Hopp til hovedinnhold

IT-sikkerheit

Nasjonale planar

6. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

6.1 Reiskapsemne

Realfagleg reiskap

EmneTema
Realfagleg reiskap 10 studiepoeng Blir tilordna av den enkelte tilbydaren
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om realfag som reiskap innanfor fagområdet sitt
  • har kunnskap om realfaglege omgrep, teoriar, analysar, strategiar, prosessar og verktøy som blir nytta
  • kan utføre berekningar, overslag og problemløysing med relevans for dimensjonering og andre problemstillingar innanfor studieretninga
  • kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med matematiske og fysiske lover
  • kan utvide kunnskapen sin og har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor realfag
  • kjenner til matematikkens og fysikkens eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av reknemetoden som blir brukt til å løyse faglege problem
  • kan gjere greie for val av digitale verktøy som blir brukte til problemløysing innanfor realfaglege tema
  • kan nytte digitale hjelpemiddel til å løyse likningar og andre matematiske oppgåver
  • kan vurdere resultat av berekningar og reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne og vise til relevant informasjon og fagstoff i formelsamlingar, tabellar og fagbøker
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere realfaglege problemstillingar
  • har kjennskap til og kan nytte grunnleggjande fysiske lover og fysikkens metodikk
  • kan tolke og bruke modellar som blir nytta innanfor matematikk og fysikk
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe ved å nytte realfag i tråd med etiske krav, retningslinjer og målgruppa sine behova
  • har innsikt i kva føresetnader og forenklingar hen har gjort i berekningane sine
  • har innsikt i rekkjevidda og avgrensingane til metodane som blir brukte
  • kan utveksle synspunkt og samarbeide med fagfellar om fagspesifikke problemstillingar med realfag som tverrfagleg fundament, og dermed bidra til organisasjonsutvikling

Kommunikasjon

EmneTema
Kommunikasjon 10 studiepoeng Blir tilordna av den enkelte tilbydaren
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande kommunikasjonsteori
  • kjenner til kva kulturell identitet har å seie for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
  • har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
  • har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
  • har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
  • kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldetilvising, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
  • har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og produksjon
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling, og korleis ein kan svare på henne
Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
  • kan bruke relevante omgrep for å analysere sin eigen og andres tekst
  • kan reflektere over og revidere tekstar
  • kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
  • kan byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
  • kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke han kritisk, formålstenleg og etterretteleg
  • kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
  • kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjonen, målet og mottakaren
  • kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i ein profesjonell samanheng
  • kan uttrykkje seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
  • kan planleggje, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
  • kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
  • kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetjing
  • meistrar relevante kommunikasjonsverktøy
  • kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
  • kan samarbeide om tekstproduksjon

Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

EmneTema
LØM 10 studiepoeng Økonomistyring Organisasjon og leiing Marknadsføringsleiing
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale omgrep innanfor økonomi, organisasjon og marknadsføring knytte til føretaksleiing
  • har kunnskap om lønnskostnader
  • har kunnskap om mål, tiltak og handlingsplanar
  • kjenner til aktuelle lover og avtalar innanfor emnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan kartleggje eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalysar
  • kan gjere greie for den økonomiske statusen i bedrifta ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke dei i analysar og kalkylar
  • kan vurdere betalingsevna og kapitalbehovet til bedrifta
  • kan planleggje økonomiske milepælar ved å utarbeide budsjett og gjere greie for økonomisk måloppnåing ved å vurdere eventuelle avvik
  • kan gjennomføre ein investeringsanalyse og reflektere over lønnsemda i ei mogleg framtidig investering
  • kan bruke rekneark i arbeidet med rekneskap, budsjett, analysar og kalkylar
  • kan gjere ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
  • kan vurdere organisasjonsstrukturen og kulturen og arbeidsmiljøet for å vidareutvikle verksemda
  • kan kommunisere med, leie og motivere personalet på måtar som fremjar effektivitet og trivsel
  • kan identifisere, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
  • kan planleggje og gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, frå behovsanalyse til introduksjon
  • kan gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kunden si kjøpsåtferd i desse
  • kan vurdere val av marknadskommunikasjonstiltak i aktuelle medium og tilpasse bodskap til utvalde målgrupper i dei aktuelle media
  • kan vurdere kva produkt bedrifta bør satse på, i kva marknader satsinga bør skje, og kva distribusjonskanalar ein bør nytte
  • kan vurdere val av verksemds- og marknadsstrategi
Generell kompetanse

