har særskild kunnskap om eit sjølvvalt tema med ei problemstilling innanfor fordjupinga
  • har kunnskap om korleis ein innhentar informasjon om temaet for eit hovudprosjekt
  • har kunnskap om samanhengen mellom teori og praksis
  • kan vurdere sitt eige prosjekt i lys av gjeldande normer og krav
  • kjenner til bransjen/yrka som er knytte til temaet i hovudprosjektet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av tema for hovudprosjektet
  • kan identifisere, kartleggje og vurdere ei fagleg problemstilling
  • kan delta i teamarbeid og planleggje, kommunisere om og presentere prosjektarbeid og resultat
  • kan skrive ein rapport om eit prosjekt
  • kan drøfte samanhengen mellom teori og praksis
  • kan reflektere over sitt eige prosjekt og justere dette under fagleg rettleiing
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff for å vurdere om ei problemstilling er relevant i eit prosjekt
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid, åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med formelle og etiske krav og retningslinjer
  • har utvikla eit medvit rundt prosjektarbeid og kan fordjupe seg i temaet som dannar grunnlaget for prosjektet, og tenkje kreativt og nyskapande
  • kan utføre eit prosjektarbeid i tråd med behova til bedrifta eller arbeidsgivaren
  • kan utveksle synspunkt med andre i gruppa eller bedrifta og delta i diskusjonar om utviklinga av eit prosjekt