Hopp til hovedinnhold

Prosessteknikk

Nasjonale planar

3. Overordna læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten 

  • har kunnskap om kjemiske og fysikalske prosessar som skjer ved produktframstilling, frå råvare til ferdig produkt
  • har kunnskap om prosessteknikkar som reinsing, analyse og transport på både det kjemiske og det tekniske området i eit prosessanlegg
  • har kunnskap om prosessar og prosesskjemiske maskiner som er nødvendige for at kjemiske reaksjonar skal finne stad
  • har kunnskap om instrument for å måle, styre og regulere driftsparametrar i eit kjemisk anlegg
  • har kunnskap om livsløpet til kjemiske produkt og kjenner til miljøkonsekvensane ved framstilling, bruk og avhending
  • har kunnskap om eksponeringsfaktorar i prosessindustrien og dei vanlegaste risikoreduserande tiltaka
  • har kunnskap om økonomistyring, organisasjon, leiing og marknadsføringsleiing
  • har kunnskap om nyskaping, etablering, leiing og drift av verksemder i prosessindustrien
  • veit korleis ein vurderer og sikrar at alle trinn i prosessen blir utførte i samsvar ned lover som gjeld for prosessindustrien og for helse, miljø og sikkerheit (HMS), med tilhøyrande forskrifter, og nasjonale og internasjonale standardar i prosessindustrien
  • har kunnskap om prosessindustrien og kjennskap til yrkesfeltet og til samarbeid med andre yrkesfelt som petroleums- og næringsmiddelindustrien
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om prosessindustrien
  • kjenner til prosessindustriens historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor prosessindustrien
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan, på grunnlag av teoriar, berekningar og utstyrsforståing, gjere greie for dei faglege vala sine når prosessystem skal setjast i drift
  • kan bidra til nyskaping, etablering, leiing og drift av verksemder i prosessindustrien
  • kan reflektere over prosessen som heilskap og justere den faglege utøvinga under rettleiing
  • kan vurdere bedrifta sin økonomiske situasjon og marknads- og leiingsutfordringar og gjere fornuftige og grunngitte val
  • kan finne og vise til prosessteknisk informasjon og vurdere relevansen for ei prosessfagleg problemstilling
  • kan kartleggje prosesskjemiske og prosessindustrielle situasjonar og identifisere problemstillingar knytte til parametrar i prosessen ved å utarbeide og følgje opp system for kvalitetssikring (KS) og helse, miljø og sikkerheit (HMS), og kan setje i verk tiltak ved behov
  • kan utnytte innsamla data frå prosessar gjennom tolking, analyse og presentasjon
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan planleggje og gjennomføre kjemiske berekningar, analysar og prosesstekniske arbeidsoppgåver og prosjekt, åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan utføre arbeidet sitt på ein teknisk, sikkerheitsmessig og økonomisk forsvarleg måte etter behova til kundane og samfunnet
  • kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor prosessfaget, eksterne målgrupper i petroleums- og næringsmiddelindustrien og verksemder med kjemisk og prosessteknisk kompetanse
  • kan utveksle synspunkt med andre som har praktisk og teoretisk bakgrunn frå prosessbransjen, og delta i diskusjonar om utvikling