Studenten

  • kan innanfor gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt
  • kan etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremjar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
  • har digital kompetanse til å søkje kunnskap og informasjon og kan tolke og bruke informasjonen i det vidare arbeidet
  • kan kommunisere internt og eksternt og nytte digitale verktøy til dette
  • kan utarbeide relevante faglege dokument som til dømes pristilbod, tiltaks-/handlingsplanar, arbeidsavtalar, møteinnkallingar med saksframlegg, forretningsplanar og marknadsplanar
  • kan reflektere over samfunnsutviklinga og relatere utviklinga til bedrifta sin situasjon

6.2 Grunnlagsemne: felles-IT

Ein praktisk eller laborientert fellesmodul for alle IT-faga som skal sikre ei felles kompetanseplattform blant studentane for vidare modular, og som skal gjere studentane i stand til å kommunisere teknisk med fagfellar og andre eksterne fagpersonar.

Emne 4: Utvikling
EmneStudiepoeng
Utvikling10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om omgrep, prosessar, verktøy og ulike konstruksjonar som blir nytta innanfor programmering
  • har kunnskap om fil- og datastrukturar, referansar og normalisering av databasar som blir nytta innanfor IT
  • har kunnskap om prosessar, verktøy og arbeidsflyt som blir nytta i utviklingsarbeid og applikasjonslivssyklus
  • har innsikt i lisensiering og relevant regelverk innanfor IT-utviklingsarbeid
  • har innsikt i prinsipp for god programmeringsskikk
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor programmering, databasar og webutvikling
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap på problemstillingar innanfor IT-utvikling
  • kan nytte relevante verktøy, teknikkar og uttrykksformer for fungerande løysingar
  • kan nytte relevante verktøy og teknikkar for kjeldekontrollsystem
  • kan finne informasjon om programmering, databasar og webutvikling for å optimalisere eigne løysingar
  • kan kartleggje ei løysing og identifisere sårbarheiter og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • har ei etisk grunnhaldning til det å utvikle løysingar
  • kan utføre programmeringsarbeid med fokus på fungerande løysingar
  • kan byggje relasjonar med fagfellar og på tvers av fagretningar innanfor programmering og IT-sikkerheit for god utviklingspraksis
Tema
  • Programmering
  • Databasas
  • Webutvikling

Emne 5: Infrastruktur

EmneStudiepoeng
Infrastruktur10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om maskinvarekomponentar, prosessar og verktøy som blir nytta innanfor oppsett og vedlikehald av IT-infrastruktur
  • har kunnskap om OSI-modellen, viktige nettverksprotokollar og topologiar som blir nytta for kommunikasjon mellom IT-komponentar
  • har kunnskap om prosessar og verktøy for automatisering med skript og utvikling av effektive løysingar
  • har innsikt i arkitekturprinsipp for sky-, on-premises- og hybridløysingar
  • har kunnskap om IT-bransjen og kjenner til ulike drifts- og leveransemodellar
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om systemovervaking for funksjonelt oppsett av løysingar
  • kan nytte fagleg kunnskap om konfigurasjonsstyring med kode for effektiv konfigurasjon av IT-infrastruktur
  • kan nytte relevante verktøy og teknikkar for skripting og automatisering av oppgåver
  • kan nytte relevante verktøy og teknikkar for å administrere brukareiningar
  • kan finne informasjon om sikkerheitsinfrastruktur og kodeoptimalisering
  • kan kartleggje IT-infrastruktur, identifisere moglege problemstillingar og dokumentere behovet for utbetring
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for bransjeetiske prinsipp i arbeidet med infrastruktur for ei bedrift
  • kan setje opp IT-infrastruktur etter spesifikasjonane og behovet til utvalde kundar
  • kan planleggje infrastruktur til små bedrifter
  • kan byggje relasjonar med fagfellar og eksterne aktørar for god praksis innanfor infrastruktur
  • kan utvikle arbeidsmetodar for å oppgradere og halde ved like løysingar
Tema
  • Nettverk
  • Maskinvare, dataelektronikk og feilsøking
  • Server og klient
  • Virtualisering og skyteknologi

