VVS- og klimateknikk
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om installasjonar innanfor ventilasjon og inneklima, vatn og avløp, varme- og kjølesystem og ulike former for brannsløkking
- har kunnskap om relevante metodar for energiberekning
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande forskrifter og standardar innanfor byggjesak og byggtekniske forhold
- har kunnskap om bransjar innanfor VVS- og klimateknikk og har kjennskap til dei ulike fagfelta i bransjane
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor VVS- og klimateknikk
- kjenner historia til bransjar innanfor VVS- og klimateknikk og har kunnskap om eigenarten deira og plassen deira i samfunnet
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor VVS- og klimateknikkbransjar
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan nytte BIM
- kan gjere greie for val av berekningsmetode for å gjennomføre energi- og klimasimuleringar
- kan gjere greie for val av arbeidsmetodar og tekniske løysingar for å utføre oppgåver på ein forsvarleg måte
- kan finne og vise til gjeldande dokumentasjon og vurdere relevansen for å kvalitetssikre og dokumentere VVS- og klimatekniske installasjonar
- kan kartleggje situasjonar i eit prosjekt og identifisere tverrfaglege problemstillingar og eventuelle behov for å utbetre VVS- og klimatekniske installasjonar
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver med å prosjektere, planleggje, gjennomføre og leie installasjon og igangkøyring og kan dokumentere energi- og klimavennlege installasjonar i bygg åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utforme dokument for den aktuelle tiltaksklassen til offentlege myndigheiter ved prosjektering av VVS- og klimatekniske installasjonar
- kan bidra til organisasjonsutvikling innanfor dei marknadsmessige og organisatoriske moglegheitene i VVS- og klimabransjen
- kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester som er relevante for VVS- og klimabransjen
- kan utveksle synspunkt med andre som har bakgrunn frå byggjebransjen, og kan delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp og kan dermed utvikle eit godt og trygt arbeidsmiljø
- kan byggje relasjonar med fagfellar, på tvers av fag og med eksterne målgrupper i byggjebransjen