Hopp til hovedinnhold

VVS- og klimateknikk

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Utdanninga VVS- og klimateknikk handlar i hovudsak om installasjonar innomhus. Tema som tek for seg sprinklaranlegg og utandørs vass- og avløpssystem (VA), blir rekna som orienteringstema.

VVS-bransjen er både stor og viktig. Det er stort behov for VVS-kompetanse innanfor prosjektering, utføring og drift og vedlikehald av nye og eksisterande bygg. Mange begynner i stillingar innanfor leverandørsektoren og i kommunal sektor.

Fagskulen er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på relevant kompetanse, anten realkompetanse eller fag-/sveinebrev.

Mange nyutdanna fagskuleingeniørar går rett inn i leiar- eller ingeniørstillingar i det private næringslivet og i det offentlege.

Fagretninga for VVS- og klimateknikk har tette band til relaterte bransjar som anlegg, bygg, elkraft og automatisering. Samhandling mellom desse fagretningane skjer kvar dag på byggje- og anleggsplassar. Derfor er det viktig at studiet legg til rette for samhandling mellom dei relaterte utdanningane.

VVS- og klimatekniske installasjonar i bygg blir stadig større og meir komplekse, og både vanskegrad og HMS-relaterte forhold gjer at konsekvensane ved feil utføring blir store. Dersom installasjonane ikkje fungerer eller blir feil utførte, kan det få store samfunnsmessige og personlege konsekvensar med omsyn til brannsikkerheit, hygiene, smitte, sjukdom, liv og helse, forureining, miljøskadar og ikkje minst økonomi.

Med aukande grad av digitalisering og samspel mellom tekniske installasjonar med tanke på brannsikkerheit, styring, overvaking, drift og vedlikehald erfarer vi at tekniske installasjonar i komplekse bygg (som sjukehus og industri) ofte utgjer over 50 % av dei totale byggjekostnadene.

Denne planen erstattar FTB03 Klima, energi og miljø (KEM).