Emne 6: Rammeverk, metode og sikkerheit

EmneStudiepoeng
Rammeverk, metode og sikkerheit10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale rammeverk og arbeidsformer som blir nytta innanfor arkitektur, drift, prosjektleiing, smidig utvikling og tenesteutvikling
  • har innsikt i retningslinjer og standardar for IT-sikkerheit
  • har bransjekunnskap og kjennskap til trendar og endringar innanfor IT
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om IT-arkitektur og sikkerheitspolicy
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte relevante verktøy, ressursar og teknikkar for oppsett, bruk og etterleving av sikkerheitspolicy
  • kan nytte faglege prosessar og verktøy for dokumentasjon og rutinar
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for prosjektgjennomføring
  • kan finne informasjon om trendar og ny teknologi på fagområdet
  • kan kartleggje eit prosjekt, identifisere faglege problemstillingar og setje i verk forbetringstiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • har utvikla ei etisk grunnhaldning til samarbeid, ressursbruk og gjennomføring av IT-prosjekt
  • kan utføre IT-prosjekt etter spesifikasjonar og delta aktivt i gjennomføringa
  • kan byggje relasjonar med fagfellar, på tvers av fag og med eksterne aktørar for å utvikle god praksis
Tema
  • Arkitektur
  • Rammeverk
  • Sikkerheit
  • Prosjektgjennomføring
  • Dokumentasjon
  • Bransjekunnskap

6.3 Fordjupingsemne: IT-sikkerheit 1

Modulen skal gi ei innføring i praktisk IT-sikkerheit og vedlikehaldsoppgåver som bidreg til å gjere systema meir stabile og sikre. Han skal gjere studenten i stand til å avdekkje sårbarheiter i enkeltsystem, utføre enkle sikringstiltak for å herde systema og teste at tiltaka har effekt. Modulen skal òg gi ei grunnleggjande innføring i metodikk for etterforsking og oppfølging av sikkerheitshendingar og forståing av trusselbiletet som samfunnet står overfor.

Emne 7: Sårbarheitsanalyse og sikring

Studentane skal kunne identifisere og utnytte sårbarheiter i systema og avdekkje potensielle konsekvensar. Dei skal kunne oppdage at uønskte hendingar skjer eller har skjedd, og herde/sikre systema mot sårbarheiter gjennom både enkelttiltak og kontinuerleg vedlikehald. Dei skal òg kjenne til prinsipp som Zero Trust og korleis det kan implementerast i praksis.

EmneStudiepoeng
Sårbarheitsanalyse og sikring10
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
  • har kunnskap om omgrep, prosessar, system og verktøy som blir nytta til penetrasjonstesting og herding av IT-system
  • har kunnskap om teoriar, rammeverk og sikkerheitsmodellar som blir nytta av IT-organisasjonar
  • har kunnskap om sårbarheitsanalysar som blir brukte til å oppdage og endre truslar mot system og personvern
  • kan vurdere sitt eige arbeid og sine eigne rutinar med omsyn til gjeldande sikkerheitskrav i IT-system
  • har innsikt i bransjen og i sine eigne høve til utvikling innanfor IT-sikkerheit
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av verktøy, metode og teknikk for sårbarheitsanalyse
  • kan reflektere over sine eigne analysar av IT-løysingar og gjere greie for samanhengar mellom komponentar
  • kan reflektere over eigen identifikasjon av potensielle truslar og sårbarheiter i eit IT-system og justere behovet for tiltak etter rettleiing
  • kan finne og vise til informasjon om sikring av og utnytting av sårbarheiter i IT-system og ‑einingar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje, vurdere og gjennomføre tiltak for systemherding
  • kan planleggje og gjennomføre sårbarheitsanalysar av system og løysingar åleine eller som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan utveksle synspunkt og kommunisere med fagpersonell på tvers av fagfelt og diskutere moglege løysingar og god praksis
  • kan bidra med nye løysingar og effektiv arbeidsflyt for å sikre og herde IT-system
Tema
  • Sårbarheitsanalyse
  • Deteksjon
  • Herding

Emne 8: Førebyggjande sikkerheitsarbeid

Studentane skal kunne analysere om bedrifta jobbar i samsvar med ulike standardar for informasjonssikkerheit. Dei skal kunne vurdere risikoen for ulike sikkerheitshendingar og vurdere/gjennomføre tiltak for å redusere risikoen. Dei skal òg utarbeide policyar, dokumentasjon og prosessbeskrivingar innanfor førebyggjande sikkerheitsarbeid og kjenne til viktige prosessforbetringstiltak for å redusere risiko og konsekvensar ved sikkerheitshendingar (til dømes godkjenningsrutinar ved fakturering/hastefakturering)

EmneStudiepoeng
Førebyggjande sikkerheitsarbeid10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om prosessar og verktøy som blir nytta for å vurdere risikoen for sikkerheitshendingar
  • har kunnskap om prosessar og verktøy for å utarbeide policyar, prosessbeskrivingar og annan dokumentasjon som blir nytta i førebyggjande sikkerheitsarbeid
  • kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande standardar og rammeverk
  • kjenner til IT-bransjens historie og eigenart og trendar og utvikling innanfor IT-sikkerheit
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for vala sine og for innhaldet i policyar og prosessbeskrivingar for risikovurdering av løysingar
  • kan reflektere over sine eigne risikovurderingar av sikkerheitshendingar, setje i verk tiltak og justere desse etter rettleiing
  • kan finne og vise til informasjon om standardar, rammeverk og god praksis for dokumentering av sikkerheitshendingar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre kommunikasjon om og dokumentasjon av førebyggjande sikkerheitsarbeid
  • kan utveksle synspunkt med fagfellar og eksterne aktørar og diskutere god sikkerheitspraksis og trendar
  • kan bidra med tydeleg kommunikasjon og rett dokumentasjon i ein IT-organisasjon
Test
  • Prosessar
  • Samsvar
  • Risikovurdering

Emne 9: Sikkerheitshendingar

Emnet skal gi studentane grunnleggjande kompetanse i å følgje opp sikkerheitshendingar. Dei skal kunne utføre deteksjon, etterforsking, sporsikring, konsekvensavgrensande tiltak og opprydding og handtere dialog med ulike responsteam, politi og andre myndigheiter (NSM). Studentane skal kunne bruke sentrale verktøy i dette arbeidet.

EmneStudiepoeng
Sikkerheitshendingar10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om omgrep, modellar, prosessar og verktøy som blir nytta innanfor digital etterforsking
  • har kunnskap om prosessar og verktøy for sporsikring og dokumentasjon som blir nytta i oppfølging av sikkerheitsarbeid
  • kan vurdere sitt eige arbeid med sikkerheitshendingar med omsyn til gjeldande normer og prosjektspesifikasjon
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor IT-sikkerheit
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av verktøy, teknikk og metode for å avdekkje sårbarheiter i IT-system
  • kan gjere greie for val av verktøy, teknikk og prosess for å sikre IT-system og ‑einingar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan samanstille og visualisere data frå ulike kjelder
  • kan dokumentere sitt eige arbeid med å følgje opp sikkerheitshendingar
  • kan gjennomføre oppsett og konfigurasjon av verktøy for innsamling og analyse av loggar frå ulike IT-system
Tema
  • Sikkerheitshendingar
  • Sikkerheitsanalyse
  • Digital etterforskning

6.4 Valfrie fordjupingsemne

6.5 Fordjupingsemne: IT-sikkerheit 2

Emnet skal gi studenten praktisk kompetanse i IT-sikkerheit. Hen skal bli i stand til å gjennomføre etisk hacking, foreslå enkle sikringstiltak og teste at tiltaka har effekt. Studenten skal òg kunne oppdage sikkerheitsbrot og gjennomføre sporsikring og etterforsking.

Emne 10.1: Etisk hacking

Emnet skal gi studenten teknikkar og metodar til å gjennomføre penetrasjonstesting for å avdekkje svakheiter i samansette system. Studenten skal få kompetanse til å utføre sikringstiltak for å herde systema og bli i stand til å etterforske og følgje opp sikkerheitshendingar.

EmneStudiepoeng
Etisk hacking10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om omgrep, teoriar, prosessar, system og verktøy som blir nytta innanfor etisk hacking
  • har kunnskap om relevante teoriar og sikkerheitsmodellar som blir nytta av IT-organisasjonar
  • kan vurdere sitt eige arbeid med penetrasjonstesting
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling og kunnskapsheving innanfor etisk hacking og forstår kor viktig eiga rolle er i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av verktøy, teknikk og metode for penetrasjonstesting
  • kan finne og vise til informasjon og vurdere relevansen for truslar på system
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre penetrasjonstesting av IT-system i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan planleggje, leie og gjennomføre arbeid med informasjonssikkerheit åleine eller som deltakar i ei gruppe og i tråd med dei etiske krava og retningslinjene som til kvar tid gjeld i IT-bransjen
  • kan utveksle synspunkt med andre som har bakgrunn frå informasjonssikkerheit i IT-bransjen, og kan delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kan utveksle kunnskap og erfaring med andre som har bakgrunn frå ekom, og kan delta i diskusjonar om utvikling av nye løysingar, effektivt vedlikehald og god praksis
Tema
  • Blir tilordna av den enkelte tilbydaren

Emne 11.1: Digital sporsikring og etterforsking

Emnet skal gi studenten kompetanse til å avdekkje at det har skjedd ei sikkerheitshending. Det skal òg gi kompetanse i å finne og sikre digitale spor og etterforske sikkerheitshendingar.

EmneStudiepoeng
Digital sporing og etterforskning10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om omgrep, teoriar, prosessar, system og verktøy som blir nytta innanfor digital sporsikring og etterforsking
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling og kunnskapsheving innanfor IT-sikkerheit og forstår kor viktig eigen bransje er i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
  • kan reflektere over si eiga faglege utføring av sporsikring og etterforsking av sikkerheitshendingar og justere denne basert på tilbakemeldingar
  • kan finne og vise til informasjon om sporsikring og etterforsking
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre sporsikring og etterforsking åleine eller som deltakar i ei gruppe
  • kan utveksle synspunkt og delta i diskusjonar med yrkesaktive innanfor IT-bransjen om utvikling av smarte løysingar og god praksis
Tema
  • Digital sporsikring
  • Etterforskning

Emne 12.1: Hovudprosjekt (10 studiepoeng)

Studenten skal fordjupe seg i anten etisk hacking eller digital sporsikring og etterforsking og utforske det valde emnet gjennom ei praktisk prosjektoppgåve. Oppgåva kan gjerne gjerast i samarbeid med næringslivet.

6.6 Fordjupingsemne: prosjektleiing og arkitektur

Modulen skal gi studenten innføring i prosjektleiing og arkitekturutvikling, både etter smidig og tradisjonell metodikk. Studenten skal òg få forståing for relevant regelverk og endringsarbeid i organisasjonar. Målet er at studenten skal kunne fungere som delprosjektleiar og prosjektleiar i mindre prosjekt, og at hen skal kunne kommunisere med IT-arkitektar både i og utanfor prosjekt.

Emne 10.2: Prosjektleiing

Emnet skal gi ei innføring i metodikk og arbeidsformer innanfor smidige og tradisjonelle prosjekt og ei forståing av prosjekt i samanheng med verksemda elles.

EmneStudiepoeng
Prosjektleiing10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om relevante teoriar, rammeverk og sikkerheitsmodellar som blir nytta i leiing av IT-prosjekt
  • har kunnskap om omgrep, prosessar, system og verktøy som blir nytta innanfor tradisjonell og smidig prosjektleiing
  • har kunnskap om program- og porteføljestyring
  • har kunnskap om endringsleiing
  • kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande regelverk og regulering av prosjekt og anskaffingar
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor prosjektleiing og forstår at dette er viktig for bransjen i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
  • har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor IT-prosjektleiing i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av smidige aktivitetar og leiing i prosjekt
  • kan gjere greie for val og utforming av relevant prosjektdokumentasjon og relevante rapportar
  • kan nytte relevante verktøy og teknikkar for å lage vedlegg til tenesteavtalar og kontrakta
  • kan reflektere over sin eigen kommunikasjon med prosjektdeltakarar og interessentar
  • kan finne og vise til informasjon og dokumentasjon og vurdere relevansen for gjennomføring av prosjekt
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og leie mindre prosjekt i tradisjonell og smidig kontekst åleine eller som deltakar i ei gruppe
  • kan planleggje og gjennomføre IT-system i tråd med etiske krav og retningslinjer for bransjen
  • kan utveksle synspunkt med fagfellar og yrkesaktive om effektive prosessar og delta i diskusjonar om god praksis
  • kan bidra til organisasjonsutvikling ved å rettleie andre i smidige metodar
Tema
  • Smidige metodar
  • Tradisjonell prosjektleiing

Emne 11.2: Arkitektur

Emnet gir ei innføring i IT-arkitektur frå ulike perspektiv og skal gi studenten ei forståing av kvifor arkitektur er viktig, korleis ein lagar ulike former for arkitektur, og kva rolle arkitektur har i verksemda og i ulike prosjekt. Formålet er å gi studenten et godt grunnlag for å kommunisere med IT-arkitektar.

EmneStudiepoeng
Arkitektur10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om relevante teoriar, rammeverk og sikkerheitsmodellar som blir nytta innanfor IT-arkitektur
  • har kunnskap om omgrep, prosessar, modelleringsspråk og verktøy som blir nytta innanfor IT-arkitektur
  • kan vurdere sitt eige arbeid med system-, løysings- og verksemdsarkitektur med omsyn til gjeldande krav og spesifikasjonar
  • har kunnskap om arkitekturforvalting
  • har kunnskap om relevante designprosessar og verktøy som blir nytta i system-, teneste- og produktutvikling
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om arkitektur og forstår at dette er viktig for bransjen i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
  • har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor IT-arkitektur i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for faglege val som er gjorde for å utvikle system, tenester og produkt
  • kan reflektere over si eiga arkitekturmodellering og sine eigne val av modelleringsspråk
  • kan reflektere over sine eigne utførte gap-analysar og beskrivingar av målbilete og nosituasjon
  • kan finne og vise til informasjon og vurdere relevansen for system, analysar, modellering og problemløysing
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre analysar og beskrive system, løysingar og verksemder med standardiserte metodar og modelleringsverktøy
  • kan gjennomføre og presentere tolking av arkitekturbeskrivingar som andre har laga
  • kan utveksle synspunkt med fagfellar og yrkesaktive og vere ein aktiv bidragsytar i diskusjonar om arkitekturutvikling
Tema
  • Systemarkitektur
  • Løysingsarkitektur
  • Verksemdsarkitektur
  • Tenesteutvikling
  • Modelleringsspråk

Emne 12.2: Hovudprosjekt (10 studiepoeng)

Studenten skal fordjupe seg i anten etisk hacking eller digital sporsikring og etterforsking og utforske det valde emnet gjennom ei praktisk prosjektoppgåve. Oppgåva kan gjerne gjerast i samarbeid med næringslivet.